fredag 8. juni 2012

Tjue-femten år

Ja, då er dagen komen, fru Rotevatn har bursdag

8. juni 2012                                                     8. juni 2011


Her er verskildring frå dagen i dag, kontra dagen i fjor! Eg må ha vore snillare i år enn i fjor, sia sola skin så fint i dag! ;)

35 år... Nærmare 40 enn 30 no. Sukk! Kvar vart tida av?
Det er mykje som rotar og surrar i hovudet når eg tenker på meg sjølv; mellom anna alder, gråe hår, rynker, kropp, jobb, tid, stad, opplevingar, ja rett og slett livet. Kva har eg gjort så langt i livet mitt? Har eg gjort noko spesielt? Skulle eg gjort meir før eg vart så gamal? Ja, heilt sikkert!

Eg burde reise meir før det er for seint.
Eg burde leve meir i nuet!
Eg burde gripe dagen og nyte kvar dag som om det var den siste!
Eg burde besøke familie og venar oftare!
Eg burde bli ferdig med oppussing av huset, slik eg får nyte heimen lenger
Eg burde lære meg å lage mat
Eg burde lære meg å sy, hekle og strikke, kanskje?
Eg burde vere enno meir aktiv og lære nye ting
Eg burde få meg ein hund
Eg burde hugse oftare å gå til frisør og tannlege
Eg burde lære meg halde huset ryddig
Eg burde hugse å vaske og tørke støv i heimen
Eg burde hugse å rose andre
Eg burde prøve å sjå positiv på ting, i staden for å fokusere på det negative
Eg burde også slutte å lage hugselister over ting eg skal gjere og burde gjere...

For livet er ikkje berre burde burde!!
-så lista mi stoppar her, for den kunne blitt laaaaang!

Så eg får som sagt leve  nuet, og alder er jo berre eit tal!
Eg har i mitt 35'te år både blitt spurt om legitimasjon for å kjøpe både vin og snus, så eg skal vel kanskje ikkje klage over fleire grå hår, smilerynker og andre ting. Kan ikkje rå over slike ting!

Eg er også utruleg takknemleg for det eg har opplevd til no, og er så glad i alle rundt meg, familien og i livet.
Og spesielt Rune min da! Som betyr ALT for meg!
Så lenge eg har han er eg lykkeleg!

I dag skal eg feire bursdagen min ilag med han, sola skin, og det er litt sommar i Volda.
Og så er eg så heldig å få besøk av mamma og pappa som tek turen frå Vatne!
Det blir eit LITE selskap med oss 4, og med enkel servering, for eg har ikkje tenkt på å ha noko storfeiring. Det er jo berre ein vanleg dag, med eit tal av ein alder som ikkje har noko å bety. Og stova og kjøkkenet er full i verktøy og material, så noko storfeiring og mange gjestar hadde vore uråd uansett. Får ta det att den dagen eg blir 5 år eldre... :)


KJÆRLEIK
Så, no skal eg gripe dagen og kose meg!

2 kommentarer:

  1. Kjære, snille gode Alice. 35 x unnskyld for at eg ikkje hugsa å gratulere deg med dagen i går!!! Håpar du hadde ein fin dag. Eg hugsar for fem år sidan då vi feira deg på Ona, og kor glad eg var for at DU også skulle jobbe i lag med meg i tunet. Ønskjer deg alt godt vidare. Stor klem frå AM

    SvarSlett
  2. Ååå, Anne Marta då! :) Det går så greit så! :) Og takk for gratulasjonen! ;)
    Ja, det er heile 5 år sidan det! Tenk...! Hugsar det veldig godt, og eg var også veldig glad for at du var ein av gjengen der <3
    Klem

    SvarSlett