mandag 10. juni 2013

Bursdaaaaag!

Ja, då vart eg eitt år eldre gitt, sånn heilt plutseleg! Like overraska kvart år.
I år måtte eg faktisk rekne på kor gamal eg vart. Svaret treng eg ikkje skrive...
Anne og Elisabeth kom på besøk til meg denne veka, og vi drakk kaffe ute i hagen. Det var sol og deilig vêr, så vi kosa oss masse!
Anne hadde med bursdagsgaver til meg, i denne utruleg søte papposen! Eg elska den! hihi! Vart liksom 5 år igjen! God og barnleg kjensle!

Her er gåvene eg fekk med ho:
Måtte no berre vise dei! Sjekk dei utruleg søte piggsvina da, som stuper kråke!
Den eine som ligg på ryggen er akkurat lik Lillepigge!! Så no kan eg ha "erstatningspiggsvin" på trappa!

Fredag 7. juni kjøpte eg meg sushi til lunsj. Fekk så innmari lyst på det, og det var no fredag også, så det måtte berre bli rett.
Så kom gutane med deilig bær- og ostekake! Vart kjempeoverraska! Spesielt sidan det ikkje var bursdagen min sånn eigentleg før dagen etter...

8. juni! Rune og eg spiste god frukost og eg fekk eine pakka etter den andre! Skikkeleg kjekt!
Eg fekk ein handmiksar på stativ som eg hadde ønska meg, og ei blokk med noteark! No kan eg endeleg skrible ned melodiane eg har laga og leikar meg med. Ja, for eg har jo eit piano, og er glad i å spele på det.
I tillegg fekk eg ein playstation kontroll, som var knallraud! :)
Og som artiggåve fekk eg ei lang skoskei med brannvarslartestar på! hahaha! Rune altså! :)

Eg fekk i tillegg pakke i posten med mamma og pappa, og der var det to dukar og mykje sjokolade, og to handdukklemmer med rosa hjerter på. I tillegg fekk eg pengegåve rett inn på konto!
Snille familien min som gir meg så mykje og fine gåver!

På dagen møtte eg Elisabeth, og vi var på shopping i Ørsta.
Sjå kva eg fekk!! Superdeileg og stor kokosbolle og dobbel kaffemocca!
TUSEN TAKK!
Og etter dette fekk eg også bursdagsgåver frå ho!
Sukk, eg har så fine og snille venner!
Denne Makgioveska fekk eg med den kjære søstera mi :) Eg kjøpte meg litt inn i den sjølv, men du og du så stilig den er! :)
Ho har fått inn massevis av slike kule vesker i butikken hennar no, men det var berre 1 av denne!
Og den er MIIIIN!!!!

Så kom kvelden og eg og Rune feira ilag heime. Det var så kaldt og vått ute, at vi berre tenkte at vi likegodt kunne halde oss innomhus.
Sida vi hadde fått komplett playstation 3 utstyr no, så spelte vi ilag.
Det var utruleg morosamt og kjekt!
Vi spelte Buzz, noko eg aldri har spelt før. Og stillinga var ei stund 2-1 til meg! Men det endra seg utover kvelden til 3-8, i Rune sin favør... Eg må øve meg!

Her er bevis på at eg iallefall vann 1 gong!
(bilete av tv-skjermen måtte dokumenterast)

Fantastisk fin helg! Nesten som eg kunne ønske eg hadde oftare bursdag. Men då hadde eg no vore enno gamlare, så det er greitt å ha det slik det er :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar