fredag 30. oktober 2015

For seint i år...

Snorre Sprett og Televimsen er to pinnsvingutar eg har hatt i pleie frå slutten av september.
Dei var ca 250 gram då dei kom til meg, og då var dei altfor små til å klare seg sjølv ute. Det viste seg at begge hadde lungeorm, og dei har fått medisinar mot det. Men den ormen er innmari seig å bli kvitt, så dei har ikkje blitt heilt friske enno.

Dei er derimot flinke til å ete mat, og dei er oppe i ca 800 gram og 650 gram! Store gutar har dei blitt! Og meget aktive!

Dette er Snorre Sprett for nokre veker sidan
Her får han gå på golvet for å trimme. Det vil sei han spring og snusa rundt!
Han likar faktisk å bli klødd litt i panna, det er ikkje så ofte pinnsvin likar slikt. Han her er nok eit unntak. Han er ein "mamma-gut", om ein kan kalle pinnsvin det.
Har nok blitt det pga all medisinering, og det var han som la seg til å sove inntil magen min også. Han trengte nok ein del nærheit. Spesielt før "fosterbror" kom i hus.

Televimsen derimot er ikkje kosete.
Han er ein liten vimsete hissigpropp! Han har vore mykje sjuk han også, og er ikkje so glad i den medisineringa.

No er det straks november, og det har allereie vore frost på natta. Det vil seie at det er for seint for desse to å bli sett ut i det fri no. Dei måtte ha vore på tilvenning i ei innhegning med hus først, for så å bli sett fri. Og det rekk vi ikkje i vinter. Dei er fødd altfor seint på året...

Så desse to er for tide inne hos oss i gangen, i kvar sitt bur. Dei får medisinar, stell, og trim på ganggolvet. Når dei blir heilt friske, og begge rundt 8-900 gram, så skal dei gå i dvale.
Så eg går berre og håper på friskmelding snarast, og at dei legg på seg enno meir, og at dei skal sovne godt inn før desember...






Hos dyrlegen 29. oktober (i går).
Snorre Sprett sjarmerte damene og dei fikk meir enn gjerne lytte på han og halde han.

søndag 25. oktober 2015

Angst for stormar og orkan

Det går mot slutten av oktober, og det er haust. For min del kan hausten skildrast med nokre få ord:
Hauststormar, orkan, regn, kulde, mørketid... og angst.

Hausten er for mange ei kosetid med tjukke genserar, gode tøfler, pledd, raudvin (eller kakao?) og stearinlys, og gjerne med fyr i peisen. Og ja, det er koseleg! Slikt likar eg også! Fine fargar er det også ute i naturen, og det er kjempegodt med klar haustluft.

Men for slike som meg dreier haust og vinter seg også om angst. Angst for uvêr rett og slett.

Folk blir generelt litt haustdeperimerte, og eg er heller intet unntak der. Så ja, eg blir meir nedstemt til sinns. Eg føler at mørket trykker meg ned, legg seg som ei tjukk tåke rundt hovudet og tettar lufta rundt meg. Alt er så mykje verre med å gå ut av huset. Det er kaldt, det er mørkt, og det er dårleg vêr (som regel). Alt av blomar visnar og dør, blada dett frå trea og alt blir nakent og trist. Ein kan jo sjå det slik at naturen gjer seg klar for ein ny vår, der alt lysnar og spirar. Så det må jo til.

Men i tillegg til haustdeperasjon, gjer angst det ekstra ille for min del.
Etter å ha opplevd orkanar på nært hald, der ekstremt store tre velta og knakk som fyrstikker rundt huset og small i bakken så huset rista, så har det sett preg på psyka mi. Ja, eg har orkan- og stormangst! Det er faktisk ein reell angst-type. Lilapsofobi heiter det. Har ikkje fått noko diagnose for det akkurat, men ein treng no ikkje det for å kjenne det på det.

Så når sommaren er på hell, og sola kryp nærare og nærare nedover mot fjellet, så kjenner eg det på kroppen. Det knyt seg meir og meir.
Det å sitje inne i stova, og høyre stormen ta tak i huset så det knirkar, at den bles så kraftig på stovevindauget at det bular innover og klirrar inn i pynten som står der, og du høyrer det grusomme brølet som kjem i bølger og tek tak, igjen og igjen... DET er noko av det verste. Og på toppen av det heile så er det gjerne natt når det står på som verst. Då ser ein ikkje noko når ein prøver følge med ute. Det kan nok virke verre enn det er når ein sitt inne og høyrer det som skjer ute men ikkje ser det. Men eg VEIT kva som kan skje, for det har skjedd før.

Eg minnast orkanen Dagmar, då eg låg på badegolvet i eit straumlaust hus, med berre "av og til- internettdekning". Følte det var det tryggaste rommet. Telefonane virka ikkje. Der låg eg og skalv, hjelpelaus, og høyrte og kjente dunka av dei store trea ute som velta. På natta roa det seg til storm og vi gjekk ut for å sjå om husa på garden stod. Der ser vi ein bil langt oppe i eit berg av eit rotvelt beståande av 3 stk svære grantre! For eit syn! Samt fleire andre tre som hadde velta.

Dette biletet gjekk verda rundt faktisk etter den orkanen.

Dette er gamlehuset...

Det verste er at vi har spesielt 1 stort tre rett utanfor stoveveggen som eg har spesielt angst for. Men der er også andre tre som er farlege for huset i visse retningar på vinden. Det er litt vanskeleg; skal ein sage dei ned, eller la dei stå? Dei beskyttar jo huset for vinden, men samtidig så er dei ein trussel.
Men vi hadde flaks då, for ingen hus vart skadd den gongen!

Vakkert tre, så det er trist å ta det vekk også...

Eg har fått laga meg eit hobbyrom i kjellaren, og der står det også ei seng. Dit går eg om det blir for ille. Hausten i fjor var prega av mange store stormar, så eg låg der nede nokre netter. Det hjelp litt på. Det blir heretter kalla både hobbyrom og tilfluktsrom. Hehe!
Det er noko med at huset er vårt eige, og dersom det skjer noko så blir det så mykje styr rundt det. Det er forsikra, så slik sett går det nok "fint". Men i kampens hete når ting kunne skjedd, så tenker eg på panikken, kaoset, alle tinga våre som flyg til skogs og blir øydelagte. Ligg vi på soverommet oppe så blir vi drept dersom eit av trea dett på huset. Det verste er at det er ikkje akkurat det eg tenker mest på. Så lenge vi ikkje legg oss der, så blir vi ikkje drept. Men det er berre som sagt alle tinga våre, alt kaoset og styret som det vil føre med seg.
I forrige veke kom årets første hauststorm. Eg var litt bekymra når eg og Rune plukka inn møblar og pynt fra altanen. Men eg hadde handla inn stearinlys, gjorde det litt koseleg i stova, og sette tv'en på med litt høgt volum. Heldigvis var denne "stormen" eigentleg berre ein laber bris i forhold til kva det brukar å vere. Så denne gongen gjekk det veldig bra. Sov på soverommet oppe gjorde eg også!

Tre i taket er ein reell ting. Og eg har opplevd å få eit tre omtrent i hovudet før. Men det var ikkje storm eller orkan sin feil. Det var ein som skulle sage vekk eit truande tre ved huset vårt som gjorde litt feil. Eg vakna av saginga, og sat på sengekanten og fulgte nervøs med ut vindauget. Og eg såg det skjedde, og at treet kom imot huset og imot soveromsvindauget vårt. Og den smellen og ristinga i huset det førte med seg! Om eg vart redd? Om eg fekk sjokk? Ja! Har vel sett sitt preg det også.

Men vi hadde flaks! Vindauget knuste ikkje, og huset vart reparert. Vi har både skifta vindauge og måla etter denne episoden.

Eg kryssar fingrane for at vi slepp dei store hauststormane i år. Vi fekk stormar nok for fleire år i fjor...









fredag 23. oktober 2015

Når barna flytter ut

Dei to søstrene er no for lengst flytta ut. Som fostermamma så var det utruleg trist, men også litt godt! Dei budde ute i innhegning i 2 veker før dei var klare til å bli heilt fri. (Eller, før fostermamma var heilt klar er vel rettare) 

Dei kom tilbake både første og andre natta, men etterkvart vart det lenger og lenger mellom kvar gong dei gjorde det. Så dei har nok funne "Villsvinet" som bur i hagen frå før og kanskje gått på tur/omvisning med han.
Men dei er innom av og til og et mat heldigvis. Håper dei busett seg i hagen i vinter.

Vesle, tøffe Blondie, med turkis neglelakk på ryggen


Tjukke, gode Punky med rosa neglelakk på ryggen

Tenk dei har vore sååå små:

 

Når dei omsider var ute av innhegninga, og eg sendte eit anna inne-pinnsvin (50 Cent) til Ålesund, så kom der 4 nye store pinnsvin som skulle bu i innhegninga.

6 stk nylaga pinnsvinhus



4 nye pinnsvin skal flytte inn (eller ut)
 
Og dagen etter kom der ein liten gutt frå Hornindal, igjen.
Så då vart det 4 ute- og 1 innepinnsvin igjen da.


Snorre Sprett heiter han som er inne, og han var ein vilter fyr. Men han var sjuk, av lungeorm... Så han fekk medisinar og var svært sjuk medan han sakte men sikkert vart betre og betre.
Han vart vår lille trøst når søstrene hadde reist. Ein skikkelig godgut.

Dei 4 ute var Ålesundingar. Dei har vore i fosterheimar der. Men ein av dei er ein gamal kjenning av meg, Trulsen! Åååå, søte, gode og snille Trulsen!! Han var også veldig sjuk medan han var i pleie hos meg som bitteliten tidlegare på seinsommaren. Men han vart frisk og har blitt stor og tjukk hos fostermor i Ålesund.
Kan tru det vart gjensynsglede fra første fostermamma si side!

Trulsen

Jonas 

Vilde (som sov her)
 

Kjempen PinnePinPin

I skrivande stund er desse 4 også sett fri, så no er der 7 pinnsvin i hagen og området rundt, og dei kjem kvar natt for å spise mat og drikke vatn i matboda (putekassa)


Nokre overnattar i husa sine, medan andre overnattar andre stader rundt omkring.
Det begynner bli kaldt om natta, så merkar at dei er sjeldnare og sjeldnare på besøk. Dei har nok funne seg ein vinterdvaleplass.


Dessutan har Snorre Sprett fått seg ein stebror, Televimsen. Televimsen er ein Volding, og han hadde flått og mageparasittar. Dette har han fått medisin for, men er så hardt angrepet at etter 2 veker er han på ein ny medisin. No håper eg han blir bra att i magen og blir litt piggare.
Nydelig, hissig og litt vimsete fyr.

Her har Televimsen blitt stelt og plukka rein for flått. Berre 4-5 stk.

Snorre Sprett har fått tilbakefall av lungeormen, så han er på kur nr 2 mot det. Lungeorm er faktisk utruleg vanleg hos spesielt haustpinnsvin. Tenk deg å puste gjennom et sugerør som er fullt i orm?! Stakkars gode små vennane... No skal ALT vekk!!!

Her har Snorre Sprett gått rundt på kjøkkengolvet, men la seg inntil magen min og sovna!

Så hos The Rotevatns går det i pinnsvin. Som vanleg. No berre matar eg dei ute kvar dag i skumringstida, men dei inne får medisinar, stell, mat og drikke. Og litt trim på golvet og mykje kjærleik og omtanke. Så håper eg dei to gutane blir friske dei også, og at dei blir tjukke og store slik at dei kan gå i dvale om ein månads tid.
Kvar dei skal bu er litt usikkert enno. Anten må dei plasserast "på stall" hos ein hjelpar i Ålesundområdet, ellers må eg "stalle dei" sjølv. Det kan no bli ei ny utfordring.

Men no merkar eg (og Rune) at det er nok pinnsvin ei lita stund. Kjekt når dei er friske, et normalt og veks og blir sett ut att. Men det er nokså krevande med sjuke dyr. Det er ville dyr, ikkje eit husdyr. Men jammen har dei personlegheit desse også, og ein blir no så glad i dei!
Og det er utruleg deilig kjensle å få hjelpe dei til å blir friske og sterke, og sjå dei vaggar avgarde med piggerumpene sine ut i naturen igjen, der dei høyrer heime.