torsdag 1. desember 2011

Uflaks igjen, men det løyste seg!

Ei ulykke kjem aldri aleine, har eg høyrt.
I går kveld streika komfyren vår midt under middagslaginga. Sikringa hadde gått på den kursen, så vi skifta den. Omnen virka igjen, men den gjorde ekstremt utslag på målaren. Vi skrudde av og på jordfeilbrytaren, og då virka den ikkje lenger... Merkeleg!
Vi både dunka i omnen og klappa den og gjorde alt vi kunne oss med i sikringsskapet. Fann ingen feil, og vi fekk ikkje til noko.
Då fekk vi stressanfall begge to: Vi skal pusse opp kjøkkenet om kanskje 1 år, så å kjøpe ny innbyggingsomn vil føre til at vi må setje opp ei mellombels løysing med benkeplate og skap under, heimesnikra, til den nye omnen med topp på. Men vi veit no ikkje kva merke vi vil ha, eller farge, så det vert no berre stress. Og å kjøpe ein ny frittståande "gammaldags" omn (som vi har no) det vert no berre å kaste pengar ut av lufta...
Såg litt svart på dette her i går. Bagettane som vi hadde halvsteikt vart heilsteikt på ettervarmen frå omnen, og baconet surra vi i steikepanne på vedomnen! :) Så vi fekk i oss mat, varm mat, og humøret vart litt betre.

I dag kontakta vi elektrikar, og han kunne fortelje oss via telefon kva vi skulle gjere. Det var noko i sikringsskapet! Så no virker omnen igjen!! HURRA!!
Så då løyste det seg gitt! Hell i uhell då!

No skal eg ha ein god dag, og ønskjer deg det og!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar