torsdag 31. juli 2014

Andre del av sommaren

Sol, sol og atter sol!
Einaste plass å vere er på stranda, og då er det heil greit å ha sommarferie heime!
Er jo syden heime, så kvifor reise vekk?
 
18. juli hadde The Rotevatns 6 års bryllaupsdag!
Då hadde vi frå før besøk av svigermor Kari, svoger Bjørn og dei to go-gutane hans. Dei var på ein liten "ferietur" i Volda.
Og plutseleg ringte mamma og spurte om dei kunne ta seg ein tur på besøk.
Tante Anne Mari, som bur i Spania, var heime og ville bli med mamma og pappa på besøk for å sjå kvar vi bur. Ho har faktisk ikkje vore her før, og sjølvsagt kunne dei komme! Kjempekjekt å få besøk, spesielt av tante!
(Rune, pappa, Kari, tante Anne Mari og mamma)

Bjørn og gutane var på fisketur i ei elv i skogen, medan vi koste oss med kaker på verandaen.
 
Når besøket vårt hadde reist heim, sette vi oss like godt i hammocken, og kosa oss i kveldssola med sjampis og feira dagen vår aleine!   
Desse glasa var store, og romma ei halv flaske kvar!  
...og då kan eg spandere ein sup på mannen min! :)
 
I vår 3'dje ferieveke fekk vi nok ein gong besøk av Kari, Bjørn og gutane. Denne gongen var det meir planlagt og onkel Rune ville ta med bror og onkel-ungane på fisketur på Rotevatnet og sette garn.
Bjørn er den i familien utan høgdeskrekk, iallefall minst høgdeskrekk, og var så snill og festa lause steinheller på taket til gamlehuset.
Dei to store, modige brorane.... 
...og dei to små, nervøse og spente brorane.

Nydelege rips og bringebær i hagen!
 

 
Etter vi grilla hamburgarar på verandaen, og barne-tv var over, var tida inne for å sette garn.
To store og to små spente brødre på veg ned til båten. 
 
Dagen etterpå stod dei tidleg opp, og henta inn 6 stk krede. Det var ingen storfangst denne gongen, men dei små synes det var stas å fiske fisk sjølve, hjelpe å gjere den opp, og steike den og ete etterpå. 
 
3 veker var snart over, og eg reiste til Fiksdalen på ein bitteliten ferietur.
Den turen skal eg blogge om litt seinare!
 

Første del av sommaren

Når første ferieveka kom i år, så tok eg like godt og satt på med Anne til Stryn på shopping! Da skein sola og sommaren kom for fullt, og vi fekk traske i gatene (gata) der ein heil ettermiddag. Vi shoppa og kjøpte is, og hadde det rett så triveleg!
Og litt nye kle i posane vart det jammen også! 
 
 
Og sola fortsatte heile veka, og varmegradene steig til 29-30 grader. Heilt utruleg deileg! Noko som forøvrig var ein stor greie å dokumentere på facebook. Med bilete av gradestokkar og informasjon om badetemperaturar, og med opplysning om kor flinke folk er å bestige fjelltoppar osv. Dette i kombinasjon om den nye farsotten "selfie" på "selfiestang" (!) så ville Rune tøyse litt og laga seg ein eigen versjon:
Øvre Rotevass-knaus, 1 m. over vatnet, med nyinnkjøpt selfiestang. (som forøvrig var ei sleta vegastikke som hadde drive i land på stranda. Og eg stod med mobil i enden av denne!
Får det ikkje meir moro enn vi lagar det sjølve!
 
Men vi kosa oss på stranda heile dei solfylte dagane, og budde der meir eller mindre.

Og med gamal bil som ein kan køyre markarally med, så var det lett å kome seg ned dit også.
Og ein dag henta vi faktisk oss ein kjøpe-pizza også!
Lange, deilege dagar i sola på stranda, og gode, svale kveldar på balkongen.
 
 
 
I år har vi bada meir enn vi har gjort siste 7 åra trur eg!

Det er skikkeleg deileg å bade når ein ikkje får krampe når ein er uheldig å svømme som ein sjøhest og beina konstant peikar nedover i djupna.

 
Første sommarveka var over, og det kom eit par dagar med overskya vêr. Heilt greitt når det var meldt sydenvêr vidare!
 
 
 
 





mandag 28. juli 2014

Det er sommar, verkeleg sommar!

Det er nok ein gong lenge sidan eg har oppdatert The Rotevatns, men kan meddele at alt er fint og flott! Etter sommerferien starta har vi berre kosa oss i sol og varme!
Men har nokre bilete av sommarfesten på jobben, som vi hadde i Røde kors-huset. Det var alle tilsette som vart invitert, ilag med kjøkkenleverandøren vår. Nokre hadde reist på ferie, så vi var ikkje alle, men vi hadde kjempegod mat og drikke, og kosa oss heile kvelden.
Eg hadde verdens mest sommarfestete antrekk, med blomster i håret!
Her tok eg "selfie" oppe på kjøkkenet, når eg kokte kaffe til gjengen.

 
Det var ein varm sommardag dette også, men med lite kjøleskap og god fantasi fylte vi nok ein gong opp eit artig svømmebasseng med is til drikkevarene. 
 
Eg er jo, som alle som kjenner meg veit, meget barnslig av meg. Så eg hadde gøymt ei plastrotte ein plass i huset, og alle måtte gå på jakt for å finne den. Med passande "leitemusikk" så vart iveren stor hos gjengen, som leita både høgt og lågt.
Den vart funnen, til slutt! Og premien var ei blomstrete vaskebøtte med mykje bilrekvisita og "manneting".
 
 

Det var ein koseleg sommarfest med jobben, og for første gong var eg ikkje aleine dame blandt gjengen. Lise som jobbar hos kjøkkenleverandøren vår var med. Noko eg synes var veldig stas.
 
Så var det ei veke att på jobb før ferien starta, og det skulle bli så godt.
 
 
Rune har jobba som DJ i sommar, og her er et par bilete av han i aksjon.
 
 
Ein fredag var han DJ på Hellesylt, første feriehelga vår.
Der spelte han i eit stort partytelt utanfor hotellet.

Vi budde på motell, rett ved teltet, og rett ved sjøen. Heilt greitt! Kort veg for Rune på jobb. 

 
Her speidar eg opp etter fjella utanfor rommet vårt. Fint der, men hadde ikkje ville budd der. Litt angst for det fellet som kjem til å ramle ned...
 
Ellers i sommar har vi vore i Volda. Når det er syden i Volda er det ingen betre plass å vere. Vi har bada og sola oss, grilla og plukka litt bær og berre slappa av. Hatt litt besøk, og eg har vore i Fiksdalen på besøk. Skal nok legge ut litt fleire bilete av det sånn etterkvart.
Men det får halde for denne gong, no skal eg ut på balkongen og nyte god laksemiddag i sommarvarmen!! 1 veke ferie att, og den skal nytast!
God sommar vidare!


 

mandag 7. juli 2014

Bursdagsfest x 2

Det er nok litt lenge sidan eg har oppdatert bloggen, men here we go...

Eg vart tjue-sytten år 8. juni, og den dagen var det 1. pinsedag og dermed fridag dagen etterpå. Det passa veldig bra synes eg. Flaks.

Rune hadde ein jobb i Ålesund på laurdagen, og eg var med og budde på hotell ei natt. Dagen før besøkte vi svigermor, men laurdagen tilbringte eg i gatene i byen, og kosa meg der. Med litt shopping, så var eg klar for å møte Elisabeth på kvelden i Ålebyen.

Gullhår venta på Elisabeth, tittande ut det lille vindauget frå hotellrommet.
Og Elisabeth kom, du kan sjå ho nede i gata der.

Vi gikk ut på ein pub og fekk snakka og hadde det kjempekjekt til kl 23.30.
Då vart eg att der aleine, og fekk midnattsklokkeslaget til min bursdag for meg sjølv. Det var faktisk veldig greitt!
Når Rune kom att ut på natta, så hadde eg sovna. Men dagen etterpå fekk eg verdens godast bursdagsklem, og vi pakka oss ihop og køyrde heim til Volda.
Vi skulle feire meg der vi! :) Det var nydeleg varmt i været, og sol.

Vel heime i Volda fekk eg nydelege roser og sjampanje av Rune, og vi sette oss ut på balkongen. Sola hadde forsvunne, men det var nydeleg varmt likevel. Då er det heilt greitt å sete der.
Men når vi skulle starte grillinga byrja det å regne nokre få dråpar. Og jammen blei det berre meir og meir!! Rune måtte fram med paraplyen! Men det verste var når det pøsa skikkeleg, og takrennene ikkje tok unna, og det flauma over rett over der Rune stod!! Han blei klissvåt og iskald, men etter ein dusj, så fekk vi sete under markisa ute og spise den gode grillmaten!


Men etter måltidet gjekk vi innatt i stova og fortsette kvelden der. :)

Men helga etterpå kom solskinnet igjen, og mine to bestaste venninner, Anne og Elisbeth! 
 
Rune stilte opp som kokk, og serverte utsøkt grillmat som vi spiste oss gode og mette på.
Då var det godt med Alice-sommar-drink etterpå!
 




Dette var nydelege cupcakes, om eg skal få sei det sjølv. Sjokolade med vaniljekrem inni, og med smørkrem med god smak av bringbær og sitron. Mmmmm!!!
 
Det var ein kjempekjekk bursdagsfest, der vi feire bursdagane til alle tre, sidan vi ikkje hadde feira oss ilag før. Gleda meg allereie til neste gong vi møtast!