torsdag 9. februar 2012

Strikkedilla

Lenge sidan eg har blogga no, og det er ikkje berre fordig eg har fått dilla på strikking! Men i haust lærte eg meg å strikke lester, og slik vart resultatet:


Vart litt korte frå hæl til tå, men det var fordi eg var utålmodig og ville bli ferdig. Men dei blir likevel brukt KVAR DAG av underteikna!  

Desse vart strikka med same antal masker og same oppskrift, men tynnare tråd. Så det vart til jente 10 år, i stadenfor til meg sjølv! Og litt spiss tå kanskje?! Ikkje noko god å ha i ein støvel vil eg tru, men kanskje innesokkar?! Litt søte da. Eg er iallefall litt stolt.
Det er nemleg ei utfordring å strikke med 5 pinnar, der 4 av dei heile tida skal vere masker på. Eg har ofte strikka slik eg har to pinnar lause i handa plutseleg! hehe!

Så kjøpte eg meg mørkeblå boblejakke, og då ville eg så gjerne ha meg eit panneband i ca same farge. Og kvifor ikkje strikke eit sjølv?
Enkelt og greit, og med tre knappar på så vart det no rett så fint synes eg.

Eg berre MÅ bemerke at "modellen" er kjempesjuk no når eg tok bileta! Ser noko bleik ut med ringar under augene. (stakkar meg). Men må no ha eit hovude å ha bandet på når eg skal ta bilete, og hr Rotevatn ville ikkje :-P hehehe!


Dei to lyse knappane er kjempesøte, med bittesmå blomster inni.
Strikka rett fram og tilbake. Kjempelett!
*********

Det neste pannebandet strikka eg no denne veka når eg har vore sjuk og heime frå jobb. Eg får litt sånn 70tals skidress-kjensle når eg ser på både fargane og bandet :)
  
 Dette er litt meir spesielt. Det visast kanskje tydelegare på biletet uten hovudet inni under:
Her har eg strikka berre fram og tilbake rett, og så med kvit i mellom som er med glattstrikk.

Eg kan ikkje strikke etter oppskrift, og kan ikkje heilt namna for både mønster og måte, men pyttsann!
Likar å strikke ting eg verkeleg får bruk for!
No skal eg til å strikke eit i fargane raudt og svart. Anar ikkje korleis eg skal strikke det, men får no sjå kva det blir til! Blir det berre tull, så kan eg no lage ein julenisse av det eller noko ;)

2 kommentarer:

  1. Så flink du er å strikke, Alice! Det blå pannebandet vart særleg fint. Eg elskar knappedekor :) God betring til deg. AM

    SvarSlett
  2. Hehe, takk for det Anne Marta! :) Kjekt å høyre for ei som er heilt fersk i faget! ;)
    Det blå er det penaste ja, heilt einig! Det stripa er litt sånn stygt-kult, så det er det eg har brukt i det siste! :P Tenker at om det hadde vore merka med "Bula" eller noko, så hadde det brått vorte kjempetøfft! :D :D
    Forma er stigande, men lungene er sjuke og svake. Men dei kjem seg nok dei me!
    GOD HELG!

    SvarSlett