lørdag 31. januar 2015

Mitt nyaste bidrag

Etter å ha laga lys og gitt dei vekk i julegåver tenkte eg å lage nokre til meg sjølv også. 
Eg laga to englelys, for engler kan ein pynte med heile året! Så lenge dei ikkje er altfor "julete" då...
Men eg ville ha nokre litt meir sommarlege og fargerike også. 
Så då brukte eg to lyserosa kubbelys og serviettar med sommarfuglar og blomar på. 
Eg klipte ut delar av motivet, sette dei saman på min måte. 
Og slik vart desse koselege, romantiske og sommarlege lysa til! 


torsdag 22. januar 2015

Juleverkstad i hobbyrommet

Litt rotete men det er eit rom som er i bruk, så då må ein tole litt rot...


I desember var eg mange timar nede i rommet mitt. Det såg ut som nissen sitt verkstad, men det var jammen koseleg også å vere der.
Her er eg i aksjon med å "lage lys". Eg smeltar altså serviettar inn i kubbelys.
Kom over nokre lysestakar, som eg spraymala i sølv også.
Eg kunne ikkje legge ut noko bilete før jul, sidan dei mange har fått slike gåver eg har laga!
 
Litt av resultatet: 

 
Senga full av julegåver:
 
Har fått tilbakemelding frå fornøgde mottakarar av desse lysa og lysestakane, at dette var ei fin julegåve. Så eg har tenkt å fortsette å eksperimentere og lage slike lys. Det er jo så koseleg å pynte opp med heimelaga lys! 

Jul og nyttår biletedryss

Godt Nytt år til alle!!
 
Lenge sidan eg har skrive noko her no. Alt er fint med oss, men berre vore litt lat på blogging.
Vi har hatt nesten 2 veker med juleferie, god mat, snop, sofaslying osv, og då blir man sløv...
Her er ei lita oppsummering:
 
Årets julebakst bestod av silkekaker, vaniljehorn (julekaker), mandelstenger, og pepperkaker.
 
 
Vi samlast heile familien hos mamma og pappa 22. desember. Deilig middag som alltid!  

Alltid så koseleg å kome heim åt ho mor og han far, og at vi samlast alle i familien!
 
Og sjølvsagt måtte jentene i familien Ødegård ta eit selfie!!
Cathrin, eg og mamma!
Og eg laga oreokake, den eine kaka eg faktisk kan.
 
 
Julaften feira The Rotevatns heime i Volda. Berre oss to.
Det var ein kjempekoseleg kveld, og hadde nydeleg pinnekjøt og mange pakkar.

Og eg fekk meg ein raud spark frå Rune!!
I ein alder av... "gammal"..., så har eg altså blitt eigar av ein heilt eigen spark!! :) Ingen arve-spark eller lånespark, men MIN EIGEN, BERRE MIN SIN!!   
 
Alice 5 år... 
 
Og verdens deiligaste og varmaste kosepledd, til ei frostig sjel!  
Dette pleddet med armar ligg klar til meg i sofaen kvar dag når eg kjem att frå jobb!
 
Jomfrutur i romjula med sparken min!!
 

Nyttårsaften:

 
 
Til middag på nyttårsaften hadde vi tapas. Mykje forskjellig fingermat, som Rune ordna til oss 
Vi var litt lei av pinnekjøt og tunge middagar, så vi åt oss stappmette på dette i staden.

...og hadde mat til langt utover natta!
 
Hadde ingen rakettar sjølve, men stjerneskot hadde vi! Så vi nytte synet av rakettane elles i Volda, med eit glas sjampis i handa!  



Det har vore ei deilig jul i år, med lenge fri, kvile for skuldra og rett og slett lada opp kroppen litt. Det vil seie; har ikkje gjort nokonting anstrengande verken for hjerna eller kroppen!
Så litt deilig var det jo å starte på jobb og vanlege rutinar igjen!
Jobbar no 70% og det er akkurat passeleg for skuldra mi. I tillegg går eg til fysioterapeut og trenar den opp med både slyngetrening og styrke. Det går framover, men ei so slapp jul har sett sine spor i skuldra, for den stivnar fort. Men no er den i gang igjen! Hurra!
Eg alle eit riktig godt nytt år!!