onsdag 21. desember 2011

Juleoppdatering

Det har vore adventstid og juleførebuingar ei lang tid hos The Rotevatns. Vi har ikkje pynta så mykje i år som før, sidan vi skal vere vekke på juleaftan. Men frå 1. advent så har julekalenderen hengt klar til både glede og kos for begge to. 12 pakkar kvar som vi kjøper til kvarandre. Koseleg!


Snøen kom også, og snøfresaren vår fekk ta sin jomfrutur på tunet til The Rotevatns. Rune freste den fram frå under verandaen og tok ein tur over vegen. Den fungerte kjempefint og gikk som ei klokke!


Denne "arva" vi frå morfar. Eg trur han hadde flira ta oss der vi kniste og flirte ta Rune, og ta meg som tok bilete frå verandaen! Blir nok ikkje siste turen denne vinteren.

Så var vi på julebord med Mesterhus på Hotel Alexandra i Loen. Ei heil helg med følgje og born. Kjempekoseleg. Legg ved nokre bilete ta det opphaldet:


 Maten var kjempegod, rommet fint, stemninga bra, men musikken dårleg! Veldig dårleg! Berre sjå uttrykket til Rune, som vart tvungen inn i "dancingen" ei lita periode kvar kveld :)
 Deileg å slappe av på rommet med badekåpe og tøfler, og godteri som eg hadde ordna til alle romma.
Så var det berre å ordne seg til julebordkveld nr 2 laurdagskvelden.
Hårsveisen :)
Denne kvelden var også kjempekjekk! Hadde eit flott opphald med ein fin gjeng! 


No er vi inne i siste veka før julehelga. Alle gåver er innkjøpt og pakka inn, litt raudt har komt på borda, og julestjerner og adventstake lyser opp i vindauga. Huset er vaska sånn passeleg nok, og vi er klar for juleferie!
No har Rune 1 dag igjen på jobb, medan eg har 2, sååå er det julehelg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar