Eg mangla sykkelhjelm, så det var det første eg måtte kjøpe meg til turen. Ein skal no vere eit godt forbilde til ungdommen, så den måtte vere med.
Eg må tilføye at eg vart van med denne hjelmen, og har vorte veldig glad i den. Men The Rotevatns hadde mang ei latterkule på G-sport når "Conehead" skulle prøve hjelmar til sitt store hovud!
Men nok om den, og tilbake til turen! :)
Så her er tantene på tur! SNILLE tantene! ;) hehe!
Eg har dessverre to skrantne skuldre, så eg kunne ikkje bere ryggsekken min sjølv. Heldigvis hadde Irene sykkelvogn, så der hadde vi tantene sekkane våre og all maten og tunge ting. Stakkar Irene.
Her er eg og tvillingane "mine" klare for take off med sekkane våre på! hahaha! Den eg har er altså berre medisinsekken vår!
Første fergetur var frå Brattvåg til Harøy. Mange syklar å halde orden på.
Så kom vi på Harøya! Det gråe veret vart forandra til skyar og sol! Her er vi, som perler på ei snor.
Etter ein lang sykkeltur kom vi oss til Finnøya og tok ferga til Ona. Her kviler vi oss oppe med fantastisk utsikt over sjøen! Sol hadde vi også, litt av og på.
Ein blid gjeng!
Litt kaos for å floke oppatt syklane, men det gjekk bra med dei alle. Både syklar og folka.
Ventar spent på å kome fram til Ona
Og vakkert var det der! Nydelig ver, men ekstremt sterk vind på toppen av Ona fyr!
Her ser ein havstuene som vi budde i.
Vi fekk ei stor leilegheit med 2 soverom og ein hems med 4 senger. Altså 8 stk kunne sove der. Kjempeflott! Anbefala absolutt å leige ei slik om ein skal overnatte der!
Når vi hadde valt oss sengar, så gjekk ungdommane på ekspedisjonstur rundt omkring på hamna, medan tantene laga middag. Det vart spaghetti med kjøttdeig og saus.
Etterpå spelte ungdommen kort på hemsen medan tantene gjekk ein liten tur opp på fyret og sonderte terrenget på øya.
Det var så vindfult at vi heldt på å blese overende.
På kvelden gjekk vi ein tur rundtomkring på øya
Og hamna på Husøya og på den fine stranda. Hadde det ikkje vore så kaldt, og litt meir sol, så hadde nok ungdommen bada. Det var ei kjempefin strand! Og gutane fann til og med flaskepost fra ei jente! :)
Over: Irene
Under: Is-kald Alice. Hadde superundertøy og fjellklede, og stod på DEN fine standstranda sommaren 2012, og fraus!!
Vi fann oss ein plass blandt fjøresteinane som var i god le for vinden, og grilla pølser og buffalowings! Det var kjempekoseleg! Så kom floa og jaga oss heimatt.
Dagen etter spiste vi frukost, og gledde oss over att regnet og stormen fra natta var over, og at sola titta fram. Vi skulle på Finnøya og BADE i "Håp i havet"!
Heldigvis hadde Henrik og Daniel lært seg å lappe sykkelhjul, for Henrik hadde plutseleg punktert! :(
Men der var visst to hol, og berre ein lapp... Irene var føre var og hadde kjøpt med ein ekstraslange! Og med god hjelp av ein tysk elektrikar som jobba like ved badelandet, så fekk vi på hjulet og syklane stod klare til å syklast på heimatt, etter vi hadde bada!
Fekk ikkje ta bilete inne i badeland, naturleg nok. (Og heldigvis??) Men det var varmt vatn, deileg å få svømme igjen, og eg tok til og med sklia der inne! Ilag med mange ungar, og to middelaldrande damer som konkurrerte om å bruke minst mogleg fart. Trur dei brukte ca 3.15 sekund. Eg brukte 5.5 sekund, setande og utan ekstra utfor-fart! Men du og du så kjekt! Bra ingen av tantebarna mine såg meg, ja utanom Helene som måtte ver vitne på at eg faktisk gjorde det.
Etterpå la eg meg rett ned på graset utanfor og kosa meg i sola medan eg venta på at gutane skulle bli ferdig og klare til neste sykkeltur.
"Sykkelhjelmen" med reisefølgje! Helene er bak meg og gjer grimasjar for kamera :)
På veg frå Finnøya til HarøyaEg må seie meg STORFORNØGD med dei 2 dagane ilag med Irene, Helene, Oliver, Henrik, Daniel og Oscar. Dette var ein tur eg vil minnast for alltid, og håper ungdommen også vil hugse dei snille, spreke og kule tantene som tok dei med på sykkeltur! (hahaha)
Og når vi tok ferga frå Harøya til Brattvåg reiste vi frå steikande solskin, og rett inn i eit belte av skodde og regn!