I går hadde ein kollega bursdag, og sidan vi berre kunne vere samla til stabsmøte om morgonen denne dagen, så tok eg og laga sjokolademousse til møtet. Ikkje akkurat vanleg møtemat, men det var jo bursdag også!
Og som ekte bursdagsmousser skal vere, så vart dei pynta med både gelètoppar og paraplyar.
Og som ekte bursdagsmousser skal vere, så vart dei pynta med både gelètoppar og paraplyar.
Kan no seiast at mannen (!) vart 53 år.
Sjølv om det ikkje ser heilt slik ut på val av pynt...
Men dei vart no litt gode da. Spesielt med vaniljesaus på.
I tillegg så fekk dei litt frokost også da. Potetlefser med spekeskinke og laks inni.
Det er snadder.
Det er snadder.
Bursdag er bursdag! Må no gjere litt stas på dei bursdags"barna"! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar