Gamlehuset har ikkje vorte oppgradert på mange, mange år.
Sjølv om badet ikkje har vore så verst, så har det altså sett slik ut som biletet over. Kun vask og berre eit medisinskap til oppbevaring.
Eg fekk tak i eit underskap til kjøkken som var feilbestilt og ikkje kunne brukast, ei skada benkeplate og eit spegl som eg kunne utfalde meg med. Betre det enn at det vart kasta? :)
For å gjere det billegast og enklast mogleg, så ville eg gjere det sjølv, og unngå rørleggar og flytting av vask etc. Og eg tok det som ei personleg utfordring også.
Eg skar opp hol i hyller i og på baksida av skapet, og skar ut eit benkeplatehol til vask og sette dette under og opp til vasken. Ser nesten ut som ein nedfelt vask.
Klossar under skap for å få det opp av golvet og skrudd fast i vegg.
Mykje fuge rundt vask, men pyttsann. Det er tett, og ein har litt meir tumleplass til å legge frå seg ting, samt eit skap til oppbevaring.
Med litt hyller og korger til meir oppbearing, så vart det rett så praktisk også!
Og litt turkise detaljar gjorde seg.
Manglar berre å henge opp eit par handkle og ei badmatte i turkis,
så er det klar for bruk!
Benkeplata er litt breiare på høgre side av vasken. Dette var med vilje for å få litt meir benk. Men eg kunne ikkje ha meir,
for då vart benken stikkande litt for langt ut.
No manglar eg berre ei utforing på venstre side av skap inn mot vegg.
Men den kjem!
Eg brukte altså 4,5 timar på dette prosjektet!
Drill og stikksag er eit par fantastiske reiskap. Og silikonfuge er min venn!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar