lørdag 28. april 2012

Ny hårfarge

I dag har eg vore hos frisøren. Eg ville ha lysare brunt hår til sommaren. Burde vel ta hintet at det kanskje ikkje er lurt, når det snøa lommetørkle ute i dag! Er ikkje sommar heilt enno.
Men eg har prøvd fleire gongar å få lysare hår, utan å bli blondine, med og utan hell.
Slik sånn ca såg eg ut før frisørtimen:

Hos frisøren så vart det hettestriping over heile håret. Jøjje meg kor låkt det va!! Auuu! Det var rett og slett grusomt! Og frisøren sa ho hadde ei litt ekkel heklenål som var litt for spiss og kantete.
Sukk! Skulle hatt med kamera i dag, men det gløymte eg.
Hadde i bleikinga berre i omlag 15 min, og eg var kjempenervøs for å få kvite striper, eller knall gule... Dei skulle berre bli karamellfarga hadde eg tenkt.
Eg får ikkje til å ta bilete som er heilt realistiske men her er ein liten peikepinn...





Utruleg vanskeleg å få skikkeleg farge på bileta i forhald til korleis det er i verkelegheita. Men dette var vel likast.
Så no er eg lysare brun da. :) No er det berre å sjå korleis etterveksten ter seg framover, etterfarge den lysebrun, og håpe det vert ok.

Det er no jammen spanande med hårfarging og bleiking etc, men heldigvis går det fint an å farge det mørkare igjen om eg vil.

Både håret og taket har vorte lysare no. :) Eg er blitt heilt ferdig med maling av stovetaka, 3 strøk til saman. No har eg ei pause i helga, før eg begynner på kjøkkentaka. Har måla ei skyvedør også sånn innimellom.
Her er eg i aksjon onsdagskveld... Halvvegs ferdig med siste strøket.

No er det helg!!



tirsdag 24. april 2012

Bursdagsfeiring

I går hadde Anne bursdag, og sidan vi ikkje fekk feira ho på dagen ville eg og Elisabeth invitere oss sjølve og overraske ho i dag i staden.
Elisabeth skulle eigentleg møte Anne tidlegare i dag for ein kaffe, men "vart liksom for sein", og eg skulle treffe ho etter eg var ferdig på jobb. Så vi to koka saman ein liten plan, som Anne ikkje hadde peiling på.
Elisabeth plukka meg opp etter jobb, og vi sat i bilen og blåste opp ballongar, sette på oss hattar, og gjorde oss skikkeleg klare for å overraske ho.
 

Her er Elisabeth i full sving med å blåse hjerteballongar!

Vi hadde med pakkar, kake, kokosbollar, kaffekapslar, bursdagsfløyter, hattar, og ballongar. Mykje å bere på det i grunnen!
Vi lista oss knisande som to fjortisa opp trappa og "ordna oss" utafor døra hennar:

Så stilte vi oss bak døra, banka på, og når Anne opna døra og kika bak, så dura vi fram med fløyter og ballongar, og ho skvatt så ho nesten datt i kne!

Til og med nabodama kom ut i gangen og lurte på kva slags styr det var! Trudde sikkert det var nokre galne studentar som hadde starta fredagskvelden litt tidleg! Men det var berre tre "halvvaksne" damer som hadde det hysterisk, barnsleg moro på ein tirsdag!
BURSDAGSBARNET!

Dette var altså ein heilt vanleg tirsdag kl 16.30, på ein litt uvanleg overraskingstokt, med 3 nokså uvanlege jenter!

GRATULERER MED OVERSTÅTT BURSDAG ANNE! VI ER SÅ UTRULEG GLADE I DEG!


søndag 22. april 2012

Catching up!

Ja, då er påska overstått for lengst, og eg har vore innmari treg med å legge ut bilete av påskepynten i år! hehe! Ei gammal påskehøne og eit lysfat. Det var det! Ja, og så ein ordentlig husmor rutete duk!
Men det var ei koseleg og kjekk påske hos The Rotevatns.
Stova vart ikkje plata ferdig, og heller ikkje påbegynt, så vi har fortsatt eit materiallager på stovegolvet. Litt frustrerande å klatre over platehauger mellom pianostova og tv-stova. Men så speler eg ikkje så innmari mykje piano for tida, så eg treng ikkje klatre så mykje kvar dag skkurat!

Hr og fru Rotevatn invisterte i bortoverski også til påske! 70% rabatt, så då slo vi til! Ski, sko og bindinga til 850 kr er heilt greitt det!
Så fann vi eit par skeive og skakke skistavar kvar på hemsen i vedahuset, og då var det ingenting som kunne stoppe oss i å ta første skitur på 12 år og på 25 år utafor huset og nedover markane!


Vi var som to 10 åringar som leika oss på ski, og du og du så kjekt det var!! Det er ikkje bratte bakken nedover her, men jaggu synes eg vi fekk stor fart likevel! Tårane spratt og knea skalv når vi suste nedover! Kjempegøy!! På nedste bilete stod eg midt på marka med huset vårt i bakgrunnen.
Påskeaften spiste vi masse, godt pinnekjøt! Mmmm! Reine julestemninga! Men jula vare jo heilt til påske, så det var heilt på sin plass med julemat!

Så kom kvardagen igjen, men den veka vart kortare enn vanleg med berre 4 arbeidsdaga. Fredag 13. april hadde hr Rotevatn bursdag! Hipp Hurra! Det vart ein kjekk fredag utan store ulukkene, med feiring og kos heile dagen!  
Rune fekk seg fine gåver, og gjekk på skattejakt i huset etter ei påskehøne eg hadde gøymt, med lappar på rim som han fann ein etter ein!

Ellers har eg mala paneltak! Det er ein krevjande jobb for dårlege skuldre kan eg love! Pianostova har fått grunning og 2 strøk med kvitmaling. Tv-stova er nesten ferdig. Den er grunna og fått på seg 1 strøk maling. Så no manglar den berre 1 strøk før den også er ferdig. Det vil ta 2 kveldar å bli ferdig med den. Og DÅ har eg berre 2 tak igjen... Spisestova og kjøkkenet. "berre" er litt feil. Eg er dritalei av å male, og er ikkje halvvegs eingong... Men fy så fint det blir!! Kjenner at trykket i topplokket lettar, taket pressar meg ikkje ned i golvet lenger, men det blir luftig og lyst i stova.
Første bilete er frå pianostova, her er taket heilt ferdig!
Dette biletet er frå tv-stova. Her manglar eg berre siste strøket. Tenk så godt det blir å få lyse veggar, bort med dei burgunder, tunge veggane!!

No er det berre å brette opp armane og ta i mot ei ny arbeidsveke. Søndagskvelden ebbar mot slutten og det er igrunnen veldig trist. I dag har det vore kjempefint ver, og vi vore ute på verandaen heile dagen. Ikkje gjort nokonting "fornuftig", berre kosa oss og nytt fuglekvitter, sol, våren, forestilling av 3 leikande ravnar, og spist is! Fin dag! Måtte det bli mange fleire av slike!

mandag 2. april 2012

Alice og Anne på påskeferie

Fredag tok eg med meg Anne på påskeferie til Vatne. Vi var der heile palmehelga, og ho har fått møtt familien min, og sett kor eg kjem ifrå. Ho visste vi skulle til Brattvåg på fredagskvelden, men ho visste ikkje at det var Kaizers Orchestra konsert der! Vi fekk ikkje tak i billettar til konserten i Volda, så når vi besøkte søste og familien i Brattvågen denne kvelden overraska eg Anne med billettar!
Snakk om å bli overraska og glad!! :) JIPPI!!
Vi fekk ei konsertoppleving som vi seint vil gløyme!




To veeeeeeldig blide jenter!! Glisa våra går nesten heilt rundt!!

Det var veldeg kjekt å treffe familien igjen, og det er alltid noko spesielt å kome heim åt ho mor og han far! Og slik såg frukostbordet ut laurdags morgon! Vi fekk kvar sitt nydeleg påskeegg full av deilig godis!


Palmesøndag tok vi ein tur på fjellet! Pappa trakka stien opp til "foringsbua" til bror Stig-Helge. Ikkje lange turen opp dit, men Virre og Vapp hadde vel rota oss vekk i skogen viss ikkje.
Pappa, med "bua" i bakgrunnen

Anne!! :) (Virre...)

...og Alice (Vapp)

Utsikta frå "bua", Vatne!


På "gatevegen" opp til Ulstasetra gjekk vi etter kvarandre i ei trakka rås, og Anne gjekk først. Anne ante fred og ingen fare, då eg sneik meg vekk og gøymte meg bak ein stein. Ho merka etter ei stund med trakking at eg ikkje var der, BORTE VEKK! Hahaha, kan tru eg flira godt der eg sat, og ho skjønte lite.
Anne: "Eh...halloooo....?" Ho var plutseleg heilt aleine i verda!

TITT TEI
Eg er altså den raude flekken bak steinen!

Tjihi!! Moroklumpen! Ja ja, det var jo 1. april også da!

Anne i tunnel av gran!

Og så årets beste snap-shot!
HIPP HOPP!!!!
Biletet fortel meir enn ord: 

Og for alle Kaizers fans, ta en titt og kos deg. Litt dårleg lyd, men det går fint!
Likte godt at JanOve vinker til oss på slutten der... Anne og meg heilt i 100!! ;)


GOD PÅSKE!