onsdag 10. august 2011

1. del av Osloturen

No er det ei stund sidan eg har skrive noko her. Mykje har skjedd, grusomme ting.
Vi utsette reisa vår til Oslo pga dårleg ver og andre praktiske årsaker, og er eigentleg litt glad for det.
22. juli vart ein dag som alle i Noreg, og heile verda, kjem til å hugse. Ufatteleg trist og sjokkerande, og alle tankar går til pårørande og overlevande etter bomba i regjeringsbygget i Oslo og drapa på ungdommane på Utøya.
Vi reiste til Oslo veka etterpå, og eg tok nokre bilete som eg ønskjer å dele. Det var eit sterkt syn, djupe inntrykk! Men stemninga blandt folket i gatene var faktisk berre fylt av kjærleik. Utruleg samhald og varme.

VG- bygget                       Regjeringsbygget

Nokon hadde strikka ei "strømpe" rundt eit tre som folk festa blomar i, og oppryddinga var godt i gang. Utruleg mykje glas i gatene!

Vi la roser i rosehavet utanfor Domkyrkja.  Og var også nede og såg på om natta. Ufatteleg sterkt og trist!

Og avsluttar med nokre symbolse bilete:


Slike grusomme tragedier minner oss sterkt om at det ikkje er 100% trygt sjølv i vesle Noreg, det finns mange galne folk som ein ikkje kan verken forutsjå eller forstå! Livet er ikkje ei sjølvfølgje, og ein veit aldri kva morgondagen bringer.
"Og størst av alt er kjærleiken" - pass på kvarandre, ver glad i kvarandre og vis det! Saman er vi sterke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar