mandag 17. februar 2014

Fjelltur

Det var ein gong eg var rastlaus, og fann ut at eg skulle til fjells!
Ikkje kvar dag det, men denne søndagen merka eg at sofaen åt meg opp, og eg måtte berre UT og få frisk luft. Det var nydeleg vêr, så kvifor eg ikkje gjekk tidlegare veit eg ikkje. Men når klokka vart 15.30 så kom eg meg avgårde. Det var ikkje lenge til det vart mørkt.
Skulle eigentleg berre rusle ein tur, men kom inn til golfbana i Vassbotnen og gjekk litt framover vegen. Der ser eg vegen opp til Botnasetra, og den vegen heiter Huldresvingane (Himmelvegen) og eg vart frista til å prøve meg oppover. Har vore 1/3 på veg opp tidlegare, men då snudde vi fordi det var lengre enn vi trudde og det vart mørkt.
Kanskje eg skulle rekke dette denne gongen? 
 
 
Eg gjekk kanskje 200 meter, og då byrja bakkane og svingane med ein gong. Og jammen er der bratt!! Følte eg gjekk med 45*vinkel i ryggen av og til.
 
Denne drikkeplassen er plassert ca halvvegs, og eg merka at tørsten kom. Synd at alle bekkar var gjenfrosne, og det var like før eg sette meg ned og slikka isen! Så tørst var eg. 

Når eg nærma meg toppen, var eg ikkje nærme likevel. Slik er det med desse svingane. Du trur du er oppe, men så kjem der ein sving til, og ein til... Men eit stykke oppi lida så fekk eg utsikta over Volda og merka kor langt opp eg eigentleg var komen. Det var motivasjon nok til å fortsette!

Eg skulle kanskje visst på førehand kor langt det var, men i ettertid kanskje det er greitt at eg ikkje visste det.

Vanskeleg å illustrere på bilete dei bratte bakkane, men her er eit bratt parti mot toppen.
 
Endeleg var eg oppe! Trass varme dagar med vårtemperatur så beit den kalde vinden her oppe, og eg fekk duppe joggeskoa i snø!
Og for ei utsikt!! Eg rakk dagslyset, og fekk nyte synet. Sprang rundt på sætra for å ta bilete og danne meg eit inntrykk før eg måtte ned att før det mørkna.

Ein fin rasteplass på toppen. Eg såg på biletet, når eg kom ned att, den grøne boksen på bordet. Det er jo her ein skal skrive seg inn!! Shitt! Tenk å gå glipp av det!! No har eg ikkje bevist at eg har vore der!
Men eg veit det sjølv, og det er jo det som gjeld :) hehe!



 
På veg nedatt starta eg lett til beins! Rumpe, leggar og lår hadde fått jobba hardt oppover, og no skulle eg berre rulle meg nedatt. Trudde eg! Det er jo nedatt som er låkast! Knea skalv og eg såg ut som Olivia i Skipper'n! Men med musesteg ned det brattaste og jogging dei slakkaste bakkane, så kom eg meg ned rett etter gatelysa kom på.

Vel heime etter ein flott tur!
Botnasætra ligg 480 moh, og vegen opp dit er ca 5.3 km. Eg starta frå trappa heime, så det vart litt lenger for min del. Såpass må eg no legge til.
Eg brukte 1 time frå trappa mi til toppen, og det med litt pauser for å puste og halde meg i live, og til å ta bilete. (Det var ikkje sooo gale altså, men litt annleis tur enn eg hadde tenkt denne ettermiddagen)
Ein fin trimtur som gav meg ei fin gangsperre, og ein flott tur for den som likar utsikt og koselege rasteplassar. Hit skal eg fleire gongar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar