Mai månad betyr meir enn bjørkepollen, gåseungar, knoppar og ugras som spirar, graset som gror, rennande auge og nase, sola som varmar og hagar som krev stell og førebuing på vår og sommar.
Mai månad er ei nydeleg tid på året, når ein ikkje reknar med allergi.
Men mai månad betyr også bunad! I alle fall i mitt hovud.
Eg er heldig som har fått ein nydeleg Sunnmørsbunad i konfirmasjonsgåve med foreldra mine for "eit par år sidan", med tilhøyrande bunadsølv. Denne er eg veldig glad i, men den er også eit lite mareritt på mange måtar.
Her er vi klare til konfirmasjon for tre år sidan.
Den er ei påminning om korleis det går med kroppens fasong og evt forfall! Ein har brukt den sidan sin eigen konfirmasjon, då ein såg ut som ein planke og var tynn! Og mang ein knapp er flytta sidan den gong! Det er like skummelt kvar gong å leite den fram og forsiktig kle den på seg. Knappane hektar ein til slutt på, forsiktig og nervøst. Kanskje kjolen passar? Og om ein gjer det, så er det neste steg i påkledninga: Forkleet. Det er det enklaste å gjere noko med dersom den må syast ut i ein fei, eller
inn for dei heldige. Der kan ein berre flytte litt på knappane.
Eg hugsar for 2 år sidan eg skulle i konfirmasjon, då var det med stor glede at bunaden var for stor! Då vart knappane flytta litt inn.
I år skal eg i konfirmasjon igjen, til Oliver Johan, min fine nevø. Dagen er no på søndag, så i på tysdagen før måtte eg berre til pers å prøve bunad, tilfelle eg må ut å kjøpe ny kjole.
Sakte trer eg den på meg. Kjolen passa, sånn nokon lunde. Eller sprika det litt mellom knappane i skjørtet over magen? Så var det forkleet, med knappane tilpassa kroppen min for to år sidan... Hiv og hoi, dra og tilpass, og hekte på knappane. Så pust!!
Oi, ok, såpass...! Stå roleg, puste litt, snu seg rundt og bevege seg litt. Det var på håret!
Litt letta, og samstundes litt fortvila, gikk eg rundt på stova og prøvde meg fram og spegla meg sjølv. Forresten; Går det an å sjå slank ut i ein bunad?
Eg sa meg fornøgd med å kunne bruke bunad på søndag, men med ein svak bismak av at omkretsen min burde vere litt mindre, og kanskje allereie til 17. mai? Vel, det går an å drømme. Kan eg skulde på skulderoperasjonen? At eg ikkje har fått trena som eg burde siste halvåret? Og kan eg skulde på at eg har hatt grunnar til å kose meg litt ekstra med mat og godteri? Tja... nja...
Så var det å bryrje på senarioet å kle den av seg. Knappane vart hekta av, og eg fann ut at eg kunne puste litt betre! Ikkje bra teikn. Det var nydelig å få den av!
Kvifor prøvde eg den ikkje før? Då hadde eg hatt litt betre tid å hastefaste og gå ned i omkrets før konfirmasjonen.
Vel, det er no 1 dag til den store dagen, kor mange cm kan ein gå inn då? Og det har vore helg, og eg hadde godteritirsdag og torsdag!! Ha...ha...ha... Morsomt. Nei ikkje så veldig.
I tillegg må ein førebu den bunaden, sølvet, skoa og ikkje minst skjorta til den store dagen.
Det er eit styr berre det. Skoa er det jo berre å pusse som vanlege sko.
Og sjølve bunaden kan ein fare over med ei støvrulle, og evt gnikke med fuktig klut over flekkar om ein har fått på det.
Skjorta var eg så lur å vaske skikkeleg, for hand sjølvsagt, sist eg brukte den, så no kan eg berre dynke den godt med vatn på sprayflaske, rulle den inn i ein handduk og la den ligge der ei lita stund. For så å ta den fram og stryke den med dampstrykejern, på vrangen. Og eit lite obs frå ho mor: IKKJE gnikke lenge fram og tilbake!
Det er så lett for at det blir skjoldar, og det er så mykje å hugse på å gjere, og ikkje gjere! Og den linskjorta er det verste marerittet å få glatt! Det triste er når ein først har fått den glatt og fin, så blir den knørvete igjen i det ein kler den på seg og trer ermene inn i bunaden...
Ein må i tillegg sjå til at sølvet er skinnande og blankt! Så det sette eg i gang med på tysdag. Då brukte eg trikset med eit par dråpar Zalo og ei teskei med salmiakk per liter lunka vatn i ein plastbalje.
Der let eg det ligge nokre minutt før eg brukar ein mjuk tannkost og pussar lett over. Tørkar det på ein handduk, og tek siste tørken med hårfønar for å unngå merker. På knappar og hemper som er sydd fast i bunaden pussa eg med same vatn og tannkost. Hadde papp rundt slik eg ikkje sølte for mykje på stoffet.
Det virka ganske godt! Skulle vel gjort litt betre innsats, men det får gå for i år!
Nei, det var betre når ein budde heime, og fekk alt ferdig stryke, pussa og tilpassa, og alt hang klart til ein stod opp!
Hæppi mai månad og bunadtid!
No skal eg lage oreokaka ferdig og pakke bunaden min klar for tur.
Skjorta eg strauk i går må eg nok stryke igjen når vi kjem fram.