onsdag 24. september 2014

Smerter

Det er ei utfordring å møte seg sjølv i døra, eller gå på ein vegg, eller berre rett og slett få kaka rett i fleisen!
Slik har eg hatt det no etter operasjonen. Eg visste jo vêl godt at det kom til å bli vondt etter ein slik operasjon i skuldra, men etter å ha googla så fann eg dei beste historiene der folk vart gode att etter 3 veker, og klarte det meste utanom å trene styrke etter berre eit par månader.
Vel, etter ca 3 veker fekk eg ein dett, der eg trudde eg aldri kom til å bli betre, eller at noko var øydelagt, og at eg kom til å bruke altfor lang tid på rehabiliteringa.
Etter nokre få fine dagar, så kom smerta igjen så intenst. 
Eg som trudde eg skulle begynne på arbeid igjen no så smått...

Ikkje klarte eg å løfte arma 1 cm når eg låg på rygg, og etter den minste aktivitet så kom smertene. Og må heile tida passe på så eg ikkje beveger arma slik den ikkje skal. Det blir ein del søvnlause netter og tidlege morgonar med smerter. Og pga 2,5 veker med sterke smertelindrande tablettar fekk eg smerter i magen også, og måtte kutte ned på coctailen eg tok.

Ein blir ikkje berre fysisk dårleg av slikt, det går jo også på psyka laust! Det å ikkje kunne køyre bil, vere avhengig av andre, sjå på ting i heimen som skulle vore gjort men som ein ikkje får til. Å ikkje kunne ordne seg skikkeleg på håret, og må spørje om hjelp til den minste ting. Å ikkje kunne kose seg på fjelltur, men må sete heime og sjå på fjella i staden.
Og det er kjedeleg å ikkje kunne gå på jobb også. Prøver å jobbe litt heimefrå, men pc er berre ok i korte stunder.
Eg veit sjølvsagt at eg ikkje har det so verst, at dette skal vere forbigåande og at andre har det 100 gongar verre enn meg, og er plaga kronisk resten av sitt liv. Men midt oppi det, så tillet eg meg sjølv til å syte litt også...

Dette biletet tok eg når eg gjekk ein liten rusletur framover setervegen. Det var etter ei totalt søvnlaus natt, der eg endeleg sovna sitjande i sofaen i stova kl 8 om morgonen, til kl 12. (Ref. første biletet, der kl var 05 på natta og eg trøsta meg med kakao) 

Når ein går på ein smell, har mange tanker og negative forstyrringar i hovudet og synes synd på seg sjølv, så kan ein ta ein slik dunete blome, hald den opp, tenk at på denne står alle dumme, negative tanker, og så bles du dei vekk!!  

Eg veit ikkje om eg er veldig overtruisk eller om eg hadde rein og skjer flaks, men dagen etter så "glapp" den kroniske smerta i skuldra!!
Døra opna seg, veggen var i god avstand,  og eg hadde berre kakerestar att i fleisen.
Øvingane mine hos fysioterapi og heime gjekk også mykje betre etter denne dagen. Eit nytt håp er tent og eg ser positivt på rehabiliteringa framover no! :)

2 kommentarer:

  1. Hei Alice. Takk for at du skriver hvordan du har det etter operasjonen. Jeg selv vurderer det etter å gått 2 år med smerter, nå vært sykemeldt i over et halvt år med å bruke masse penger på alt fra kiropraktor, muskelterapi, laserbehandling og nå prøvd kortsonsprøyte for andre gang. Jo har jo blitt bedre men jobber i bokhandel og ønsker aldri aldri igjen bli så dårlig i armen igjen.derfor enda sykemeldt da jeg har smerter enda og vil ikke trigge armen mer.. Har du mindre bevegelighet etter operasjonen ? Men andre smerter ? enn den gnagende, murrende og de onde plutselig smertene du hadde før ? Hilsen Marie. Og fortsatt god bedring. Du har all min sympati.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marie
      Takk for kommentar på bloggen min! Eg har googla og leita etter svar på mine spørsmål vedr dette sjølv i nokre år, og det er nok ein del som har hatt det slik, men ikkje så mange som skriv så mykje om det. Iallefall ikkje som eg har funne.

      Det er synd at du også har smerter i skuldrane dine, eg veit at det ikkje er enkelt og godt å ha det slik. Og som du skriv, så har du prøvd det meste utan å få noko betring. Eg veit ikkje om du har lest andre innlegg om operasjonen osv på bloggen, for der har eg skrive litt historikk om korleis eg har hatt det, og om korleis det går no osv.
      Men eg har trange rom i skulderledda, og dermed får eg raskt smerter og betennelse, og har kalk/brusk, samt nedsatt bevegelighet. Kirurgen på Medi3 brukte nøyaktig 2 min å vurdere meg til at det einaste som hjelp er operasjon. Kun av høgre skulder no, for venstre er mykje betre og "held ut" ei stund til. Eg hadde på førehand teke MR og prøvd tablettar, fysioterapi og å berre ta det roleg. Mange meiner at kirurgar opererer unødvendlig mange slike operasjonar, men som han sa "same kor mykje du går til fysioterapi så vil ikkje brusken forsvinne slik du har det i di skulder no."
      Har du blitt anbefalt operasjon?

      Det har i dag gått 7 veker etter operasjonen, og eg er myyyykje betre. Eg var ikkje innstilt på at det kom til å ta så lang tid å bli bra att, men i dag så har eg nesten like god røyrsle i skuldra som før operasjonen, og eg merker at der er meir å gå på. Så eg har trua på at etter nokre veker til så vil det bli enno betre.
      Eg ligg ikkje på høgre side enno, for det gjer vondt. Og visse utslag gjer at det stikk til, og gir smerteilingar etterpå. Men det er ein anna måte enn før, og det er nok slik ein må rekne med etter eit slikt inngrep. Eg kan ikkje løfte tunge ting enno, men det blir enklare og enklare å bere og løfte litt lettare saker. Eg merker at eg stivnar litt til om eg sit for mykje framfor pc, men massasje hjelp. Og fysioen har rett i at ein må ikkje overdrive for det er litt skjørt "der inni" akkurat no, så det kan oppstå betennelse/irritasjon om eg overanstrenger meg før eg får styrken tilbake. Det er litt for tidleg for meg å seie om røyrsla blir betre enn før, men det trur eg virkeleg den blir. Det har siste 2 vekene vore stor framgang slik sett.
      Eg anbefalar kikholsoperasjon framfor å skjere opp, for du blir raskare betre etterpå, samt at du ikkje får skjemmande arr. :)

      For meg var det berre EI løysing; operasjon. Ingenting anna hjalp. Ikkje noko artig, men det går bra så lenge ein er innstilt på at det kjem til å ta litt tid etterpå. (Eg var ikkje innstilt på det og fekk meg ein i trynet :) ) Betre med kanskje 2-3 mnd med sein rehab. enn å gå resten av livet med ei så vond skulder konstant, og kanskje bli berre verre og verre.
      Eg var 100% sjukmeldt i 5 veker, og har no vore 80% sjukmeldt i 2. I neste veke håper eg på 60% eller mindre. Så det går framover.

      Takk for god betring ønsker og sympati, og eg ønskjer deg inderleg det same.
      Langt svar det her, men håper eg klarte svare på det du lurte på og ikkje skravla meg langt frå... :)

      Klem frå Alice

      Slett