No er det bryllaup og eit par dagar i Molde-"by?" som står for tur!
Hotellet var veldig flott! Fekk rom i toppetasjen, og servicen var kjempebra! Vi gjekk rundt i byen for å finne ein stad og spise. Fann ikkje så mange alternativ, så endte opp på ein italiensk restaurant og spiste pizza og kyllingburger. Men godt var det!
Rusla ein tur for å finne ein chill plass for eit par øl, men byen var nokså død etter Jazzfestivalen som nettopp hadde vore. Eg fann roser da!! I "rosenes by" :)
Fredag vart det kjempefint ver, og fru Rotevatn trava rundt i gatene aleine før hr Rotevatn vakna. Men eg fann meg ikkje noko anna enn småpjask.
Og når hr Rotevatn vakna så gjekk vi på brygga og eg fekk meg ein STOR soft-is, som eigentleg var LITEN i følgje menyen i kiosken! NAM NAM!! NYDELIG!
Laurdag 6. august stod vi opp tidleg og spiste frokost på hotellet før vi gjorde oss i stand til årets bryllaup!
Marthe + Bjørn
Marthe + Bjørn
Vi køyrde avgårde til gamle Rødven stavkyrkje. Ei kyrkje fra 1200 talet!
Her måtte mennene sitje på høgre side, og kvinnene på venstre!
Her er Rune og onkel Lars (Det var plass til 4 personar på kvar benk.)
Når bruda kom i bil ned bakken drog toastmasteren i tauet i midtgangen for å ringe med kyrkjeklokkene!
Så endeleg kom den utruleg vakre bruda Marthe inn døra ilag med sin far. Ho var så fin at det var ikkje eit tørt auge i kyrkja.
Brudgom Bjørn felte nokre tårer av kjærleik og beundring, og dei var so flotte!!
Etter ei fantastisk vigsle med verdens kulaste, standupkomikar av ein prest, så var det bryllaupsfest på Reiten! Stort partytelt i hagen, med nydeleg mat og eige band!
Eg fekk ære av å halde ein av talane, som svigerinne til Bjørn og venninne OG svigerinne til Marthe.
Gratulerer med dagen, og lykke til, kjære Marthe og Bjørn!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar