Fredag var det ekstremt regnver! Det rann 17 elver frå Rotsethornet (noko Rune sei han aldri har høyrt skjedd før) og det var blautt og vått over alt!
Så for ein gong skuld tok eg på meg støvlar når eg skulle på jobb, og så parkerte eg for første gong i haust nede i parkeringskjellaren for å skåne bilen (og meg sjølv).
Og eg hadde både flaks og uflaks denne gongen. Det vart flaum i parkeringskjellaren, så stakkar bilen stod i vatn i maaange timar. Heldigvis hadde eg støvlar(!) og kunne gå ned og passe på medan folk dreiv å pumpa ut vatnet.
Rune redda også båten vår. Rotevatnet er kjempehøgt, og heile stranda vår er 1 meter under vatn! Difor var det fare på ferde for båten vår også. Den hadde vi tømt for vatn og lagt opp-ned på stranda, og no låg den berre og duppa. Den var heller ikkje bitta fast. Så han hoppa ut i vatnet og vassa i joggesko og joggebukse heilt opp til midja, og det var IS-KALDT. Umogleg å få den på land, då måtte han fått den opp i eit tre såfall! Men fekk iallefall bitta den fast.
No synes vi det er nok nedbør for i år!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar