onsdag 20. juni 2012

Reparere


No er eg visst blitt so gamal at eg må reparere kroppen min!
Kneet er dårleg, hofta sviktar, skuldrane og handledda verker osv osv...

Det verste er vel skuldrane mine da. Eg har alltid hatt "spaghetti-armar", dvs nokså tynne i forhald til resten av kroppen, og veldig svake!

For nokre år sidan bestemte eg meg for å byrje å trene, sånn på skikkeleg. Så det vart både corebar, spinning, styrketrening, jogging... og du og du kor eg skulle bli tynn og sprek!
Eg vart no i betre form i pusten om ikkje anna...!
Men siste 3 åra har eg merka at skuldrane mine er svake. Dei blir så fort låke, og eg har tenkt at det er ei slags familiesvakheit. Har prøvd å trene dei sterkare, men merkar at dei ikkje tåler so mykje.

Etter vårens prosjekt med takmaling, så har dei "eksplodert". Det vil seie at dei har vorte mykje verre, og eg måtte til slutt gå til lege for å høyre om det er noko som kan reparerast, eller om eg skulle berre vrakpante dei. Hadde vel ikkje fått noko pant heller, så då kan eg vel prøve å reparere dei...
Eg fekk ikkje noko henvisning til MR, ingen tablettar eller noko. Her skal det opptrening til. Jaja, så reiste eg til fysioterapeuten då. Der kunne han stadfeste redusert røyrsle i skuldrane, og dei er nok noko betente.
Eg har visst litt trange skulderledd, slik at ting pressar på slimposen der inni. Så eg fekk litt massasje, og så har eg fått nokre mobilitetsøvingar som eg skal trene på i heimen og på trening. Hald dei i ro mest mogleg i kvardagen, ikkje løfte tungt, og ikkje tren styrke.
Her er ei av mobilitetstreningane som eg skal gjere: (Kjenner ikkje mannen på biletet, men illustrerer ei av øvingane)

Sidan vi har så nye og fine kvitmåla tak i heimen, så vil vi ikkje skru i krok i taket for at eg skal feste tau og pendle armane i. Så eg har vore kreativ og klipt hol i ein pose, og tek øvingane på golvet medan Rune held i handtaka. Slik får no Rune også trent statisk styrke i armane sine! hehehe!
 (Mesterhus snikreklame)
Slik set eg då og bevega armane og skuldrane att og fram, ut og inn, og kjeder livet av meg. Men får håpe det hjelp no då!

Eg er iallefall friteke frå å måle tak ei stund framover!

2 kommentarer:

  1. Du skriv så festleg, sjølv om eg forstår det ikkje er så morosamt å ha det slik i skuldrane sine. Håpar mobilitetsøvingane gjer susen, så du snart kan verte både stavsprang-utøvar, bogeskytar, fiolinist eller noko anna du kanskje ønskjer deg. :) God helg og klem frå AM

    SvarSlett
  2. Haha, takk for det du. Her kjem berre tankane i hovudet rett på skjermen, utan noko særleg form for korrektur! Bra eg tek meg litt saman når eg skal skrive då! :)

    Ja, det hadde vore kjekt å få brukta armane igjen! Aldri før har eg hatt så lyst til å kunne slå hjul på plenen, vaske vindauge, hoppe tau, drive på med stavsprang, og kanskje endå til lært meg å spele fele ja!! Hehehe!

    Trur ikkje heilt på dissa øvingane, men får vel berre la betennelsen heale seg sjølv. Treng vel ikkje tablettar og slikt eg då.

    God helg og klem til deg også!

    SvarSlett