søndag 25. oktober 2015

Angst for stormar og orkan

Det går mot slutten av oktober, og det er haust. For min del kan hausten skildrast med nokre få ord:
Hauststormar, orkan, regn, kulde, mørketid... og angst.

Hausten er for mange ei kosetid med tjukke genserar, gode tøfler, pledd, raudvin (eller kakao?) og stearinlys, og gjerne med fyr i peisen. Og ja, det er koseleg! Slikt likar eg også! Fine fargar er det også ute i naturen, og det er kjempegodt med klar haustluft.

Men for slike som meg dreier haust og vinter seg også om angst. Angst for uvêr rett og slett.

Folk blir generelt litt haustdeperimerte, og eg er heller intet unntak der. Så ja, eg blir meir nedstemt til sinns. Eg føler at mørket trykker meg ned, legg seg som ei tjukk tåke rundt hovudet og tettar lufta rundt meg. Alt er så mykje verre med å gå ut av huset. Det er kaldt, det er mørkt, og det er dårleg vêr (som regel). Alt av blomar visnar og dør, blada dett frå trea og alt blir nakent og trist. Ein kan jo sjå det slik at naturen gjer seg klar for ein ny vår, der alt lysnar og spirar. Så det må jo til.

Men i tillegg til haustdeperasjon, gjer angst det ekstra ille for min del.
Etter å ha opplevd orkanar på nært hald, der ekstremt store tre velta og knakk som fyrstikker rundt huset og small i bakken så huset rista, så har det sett preg på psyka mi. Ja, eg har orkan- og stormangst! Det er faktisk ein reell angst-type. Lilapsofobi heiter det. Har ikkje fått noko diagnose for det akkurat, men ein treng no ikkje det for å kjenne det på det.

Så når sommaren er på hell, og sola kryp nærare og nærare nedover mot fjellet, så kjenner eg det på kroppen. Det knyt seg meir og meir.
Det å sitje inne i stova, og høyre stormen ta tak i huset så det knirkar, at den bles så kraftig på stovevindauget at det bular innover og klirrar inn i pynten som står der, og du høyrer det grusomme brølet som kjem i bølger og tek tak, igjen og igjen... DET er noko av det verste. Og på toppen av det heile så er det gjerne natt når det står på som verst. Då ser ein ikkje noko når ein prøver følge med ute. Det kan nok virke verre enn det er når ein sitt inne og høyrer det som skjer ute men ikkje ser det. Men eg VEIT kva som kan skje, for det har skjedd før.

Eg minnast orkanen Dagmar, då eg låg på badegolvet i eit straumlaust hus, med berre "av og til- internettdekning". Følte det var det tryggaste rommet. Telefonane virka ikkje. Der låg eg og skalv, hjelpelaus, og høyrte og kjente dunka av dei store trea ute som velta. På natta roa det seg til storm og vi gjekk ut for å sjå om husa på garden stod. Der ser vi ein bil langt oppe i eit berg av eit rotvelt beståande av 3 stk svære grantre! For eit syn! Samt fleire andre tre som hadde velta.

Dette biletet gjekk verda rundt faktisk etter den orkanen.

Dette er gamlehuset...

Det verste er at vi har spesielt 1 stort tre rett utanfor stoveveggen som eg har spesielt angst for. Men der er også andre tre som er farlege for huset i visse retningar på vinden. Det er litt vanskeleg; skal ein sage dei ned, eller la dei stå? Dei beskyttar jo huset for vinden, men samtidig så er dei ein trussel.
Men vi hadde flaks då, for ingen hus vart skadd den gongen!

Vakkert tre, så det er trist å ta det vekk også...

Eg har fått laga meg eit hobbyrom i kjellaren, og der står det også ei seng. Dit går eg om det blir for ille. Hausten i fjor var prega av mange store stormar, så eg låg der nede nokre netter. Det hjelp litt på. Det blir heretter kalla både hobbyrom og tilfluktsrom. Hehe!
Det er noko med at huset er vårt eige, og dersom det skjer noko så blir det så mykje styr rundt det. Det er forsikra, så slik sett går det nok "fint". Men i kampens hete når ting kunne skjedd, så tenker eg på panikken, kaoset, alle tinga våre som flyg til skogs og blir øydelagte. Ligg vi på soverommet oppe så blir vi drept dersom eit av trea dett på huset. Det verste er at det er ikkje akkurat det eg tenker mest på. Så lenge vi ikkje legg oss der, så blir vi ikkje drept. Men det er berre som sagt alle tinga våre, alt kaoset og styret som det vil føre med seg.
I forrige veke kom årets første hauststorm. Eg var litt bekymra når eg og Rune plukka inn møblar og pynt fra altanen. Men eg hadde handla inn stearinlys, gjorde det litt koseleg i stova, og sette tv'en på med litt høgt volum. Heldigvis var denne "stormen" eigentleg berre ein laber bris i forhold til kva det brukar å vere. Så denne gongen gjekk det veldig bra. Sov på soverommet oppe gjorde eg også!

Tre i taket er ein reell ting. Og eg har opplevd å få eit tre omtrent i hovudet før. Men det var ikkje storm eller orkan sin feil. Det var ein som skulle sage vekk eit truande tre ved huset vårt som gjorde litt feil. Eg vakna av saginga, og sat på sengekanten og fulgte nervøs med ut vindauget. Og eg såg det skjedde, og at treet kom imot huset og imot soveromsvindauget vårt. Og den smellen og ristinga i huset det førte med seg! Om eg vart redd? Om eg fekk sjokk? Ja! Har vel sett sitt preg det også.

Men vi hadde flaks! Vindauget knuste ikkje, og huset vart reparert. Vi har både skifta vindauge og måla etter denne episoden.

Eg kryssar fingrane for at vi slepp dei store hauststormane i år. Vi fekk stormar nok for fleire år i fjor...









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar