mandag 10. februar 2014

"Riktige" val i kvardagen, eit lettare liv?

På nyåret så har eg sett i gang med trening igjen, og tenkjer at eg må begynne tidleg om eg skal klare å gå ned eit par kilo til sommaren. Slik tenkjer eg kvart år, og kvart år går det gale.
Eg klarer ikkje velje riktig og fornuftig! Men blir det eit lettare liv om eg klarer dette?

Slik som etter jul fekk vi på kontoret ei kake frå Litauen med to arbeidarar.
 
Dette var ei kjempespesiell og artig kake!
Men så gjeld det å heller ete lunsjen sin. Havregraut og vatn!!
Kjempelett val!!!
Nei... Det er det ikkje. Så eg måtte likevel smake på kaka. Som faktisk smaka krumkake!
Eg har ikkje sjølvkontroll på slike ting!
Eg meiner at livet skal nytast, så får det berre ta lengre tid å gå ned nokre kg. For godsaker og søtsaker MÅ eg berre ha.
Men ein slik frukost, DET er godt det!
 
Så er det trening da! Det er også vanskeleg å prioritere for meg. Eg må trene rett etter jobb, ellers så limer rumpa seg fast i sofaen heime. Så eg har prøvd å trene 3 gongar i veka, der eg joggar/går på tredemølle i 60 min, med styrketrening etterpå. Så får vi no sjå da... Har ikkje hjelpt stort enno, men eg har ein seig kropp som trivst med trivselsvekta SI. Og der VIL den vere... Og det er ikkje trivselsvekta MI...
Men med dårlege skuldrar med brusk og trange slimposar, så begrensar det seg med visse typar styrketrening. Som overarmar/skuldre. Prøvar å legge på vekter, men då verker det i skuldrane. Så det går ikkje så bra.
Og det er lite flaut å sete å trene styrke på minste vekta, dvs at eg ikkje har i "pinnen" ein gong på vektene. 9 kg!! Haha!

Så då prøver eg å bli fort ferdig med desse øvingane, for dette er litt flaut!

Generelt så prøver eg å spise sunt og fornuftig. Middagane våre er vanlege middagar med mykje grønsaker og salat. Og i vekedagane går det på rugsprø knekkebrød eller havregraut til frukost og lunsj. Men kveldane er verst. Då er det så lett å ty til deilege smørbrød, sjokolade frå skapet, eller potetgull som berre MÅ etast før dei går ut på dato! (!) Å begrense seg til 1 godteridag i veka har vi no innført. Men det er også vanskeleg å ha halde seg. For om eg er på besøk og dei set fram ei potetgullskål, eller ei kake eller noko, så forsyner eg meg av dette! Det er jo uhøffleg å la vere??
Men igjen, livet skal nytast, og eg har ingen intensjonar å pine meg gjennom dagane med minimalt med mat og berre tørre, fiberrike knekkebrød og pålegg utan smak. Men så kan det gå an å begrense seg då!
Og når det gjeld trening så har eg ikkje lyst å trene kvar dag! Eg har også lyst å kose meg. Det vil seie at eg har lyst å reise rett heim etter ein lang dag på jobb. Spise middag og sysle litt i heimen i god tid før det blir mørkt ute, gjere ærede, sitte i sofaen og sjå tv, besøke venninner, vere ilag med hr. Rotevatn, før klokka er så mykje og dagen er omme.
Av og til trengs det ei god økt på trening for å få slappe godt av etterpå. Trening er som medisin! Både for kropp og sjel! Så det vil eg aldri slutte med. Men eg er bedageleg anlagt, så det blir ingen livsstil med trening kvar dag med det første.
Livet skal nytast, og då blir vala mine slik at eg et god mat, om det er sunt eller usunt, men begrenser det litt med å ikkje ete godteri kvar dag. Og eg vel å trene, men heller ikkje det kvar dag.

Så får livet bli som det blir! Eg har i alle fall hatt det godt!
Om dog ikkje med bikinikropp!
 
 
 

1 kommentar: