Først for snart 1 år sidan, kom Ricco på besøk. Han er kvalpen til ein kollega som ofte er innom kontoret og helsar på. Han passa eg ei helg heime også. Han er berre sooo skjønn!
Og no er han blitt litt stor!
Ein slik vil eg ha!! Cavalier King Charles Spaniel.
Må innrømme at eg blir litt kvalpesjuk når eg får vere med desse søte hundane. Eine er nesten baby fortsatt, medan den andre er "tenåring" og litt rampete for tida! Men du og du så fine dei er!
Eg er no allergisk, dessverre. Men eg tåler Ricco veldig godt. Eg tåler Leo også foreløpig, men det er verre med vaksne versjonar av Leo.
Håper The Rotevatns kan få seg ein hund ein gong i framtida! Då har eg lyst på ein "Ricco" eller ein Border Collie. Iallefall ein med litt lang pels, og ikkje altfor stor.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar