torsdag 27. oktober 2011

Kvalpesjuka!

Det er jammen kjekt å ver på jobb for tida! :)
Først for snart 1 år sidan, kom Ricco på besøk. Han er kvalpen til ein kollega som ofte er innom kontoret og helsar på. Han passa eg ei helg heime også. Han er berre sooo skjønn!
Og no er han blitt litt stor!
Ein slik vil eg ha!! Cavalier King Charles Spaniel.

Så veit du, har vi fått ein ny liten tass på kontoret. Jack Russel Terrier. Og han er berre 9 veker gamal og er så nusselig og deilig atte! *smelt*  Kollegaen min som eig han er på kontoret kvar dag! :)


Og for å prøve og vise kor liten han faktisk er så ser de han her i full firsprang med den STORE bamsen sin bortetter golvet. Bamsegrisen er nesten like stor som Leo, men den får jammen gjennomgå likevel!

Må innrømme at eg blir litt kvalpesjuk når eg får vere med desse søte hundane. Eine er nesten baby fortsatt, medan den andre er "tenåring" og litt rampete for tida! Men du og du så fine dei er!
Eg er no allergisk, dessverre. Men eg tåler Ricco veldig godt. Eg tåler Leo også foreløpig, men det er verre med vaksne versjonar av Leo.
Håper The Rotevatns kan få seg ein hund ein gong i framtida! Då har eg lyst på ein "Ricco" eller ein Border Collie. Iallefall ein med litt lang pels, og ikkje altfor stor.

mandag 24. oktober 2011

Aced it

Jippi!! Fekk svar på innsending nr 3, og eg fekk





Så no er eg storfornøgd og ferdig med kurset praktisk personalarbeid på NKS. Det er så deilig!!

Sammenlagt karakter vart då A! Heilt utruleg bra synes no eg! Og uventa!
Skryte-skryte-skryte!
Det tok litt tid å komme i gang med siste av dei 3 oppgåvene, men når ein først set seg ned så går det no unna. Og eg er veldig glad for at eg tok dette kurset og har gjennomført det!

søndag 16. oktober 2011

FERDIG

Wooohoooo! No er eg ferdig med siste oppgåva, og eg har sendt den inn til veileiaren. Det er skummelt, spennande og deilig på ein gong.
Eg unna meg ein deilig singelmiddag med kyllingfilet, bacon, ris, paprika, salat og kyllingsaus! Deilig, mektig og nydelig godt! Ser nesten ikkje filet bitane under sausen og baconet, men den er der! :-P



Så no sit eg mett og fornøgd, og letta og tung på ein gong av kvar sine grunnar! ;)

Rune er i Ålesund i dag. Han besøker Kari (svigermor) og skal vere der til i morgon. Då skal han ta bussen til Oslo, og gjett kven han skal møte der? MEG VEL!!! :)
Vi gleder oss til ein liten ferie i Oslo, og mykje som skal skje, mange vi skal møte, og mykje vi skal oppleve. Godt med ein liten haustferie.
Eg elskar OSHLOOOO!!! :)

fredag 14. oktober 2011

Student



Onsdag og torsdag har eg etter jobb skrive på siste oppgåva mi i fjernundervisningskurset mitt. Pratksik personalarbeid! Det er altfor lenge sidan eg skreiv oppgåve 1 og 2, og siste oppgåva vart levert i mai. Så det er på tide å bli ferdig!
Sjølv om sola skein for første gong på laaaaang tid, så sette eg meg ned etter middag med inspirerande happymusikk på øyrene, og med ein sterk kaffe, og skreiv så tastaturane knasta!!
Er ikkje ferdig, på ingen måte, men er då i gong!

Men no er det fredagskveld og skulefri! Så då får pensjonsordningar, oppfølging av sjukmeldte, personalleiing og andre ting ligge for ei LITA stund. :)

søndag 9. oktober 2011

Regn, regn, regn...

Fredag var det ekstremt regnver! Det rann 17 elver frå Rotsethornet (noko Rune sei han aldri har høyrt skjedd før) og det var blautt og vått over alt!
Så for ein gong skuld tok eg på meg støvlar når eg skulle på jobb, og så parkerte eg for første gong i haust nede i parkeringskjellaren for å skåne bilen (og meg sjølv).
Og eg hadde både flaks og uflaks denne gongen. Det vart flaum i parkeringskjellaren, så stakkar bilen stod i vatn i maaange timar. Heldigvis hadde eg støvlar(!) og kunne gå ned og passe på medan folk dreiv å pumpa ut vatnet.




Rune redda også båten vår. Rotevatnet er kjempehøgt, og heile stranda vår er 1 meter under vatn! Difor var det fare på ferde for båten vår også. Den hadde vi tømt for vatn og lagt opp-ned på stranda, og no låg den berre og duppa. Den var heller ikkje bitta fast. Så han hoppa ut i vatnet og vassa i joggesko og joggebukse heilt opp til midja, og det var IS-KALDT. Umogleg å få den på land, då måtte han fått den opp i eit tre såfall! Men fekk iallefall bitta den fast.

No synes vi det er nok nedbør for i år!

fredag 7. oktober 2011

Rosa oktober

Rosa sløyfe-aksjonen arrangerast for 13. gang i Norge i oktober. Kvart år får nærare 2600 kvinner i Norge diagnosen brystkreft. Det betyr at ei av tolv kvinner får brystkreft i løpet av livet.
Målet med aksjonen er å vise solidaritet med dei som er ramma, auke kunnskapen om brystkreft og å samle inn pengar til forskning og andre brystkreftrelaterte prosjekt. Grunna forskinga overlever stadig fleire. Men vidare forskning er nødvendig for tidleg oppdaging, betre handsaming og auka overleving.
 

  
Eg har kjøpt meg to produkt på nettbutikken deira: http://nettbutikk.kreftforeningen.no/
Og der la eg også inn ein gåvesum, som sjølvsagt er heilt frivilleg. 

Oppfordrar alle til å gjere det same! :)
 

torsdag 6. oktober 2011

Tøff i trynet FØR joggeturen, men...

Onsdag kl 19.00 bestemte eg meg for å jogge rundt vatnet. Heiv på meg klede, tok eit bilete av meg sjølv for å vise kor tøff eg var (bevis!), og var klar på trappa 19.10. Trossa både regn og kulde!

Kl. 19.30 var det mørkt...! Litt for tidleg og litt for kjapt!
Fy altså, det hjalp ikkje med kor mange refleksar eg hadde på meg når det ikkje var lys nokon stad. Hovudlykt trudde eg at eg skulle sleppe. Og når eg var på andre sida av vatnet uten gatelys, så vart det meir springing enn gåing, og gubban så peist eg vart! Og det var også for seint å snu. Like langt fram som tilbake!
Møtte to personar rundt der, og vi såg ikkje kvarandre før vi var ca 20 meter frå kvarandre. Om det var ein hjort eller eit menneske var uvisst før vi var nærmare!
Ikkje at der er noko farleg der på vegane kanskje, men det er ekkelt når ein ikkje ser kor ein joggar, og er nervøs for den vi møter, redd for hjort og bjørn og andre dyr, og spøkelse som visst nok skal ferdast der...!

Så eg har lært leksa mi no: Ikkje jogg eller gå rundt vatnet når det er skumring!

onsdag 5. oktober 2011

Hauststorm!!

Hjeeeeelp!!
Med gigantiske tre som ruvar rundt huset, kraftig vind med storm i kasta, kvistar som dett av og smell i veggen og nøtter som peprar taket, så er det berre ein ting å gjere:
Legge seg ned i sofaen i stova og sove der om natta!!

Vart ikkje mykje søvn denne natta, men det var no litt koseleg på sitt vis også.
Her tek Rune bilete av meg om morgonen!!
(haha, lampa ser mega skeiv ut, men den er ikkje det altså! Eller er det vinden som bles gjennom veggen!?)

lørdag 1. oktober 2011

Zumba, vin, og andre ting!

Her er eg på Tren og er klar til ei treningsøkt med zumba! Det er kjempegøy å danse zumba, og det er veldig bra trening også! Eg trener som regel spinning, styrke eller jogger. Men ein zumbatime er veldig kjekt! Dansar som ein typisk nordmann med "norwegian stiffness" men skitt la gå, det er gøy! :)


Ser litt alvorlig ut her, men sånn er det når ein skal ta bilete FORT i garderoba før nokon ser det! :) :) Hahahaha! 

Ein annan ting eg har oppdaga: Ein kjekk liten "leskedrikk-pose" med kvitvin! Måtte berre kjøpe og prøve!
God var den også! 
Så denne gjekk med ein fredagskveld etter ein tur ned til vatnet for å tømme båten vår. God premie! 

  
Slik såg det ut på biblioteket til Anne når eg kom på besøk ein sein onsdagskveld. Kjempekoseleg, og snille Anne hadde diska opp med melkesjokolade-is med bringebær, kokosboller og kjeks, med farris og kaffe til! Mmmm! Servert med moccakoppane hennar!
Gleder meg til eg får mine moccakoppar i hus som eg arva etter mi kjære mormor! Dei er så søte!! :)

Forrige helg var det Bendit cup på Volda stadion, og minste tanteguten min Oliver var med i cupen! Det er han i midten med blå bendit-jakke! Stolt augenblink dette når dei fekk premier med høgtideleg utdeling! Han var keeper i den kampen tante og onkel Rotevatn såg på, og han er kjempeflink!!

Ellers fekk vi oppleve SOMMAR i Volda, 29. september! Så då drog vi fram piknik-teppet på plenen, spiste reker og bagetter og kosa oss kjempemasse! Det var sol og over 20 grader, og det gjorde godt!
Då fekk vi litt sommar før hausten kjem! :)



Kjekke mannen min! :)