Vifta med foten også då! :)
Nydeleg dag i Volda, med varmegrader over 15! Ja, nærmare 20! Og min flower-power-hammock fekk gynge oss i takt med fuglekvitringa!
Dette var også siste fredagen og helga før våre naboar islendingane reiste heim. Haraldur kjem kanskje ikkje tilbake (snufs), men Thröstur og Omar kjem tilbake i august.
GOD SOMMAR TIL DEI!
Her nyt vi siste solstrålane før sola bikka 20grader vinkel og ned bak fjellet!
Så dette er siste bilete frå sol og sommar i Volda. Sidan fredag har skodda hengt tjukt nedi fjella, det har regna, og eg har nesten leita fram tjukkeraggane mine! Dette er ikkje lov! Vi vil ha sol og sommar, med varmegrader over 20!
Ellers er vi inne i siste jobbeveka vår. Dvs eg jobbar 3 dagar denne veka, og siste dag er i morgon! Rune skal også jobbe siste dagen sin i morgon. Og SÅÅÅ er det ferie!
Is skal eg no ete sjølv om det er kaldt. For det er JULI! Så det så!
(går rett nedi fryseren og hentar meg ein no... berre på trass! Ja, og litt fordi det er så godt)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar