torsdag 29. mars 2012

Så er vi i gang...

NO, endeleg er vi så smått i gang med å lysne stua og kjøkkenet vårt! Første for tur er "piano-loungen" vår. No ser det litt scary ut faktisk, med piano og møbler plasta over. Men det trengs når ein skal male tak! Ideelt sett bør vi flytte vekk møblane som står under taket, men vi har ikkje plass til dei andre stadar akkurat no. Men møblane er både i vegen, og nyttig der der står.

Eg begynte såvidt å grunne tak i går. Sperregrunn med kvistlakk. Genialt! Då slepp eg å lakke kvistar 2-3 gongar før grunninga. Spare no litt tid slik! Men den er litt ekkel å male med. Eg brukar kost, for denne malinga tørkar fort, og etter ein kveld med maling så klumpar malinga seg opp i botnen av penselen, så då må den berre kastast. Dette gjorde at eg måtte grunne ferdig heile taket same kveld.
Eg klatra på både trappestige og møblar. Armane verka, skuldrande skreik og nakken stivna.
Eg jogga faktisk før eg begynte. Då fekk eg noko verk i eit kne, og var veldig sår i lungene (dårlig kondis, eller noko slikt?) Og i tillegg til å puste inn malingslukt i 3-4 timar, så fekk eg faktisk astma. Det er første gong på veldig lenge at eg måtte ty til spray!
Men eg synes det blir rett så fint med kvitt tak!

Eg blei heilt ferdig, her var 1/3 ferdig, og allereie sliten og lei.
Tenk, vi har ca 4/5 med tak igjen. Og i tillegg skal vi ha 2 malingsstrøk på! Håper eg blir ferdig til jul!

Vi skal også ha plater direkte på veggen. Desse er ferdigmala (HELDIGVIS) og spikrast direkte på veggen. Tjukk tapetstrie med mange lag raudmaling gjer at vi berre må plate veggane inne, det nyttar ikkje å "rive av" tapetet.
Vi har kjøpt litt av platene no på tilbod og fått dei i hus, og no driv dei og akklimatiserer seg på stova. Dermed tek dei opp ein stor del av stovegolvet, og deler stova i to. Der ligg også en haug med gerikter som vi snublar i.
Og når vi då også har brukt pianostova til tørkeplass for stativ med kle, så vart det kaos i går kveld.
Stativet oppå platene, og labyrint mellom tv-stova og pianostova.

Men, det skal bli betre! Når klea tørkar skal det ikkje tørkast meir på stova på ei stund. Det vil hjelpe litt. Pluss at eg må rydde i rotet, og få litt kjekkare stove sjølv om den blir pussa opp.

I dag er eg halt, stiv og støl, og har bestemt meg for at det ikkje vert noko maling i dag. I dag blir det rydding og klargjering til plating. Og sidan det er palmehelg no til helga, så kan det no hende eg set fram eit gult lys også, og ein kylling om eg finn...

mandag 26. mars 2012

Vårsyslar hos The Rotevatns

Oppreinsking etter Dagmar:
(Forrige veke)
Her har Rune og Rolf fått bort dei gedigne grantrea, og rota har lagt seg ned att.
Minner om korleis det såg ut dagen etter orkanen:

"Kvistar" store som normale grantre måtte samlast ihop, vinsjast ned, køyrast vekk med traktor, og no har vi største jonsokbålet ved vatnet! Blodslit!
Traktoren og Rolf vart ikkje med på biletet, men Rune er den lille gule og svarte bia

No er vi eit lite steg på veg med å rette opp att skadane, og treng "berre" gravemaskin, gravar, stein, pukk, og nokon som vil ha tømmer så er vi vel i mål.

Ellers har vi andre prosjekt også på gang. Berre å stramme fletta.... 
...og byrje å grunne og måle inne på stova og kjøkkenet. No skal alt mørkeblå, gule og burgunder bli til kvitt og lysegrått! Og brystpanel vekk! Vi skal ha ferdigmalte panelplater på veggane, men det vil seie det blir mykje malejobb på taket framover på oss. Så eg har måla på dragarar og karmar!
Ingen hemmelegheit at vi har hatt grelle fargar ei stund no!
Og nok er nok!

I helga har vi hatt 2 dagar med skikkeleg sommarver! Det har vore strålande sol, t-skjorte varmt, fuglekvitter og glede. Vi har dermed byrja på hagearbeidet med å plukke kvistar (7-8 trillebårlass) reinska ut av bedda, pussa rust og lakka hammocken, vaska bil, hogd ved og styra på.
Og på laurdag fekk vi passe naboen sin hund Malo også. Ho er berre såååå skjønn. Kjekt med litt hundepause innimellom arbeidet! Men denne hunden var eg allergisk mot, så slik kan vi ikkje skaffe oss dessverre. Men ei lita stund måtte eg berre halde ut. Kven hadde ikkje gjort det liksom?

Berre elskar dette biletet! Rune <3

Malo

Men ein annan bitteliten søting som passar til sitt namn, Leo (?), er også veldig skjønn og fin! Denne er eg "tante" til, og er veldig glad for det! Han er eg ikkje allergisk mot! Ikkje enno iallefall!

Ellers har vi også passa på å nyte sola og sommaren denne helga, og ikkje berre jobba og slitt. Så på ettermiddagen tok vi vår første utepils på verandaen, og om kvelden kosa vi oss med dette:

Sommaren er komen!
(I alle fall for denne helga, og det gjorde godt)

onsdag 21. mars 2012

Mesterhuskonferanse i Ålesund

9. - 11. mars var Mesterhus Sunnmøre på Mesterhuskonferanse i Ålesund. Der inkvarterte vi oss på Parken hotell, og der var det konferanser, underhalding, messe, nydeleg mat og fest på kveldane.
Det var ei veldig kjekk helg med mykje moro, ein god del fagleg input, og mykje god mat, og 4 stk prisar!
Vi, Mesterhus Sunnmøre vann mellom anna årets mesterhusbedrift 2011!


Her står vi på scena og har teke i mot prisen. STOLTE!! :)

Ja, eg måtte no posere med prisen aleine også! :)

Eg og Siv

Børre og Rune

Eit av våre to bord under middagen på laurdagen! Ordentlig opplegg!

Ut på natta fann Rune seg ei ledning med ei løkke i som hang frå tekniker-hemsen. Eg utfordra han til å late som han hengte seg i den. Han tok utfordringa, og vann 100 kroner frå meg! Knis! (intern humor)

Tysdagen etterpå feira vi med alle tilsette på kontoret med STOR marsipankake og Mozel!

Prisane våre hadde sjølvsagt komt opp på veggen,

Og vandrepokalen (høvel) og utstillingsmodellen av nyaste Mesterhuset har fått ein spesiell plass!


 Kjekt med slike prisar. Vi er ein flott gjeng, dyktige og flinke!
Så det så!
I tillegg har vi fått oss ein super kontorsykkel! Denne skal eg bruke flittig på mine småærend i staden for varebilen! Vi tek energisparing på alvor! Og så får eg litt trim! :)

fredag 2. mars 2012

No er det vår ikkje sant?

I dag tok eg årets første joggetur rundt Rotevatnet, litt seigare i kroppen enn den siste turen før vinteren, men det er eit mål at det skal bli betre tider!
Og i dag skein sola frå blå himmel, og i sola var det varmt og godt. I skuggen ligg fortsatt frosten og det er minusgrader om natta. Men det går mot lysare og lengre dagar, og eg rakk å jogge rundt og nyte siste solstrålane her heime før sola kraup ned bakom fjella.

Då fekk eg tatt desse fine vårteiknbileta:
Desse snøklokkene står borte ved gamlehuset, og dei var så søte i kveldssola og med litt frost i bakken.
Vi planta om nokon krokusar, som også veks opp ved gamlehuset, i eit av blomsterbedda våre. Dei har såvidt begynt å titte ut av bakken, gleder meg! Og dette nærbiletet viser at eg har ein stor jobb om eit par månader å rydde og luke beddet! Oi oi oi ! jaja, så lenge sola skin!

Det er også viktig å kose seg, og dette har vore min favoritt!! God kaffi fra kaffimaskina mi, og med ein deilig kokosbolle til! Jommi!!

No er det helg og i kveld skal eg besøke Anne mi og veslepus. Vi skal kose oss med spennande kake som Anne har laga, pluss godteri av alle slag! Og noko å drikke på har vi også.
Så eg gleder meg til tøysefredag ilag med Anne!
Tøysefredag!!!

GOD HELG!