Lissie konsert i Volda!
Dette er ei lita jente med ei stor stemmer og stor og god personlegheit!
Eg har alltid likt musikken hennar, men ho overraska meg positivt under konserten i Volda.
Ho syng så "enkelt" og uanstrengt, har utruleg bra kontakt med publikum, og virker veldig jordnær og snill. Ho både rockar og syng balladar med beste innleving.
Det var ei superfin oppleving, og eg er glad eg rakk det sjølv om eg var sjåfør denne kvelden.
Rune kunne ikkje vere med fordi han spelte sjølv på Maxibar i Ørsta.
Men når Lissie sa at ho kom ut etter konserten for å signere cd'ar osv og prate med publikum, så greip eg sjansen. Eg kjøpte ei vinylplate til Rune! Dette var den siste som var att, så eg hadde veldig flaks.
Så stod eg godt plassert i køa og fekk ho til å signere plata då ho kom ut i lokalet til publikum!
OG eg fekk tatt eit bilete av ho med den i hendene.
Rune som elskar vinyl var kjempeoverraska og veldig glad for denne gåva frå meg!
Og eg er glad eg også, for denne plata er berre kjempebra!
Elisabeth fekk også signert CD-plata ho kjøpte. Og eg tok eit bilete av ho og Lissie!
Kult når dei store stjernene tek seg tida og snakke med oss små, vanlege folka.
Og så viser det seg at somme av dei er like vanlege som oss!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar