Møt vesle pinnsvinfrøkna Hege Anette!
Dette vesle nurket vart funne i Hornindal av ei lita jente som heiter Hege Anette. Ho og faren køyrde ho heilt inn til Volda der eg kunne ta meg av ho i første omgong. Dette er andre ungen av samme kull som har blitt forsøkt redda, men søstera døde dessverre. Så no skulle altså EG ta meg av denne søstera!
Heldigvis var ho tilsynelatande frisk, og hadde ingen flått eller skader, så ho hadde ein god sjanse!
Heldigvis var ho tilsynelatande frisk, og hadde ingen flått eller skader, så ho hadde ein god sjanse!

Starta med å kamme ho med lusekam, berre for å sjå om der var flugeegg eller larvar på ho. Det var det ikkje, heldigvis!!
Ho likte å bli dulla litt med, så eg tok fram den mjuke børsta og klappa ho litt med den. Då rulla ho seg velvillig ut og latte att augene.

Eg visste ikkje kjønnet på ho enno, men no når ho var avslappa så kunne eg lett sjå på magen hennar. Den mørke flekken er berre navlen, men hadde det vore gut, så hadde ho hatt tut, og den hadde vore midt på magen og ikkje til å ta feil av. Så dette var ei lita jente, og eg lova finnaren at om det var jente så skulle ho bli oppattkalla etter ho. Så då blei det Hege Anette!
Ho var berre 134 gram når eg fekk ho inn til meg.

Etter litt løfting, stelling, sjekking av øyre, auger, nase, tenner og stuss, så var i alle fall det ytre klarert som "godkjent" og ho hadde ein god sjans til å klare seg med vanleg fôring og stell. Men då var ho så trøtt at det var godt å få berre ligge heilt roleg å berre forsiktig bli klappa på før ho kraup inn i teppet sitt og sov i 3 timar!
Men tørst var ho! Eg duppa munnen litt ned i vasskåla, og då skulle de ha sett på slurping! Ho drakk halve skåla på ein gong!
Og etter ei lita stund høyrte eg den velkjende slafsinga; då hadde ho fått smaken på kattematen og åt opp alt sammen. Eg fylte på 3 gongar denne kvelden, og alt gjekk med!
Og tilsvarande gjekk ut att også, kan eg avsløre. Det er då ein hugsar lukta av pinnsvin! Det lukter ikkje jordbær, for å seie det slik!
Men det var uansett kjekt å sjå kor ho livna til, var fin utanpå, og at systemet fungerte innad også!
Og etter ei lita stund høyrte eg den velkjende slafsinga; då hadde ho fått smaken på kattematen og åt opp alt sammen. Eg fylte på 3 gongar denne kvelden, og alt gjekk med!
Og tilsvarande gjekk ut att også, kan eg avsløre. Det er då ein hugsar lukta av pinnsvin! Det lukter ikkje jordbær, for å seie det slik!
Men det var uansett kjekt å sjå kor ho livna til, var fin utanpå, og at systemet fungerte innad også!

Dette vart teke rett før ho skulle reise i frå meg.
Ho måtte vore meget dehydrert når eg vegde ho fyrste gong, for på 1 døgn la ho på seg 60 gram! DET er veldig mykje! Så ho var heile 194 gram når ho reiste.
Nydeleg og perfekt lita snuppe!!
Ho var hos meg i 1 døgn, kall det gjerne eit akuttmottak her, før ho vart frakta vidare til Ålesund.
Der skal ho bo med fostermor som skal passe på ho, gi ho mat og stell, til ho blir stor nok (ca 800 gram) og kan setjast ut att i naturen, på eit trygt og sikkert område.

Dette biletet vart teke av ein pinnsvinhjelpar i Ålesund, Vibeke Ludvigsen, og det er berre eit knallbra bilde som har florert på nettet i ettertid.
Hege Anette i vindaugskarmen, som speider ut og drøymer seg vekk om si framtid! "Ut dit skal eg snart, må berre ete meg stor og sterk først!"
Slike tilfeller gjer at eg er med i Pinnsvinhjelpen! Å vere med på å redde små liv, om det er babyar eller store klumpar på 1 kg, det er veldig godt å kunne prøve å bidra!