torsdag 6. oktober 2011

Tøff i trynet FØR joggeturen, men...

Onsdag kl 19.00 bestemte eg meg for å jogge rundt vatnet. Heiv på meg klede, tok eit bilete av meg sjølv for å vise kor tøff eg var (bevis!), og var klar på trappa 19.10. Trossa både regn og kulde!

Kl. 19.30 var det mørkt...! Litt for tidleg og litt for kjapt!
Fy altså, det hjalp ikkje med kor mange refleksar eg hadde på meg når det ikkje var lys nokon stad. Hovudlykt trudde eg at eg skulle sleppe. Og når eg var på andre sida av vatnet uten gatelys, så vart det meir springing enn gåing, og gubban så peist eg vart! Og det var også for seint å snu. Like langt fram som tilbake!
Møtte to personar rundt der, og vi såg ikkje kvarandre før vi var ca 20 meter frå kvarandre. Om det var ein hjort eller eit menneske var uvisst før vi var nærmare!
Ikkje at der er noko farleg der på vegane kanskje, men det er ekkelt når ein ikkje ser kor ein joggar, og er nervøs for den vi møter, redd for hjort og bjørn og andre dyr, og spøkelse som visst nok skal ferdast der...!

Så eg har lært leksa mi no: Ikkje jogg eller gå rundt vatnet når det er skumring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar