Fredagskveld kl 23.00 vart det bestemt at gruppa skulle komme til oss på brunsj neste dag! Så då var det berre å hive seg rundt og rydde og vaske. Så stakk vi på butikken laurdags føremiddagen og shoppa god mat.
Rune var kjøkkensjef og diska opp med deilig lunsj, og med jordbær og bobler attåt!
Rune var kjøkkensjef og diska opp med deilig lunsj, og med jordbær og bobler attåt!
Gruppa kom som avtalt og då var det berre å sprette korkene på boblene og innta den gode maten.
Kjekt med kjekke folk på besøk, og Rune kosa seg glugg med kompisane med same interesser og musikksmak. Så då var det berre å vise dei ned på musikkrommet og høyre god punkrock der!
Kjekk gjeng!
Så vart klokka 16.00 og dei måtte vidare til Ålesund på spelejobb der.
Hej då! Sjåast forhåpentlegvis snart igjen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar