lørdag 7. juli 2012

Sommaravslutning på jobben!

Fredag 29. juni var det sommaravslutning for Mesterhus Sunnmøre. Det brukar vi å ha i eige kontorlokale og med langbord hos Senator som held til vegg-i-vegg. Veldig praktisk og kjekt!
Og så finns der kald drikke i 3 av kjøleskapa også! Meeeget bra!
Her får vi velkomstdrink, medan maten godgjer seg på grillen ute.


Klart, vi har også eigen kokk, og vi får servert store "arbeidskar-porsjonar". Det var nyyydeleg mat, og altfor mykje! 2 STORE porsjonar var det meint å vere på kvar. Trur vi løyvde halvparten.

Bileter frå middagen, og eg hadde pynta med raud duk, spreke serviettar og ugras frå eigen hage! :)

Etter vi hadde spist middag, fekk vi besøk av "Kjellen". Det var utruleg moro, og eg trur alle hadde krampe i både kjakane og i magen etterpå ta all fliringa. Ja, bortsett frå dei 3-4 som ikkje snakkar og forstår så mykje norsk enno da. Men det er på ein måte nok å sjå på han! :)

Og i år, som i fjor, så fekk vi ei lita sommargåve med oss heim. Eg er som kjent veldig barnsleg, og eg elskar å tulle og fjase, og det er så kjekt å sjå at karane også blir med på moroa!
Vi fekk spesial-øl brygga i Florø, same som vart servert til maten. Og til øla må vi jo ha "ØL-BRILLER". (eller retter sagt stygge solbriller på billigsalg) Alle var merka med namn, så karane måtte inn her i gangen og leite fram til sine eigne briller og flasker.

Her er dei på veg inn i gangen. 
 Og alle trengte seg fram og fann si flaske og sin brille. Skikkeleg engasjement!
Nokre heldigare enn andre med brillefunnet.



Det var iallefall ein kjekke kveld!

Så var det berre ei arbeidsveke igjen før sommarferien då! Den må berre kome! Ilag med sola!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar