mandag 2. juni 2014

Deilig søndag med både trim og reparering

 Ja, det er meg! Conehead!
Det er ikkje greitt når ein har digert hovud og skal vere fornuftig å ha på seg sykkelhjelm! Haha!
No er vel vinkelen på biletet LITT urettferdig, men likevel. Fin måte og vinkling å vise det på!
Poenget er vel at eg har i alle fall gjort det eg kan sjølv, dersom uhellet skal skje.

No har eg tenkt å sykle litt igjen. Eg har hatt treningsfri sidan mars eller kor tid det var. Ja, det er altfor lenge sidan, så det er jammen på tide.
Sol og sommar får motivasjonen fram igjen, av forskjellige måtar.
Grunn 1 til treningspause er jo at eg har betennelse i hofta og noko dei ikkje finn ut av, og har vonde skuldre. (Brusk og betennelse) Da har det vore så innmari vondt etter ei treningsøkt. Så vidt eg klarer å GÅ rundt vatnet før smertene kjem og eg stivnar.
Grunn 2: latskap og mangel på vilje og viten om andre treningsmetodar enn jogging, og om kva som er lurt og ikkje med mine skavankar.
Men no orkar eg ikkje vente lenger på noko svar, så eg tek saka i eigne hender.
Blir ikkje betre av å kvile, og smertene flyttar seg opp og ned alt ettersom vær og vind, og eg klarer ikkje gjere noko med det ved hjelp av kiropraktor eller fysio.

No har eg altså prøvd å sykle igjen. Begynte med 1 runde rundt vatnet tirsdag. Heldt på å daude i oppoverbakken heimatt. Det var pga dårleg kondis og melkesyre. 1 ny runde torsdag, det gikk litt betre. Og søndag stod eg opp tidleg, før sola varma skikkeleg, og sykla 2 (TO) gongar rundt vatnet.
Ikkje så langt for normalt trente folk, men for meg var det ein seier!
Forutanom vonde skuldre etterpå, så fungerer det på hofta. Så då køyrer eg på med sykling heretter til det seier stopp.

  Ein annan ting eg har bestemt meg for å prøve er å få i meg gurkemeie. Det er eit tips frå vår kjære x-nabo og islending Thrøstur. Det skal hjelpe mot vonde ledd og muskler, og også for revmatisme.
Så då laga eg meg ein eigen mixture med vatn, gurkemeie og sitrondråpar.
Tek ein slurk kvar dag heretter og håper på det er ein vidunderkur.
1 lita spiseskei per dag med krydder, så det skulle mykje krydder oppi ei flaske med vatn. 
PS: Dette smakar krydder, og ikkje noko godt.
Men vondt skal vondt fordrive... Trur eg.
 
Etter sykkeltur og soling på balkongen så fekk vi endeleg i gang gassgrillen som har stått ubrukt i 1 år. Vi testa den berre i går, så det blei litt eksperimentering med varme og slikt.
Heiv på nokre grillbein og gnafsa det i oss. Den virka! Og det var nydeleg godt!
 
 
På kvelden tok eg meg ein tur innom kontoret. Jobba nokre timar før eg sette meg i den kjekke massasjestolen som vi har på lån.
Dette er altså Susie, min nye kollega som er midlertidig tilsett!
Ho er mi aller beste kollegadame, og eg håper ho får fast tilsetting snart!
For ho kan jobben sin altså!
Å sitte/ligge i denne og bli knadd og rulla på, opp og nedover rygg, hofter, nakke, skuldre, til og med hender og føter! Det er berre heilt utruleg godt! Og vondt! Men mest godt!
Denne kunne eg tenkt meg å bo i ei stund!

Ellers er det berre å nyte sommardagane vi har for tida!
Det kan hende vi brukar dei opp til sommaren, så det er berre å nytte seg av dei medan dei er her!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar