tirsdag 26. juli 2011

Slik har ferien vore så langt...

1. sommerferieveka brukte vi til maling av husveggar og verandarekkverk. Det var god utnytting av sommarferien synes vi, sjølv om det var då dei einaste 3-4 dagane med finever var, og at vi i staden for å ligge på solsenger og sole oss så hang vi heller i stilaset og dingla med gulmaling... Men godt med at dette er no gjort! :)
2. ferieveka var det regn og dårleg ver, og ikkje noko som var greitt å gjere ute. Så då må ein berre prøve å kose seg inne. Besøk av svigermor Kari var kjekt denne veka!

Vaflar til frukost er heilt flott!
Og det ER sommarferie, så eg og Anne tok oss ein "shoppingtur" til Ørsta. Dagens fangst for meg var ei Lee-bukse og eit armband. Ikkje så frykteleg mange butikkar her dessverre, men det var kjekt å kome seg litt "ut på tur".
Ja, og så deilig kule-is!! DET var godt det!! :P

Ellers er vi no inne i den 3. veka med ferie, og håpar på å finne sola.
1. strøk med kvitmaling på huset vart gjort ein dag det var opplett, og så skal vi ta siste strøket i morgon. Det er meldt opplett igjen! Wow!
Men sååå skal vi ta ferie frå maling. Kanskje kjem sola også?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar