onsdag 30. april 2014

Frå plaskregn til sommar!

På Sunnmøre har det vore ein merkeleg vinter og vår. Frå nyttår har vi hatt omtrent NULL snø, og nokså mildt og fint vêr. Og så endra det seg frå plaskregn til sommar og sol på kort tid.
Rart med dette vêret. Er ikkje rart ein snakkar så mykje om det...
Her er eit bilete frå Botnastranda i Volda. Rart det ikkje er fleire som badar her om sommaren!
Men akkurat denne dagen var det ufyseleg regnvêr. Men vakkert!  
 
 
Blomstrane vert også lettare forvirra av den plutselege sommaren som kom. Og eg trur at alt spratt ut samtidig, med rekordfart.
Fine påskeliljer frå hagen, litt før påske.
 
I forrige veke vart det skikkeleg sommar i Volda. Då var det berre å beskjedent luske seg på verandaen, brette skeptisk opp buksebeina og leite fram dei bleike leggane, og finne fram ein singlett frå vintergarderoben.
Bikini og slikt er vel ikkje vits i å leite fram heilt enno.
Greit å gå frå å vere blå-kvit til lys-kvit først...
Men dagar med 20 grader i skuggen hadde vi, og det er jo verkeleg sommarvêr her på våre trakter.


Utsikta fra verandaen.
Plenen (les: mosen) spirer og gror!
 
Og det gjer jammen ugraset også! 
Hagen vår er som ei fotballbane stor, med steinbed og styr. Ikkje akkurat passande for ei som har problemer med å halde i live ei potteplante! Men skal no ha for forsøket, kanskje.
I år har eg luka to av tre bed, sånn grovt og brutalt.
Så får vi sjå i neste varmeperiode om eg kjem på å plante nokre stauder (som eg har funne ut det heiter?) nedi der. Må visst kjøpe nokre sekkar med jord også.

Det er i alle fall kjekt å vere ute dagen lang på slike dager, og veldig triveleg å ha piknik etter ei økt med haudet ned i beddet.
 
Og ikkje minst forfriskande med ein bringebær/ripsbær smoothie i sola!!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar