søndag 8. juli 2012

Dei to "tante-dyra" mine! :)

Leo er back in track!

Stakkar Leo som vart så alvorleg sjuk, dødssjuk faktisk, har fått medisiner og går for tida på diett. Han er tilbake!! Han må nok ha ein operasjon, men han er ein glad og frisk liten kvalp igjen, noko både "mora" Elisabeth, og tantene Anne og Alice er meeeeget glad for!
Her er mora, tante Anne og han sjølv på besøk hos tante Pose (Nei, tante Alice meinte eg)
 Sååå leiken og happy!
Og tørst! Bonnie og Bessie si gamle drikkeskål kom godt til nytte. Sjølv om Leo nesten kunne bade oppi. LITT stor?
Forresten, så har vi jentene fått oss nye koppar:

                  Anne, Alice og Elisabeth sin! I den rekkefølga! :)

Vesle pus!

Så har vi dronninga av Volda da! (Lånt bildet fra Anne si facebook side) Vesle-pus, katten til Anne. (Hmm... berre EG som ikkje har dyr av oss tre når eg tenker meg om! Vel, bortsett fra kaninane under sofaen og slikt...)
Eg er matmor til vesle pus når mora er på vift i helgane! Eg kallar meg stefar!
Når eg kjem på besøk så mjauar ho og er sååå glad, og riv meg nesten overende! Mora mi sa eg måtte passe meg! Haha, ho trur nok pus er litt større enn ho er. Men ho hadde vel faktisk kunne gjort det om ho berre ville!
Etter ho har mjaua og prata litt, medan ho tøysar og koser, så får ho middagsmaten sin. Som ho glupsk et i ein fei! Etterpå steller ho seg litt, og stefar (meg) har snik-tatt ein kaffe (så no veit du det, Anne) og sett meg godt til rette i ein stol, så kjem ho og hoppar opp i stolen og breiar seg utover meg. Der ligg ho til HO bestemmer når ho har fått nok og er lei. Eg får klappe ho berre når HO vil. Men vi har mang ein kjekk samtale vi der vi set! Ho kjem ikkje med så mange svar, berre enten spørjande blikk, dømmande, skarpe eller sympatiske blikk! Så ho forstår nok ALT eg sei! Hahahaha!

Her er to bilete frå to forskjellige helgar: (Det er ho som er det grå pleddet)

 Ho EIG meg, det er no heilt sikkert!!
Er berre å sete heilt stille, og klapp vil ho ha berre ho vil ha det sjølv... akkurat då, og akkurat slik og sånn.

Alltid kjekt å komme ned til ho, og litt trist å reise frå ho me. Men med litt leik og godbitar, så er ho så fornøgd atte! Kjekt med ein kattesort som ein superalergikar faktisk TOLER! Merkar ingenting!
Main coon, for dei som lurer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar