søndag 12. februar 2012

Sjuk og svak...

I veka som har vore har eg vore sjuk. Influensa har teke meg, og slått meg ut! Var heime frå jobb mandag, tysdag og onsdag. Følte meg betre på onsdag, så eg gjekk på jobb torsdag. Eg hangla meg gjennom dagen, men fann ut at dette ikkje var lurt. Vart enno verre på torsdagskveld. Hosta og hosta, og tetna heilt til i lungene. Har ofte fått lungeproblem pga astma og slikt før når eg har hatt influense, så det vil eg ikkje få igjen! Det er "noko som går" som heiter mycoplasma også, så eg fekk meg legetime fredag. Der tok dei prøver fra halsen som skal påvise/avvise mycoplasma, og resultatet får eg på mandag.
No er det søndag, og eg føler at hosta har gitt seg litt no, og eg går mot betre tider. Men FYYY så kjedeleg det er å gå heime (les: ligge heime) og vere sjuk og ikkje kan gjere noko nytte for seg! Og i helgane skal ein liksom kose seg og slappe av! Eg har ufrivilleg slappa av, og ikkje kost meg noko særleg! :(

Rune har vore kjempesnill mot meg da. Kjøpt is til meg og min såre hals, halstabletter, godteri, og dulla rundt meg! Godt å ikkje vere aleine! <3

I tillegg fekk eg ein genser og ei tynn hettejakke som han hadde bestilt på nettet. Og ikkje minst denne kjempekule veska/nettet!! Det ER jo MEG!! Goofie!! hahahahahahhaahaaaa!


Artig og kul! Måtte berre nemnast og visast! :) Digga den!

No skal eg fortsette å reparere kroppen med is, varm te, cosylan og enno meir kvile, og satsar på at prøvene i morgon er negative og at eg slepp noko tablettkur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar