Sidan sommar og varme dagar frå midten av april og til "hausten" kom att i mai, så har det no i grunnen skjedd både mykje og lite hos The Rotevatns.
Vi har eit naust!
Vi eig eit eit stort område i Vikebygda som i dag berre er attgrodd skog. Der er mykje ved, og vi skulle kike på moglegheitene for skoging. Gjekk ned til vatnet, og der stod det eit gamalt naust med ein holete båt inni som vi eig! Tenk å ikkje vite om dette? Berre skrot, men moro lell!! Vi eig no eit naust ved Rotevatnet! Kult! :)
Verandaen får seg nymåla golv og sydentre!

Verandaen vår vart bygd i juni i fjor, og når det var "sommar" i april med 20 grader og opphald tok The Rotevatns føre seg verandagolvet! Vasking og rensing, men busta reiste seg på golvet og vi måtte slipe det ned. Så var det berre å vaske igjen, og så var det berre å vente på det tørka. Fru Rotevatn kjøpte eit "nordens palme"-tre til Hr. Rotevatn. Den kalla han enkelt og greit for "Rune". Den er litt som han: Trivs best med varme og sol, og rikeleg med vatn. Og så går den i dvale om vinteren! :) Den kan forresten bli 2.5 meter høg!!
Og slik vart golvet: SHIMMER GRÅ heiter fargen.
Legg merke til at alt er trykka inn til veggen pga all øs-pøs-regnet som heile tida plaska ned for tida. :( Eg tok bilete i eit oppletta augenblink! "Rune" trivst med mykje vatn, men må stå litt i le for regnet innimellom. Dette treet er eit lysglimt i triste regnversdagar med 12 grader og sur vind!
17. mai
"17. mai er vi så glad i!" Ja, det er vi, men vi er også veldig glad i kvarandre! <3 Dagen vart feira med middag ute på "Hamna", og så kosa vi oss med eit par bobler i glaset etterpå. Nice! PS: Vi gjekk ikkje i tog! Det regna jo som vanleg!!
Søtt, godt og bittert!

I skrivande augenblink er det søndag, opplett, og fuglane kvitrar. Men Yr og Storm melder om regn, regn og øs-pøs-regn. Men det er lov å drøyme om sol sjølv om det er vanskeleg å få draumane oppfylte!
For now:
"Thats all folks"
For now:
"Thats all folks"
Det var eit kjempekoseleg innlegg, Alice! Terrassen vart KJEMPEFIN!!! Er det beis det har brukt, eller? :) Sto fint til huset, og til dei überkule møblane. Og "Rune", ikkje minst. Gledar meg til å snart(?)kome på besøk, ein gong etter innflyttinga som er i neste veke. Hejdå!
SvarSlettTakk snille du! :)
SvarSlettJa, det er beis! Beis er å foretrekke framfor olje! (Mindre vedlikehald) Den er litt sånn shimmer-gjennomsiktig-aktig! 1 strøk! Ja, "Rune" er kjempekul! Men trur han frys no i plaskregn og storm! :(
Ja, du må snart kome på besøk! :) Får håpe det blir litt finare ver så kan vi kanskje sitte der ute også! :)