mandag 19. mai 2014

Syttande mai!

"17. mai er vi så glad i"

Og gratulerer med dagen, Norge!
Dagen byrja med saluttar, som smell og dundrar nesten slik at bileta på veggane dett ned. Først vakna eg og blei sur, og så innsåg eg at dette er berre moro! Men sovna til att nokre timar, før det dundra laust igjen. Då var det berre å stå opp.
Då var det sjampanjebrunsh!

Vi sulla oss ikkje ned i sentrum for å sjå på toget eller noko slikt. Vi spiste pølser til middag, hadde krone-is heime, og drakk vår eigen sjampanje og sommardrikk!
Ikkje kvart år, men slik gjer vi det som regel.
Synes det er koseleg. Men pynte oss det gjer vi jo littegrann likevel.
Og eg prøvde meg på 17. mai fletta!


Kanskje ikkje 100%, men så bra eg kunne klare det sjølv.
 
Veret var ganske bra. Litt kald vind, og sterk vind, på føremiddagen, men utpå ettermiddagen vart det så fint atte! :)

Medan vi sat inne så small det nok ein gong. Ikkje salutt, men ein stakkars pip som flaug inn i vindauget!
 
Pip låg heilt stille og hadde svimt av. Vi trudde han var død.
Men Rune løfta han opp og passa på han, medan eg tok med nokre smular og litt vatn og draup nokre dråpar på hovudet hans.
Då vakna han til liv igjen!  
Etter litt varme og kjærleik, så flaug han litt fortumla bort i plommetrea og var berga!
Som nokon skreiv på facebook, så har vi ein tendens til å bli oppsøkt av einsame og skada dyr. Vi prøver å ta vare på dei så godt det let seg gjere!
Denne fuglen overlevde i alle fall!
Hipp hurra for 17. mai!



 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar