Kvalmande god!!
Laurdag 23. april var det tid for å lage kake hos The Rotevatns. Starta i 21-tida om kvelden med knusing av kjeks, og slutta kl 01.00 på natta, med siste "strøk" på kaketoppen!
Slik ser det ut når ostefløtekremen, kremfløta og kakebunnen er ferdig. Resten av oreokjeksa ligg knekt opp i den lille bollen.
Så var det tid for å legge på nokre lag, og piske sjokolademousse
Nam nam nam!! Veldig godt med litt restemousse i bollen! :-P
Omsider var det berre å legge på siste "strøket" og pynte. Måtte ha ein Oreokjeks i midten slik folk såg kva slags kake det eigentleg var! ;)
Sjokoladesausen er slik på flaske som stivnar! Mmmm!!
Så kom søndagen, 24. april og bursdag! Og eg måtte ta BUSS til Vatne. Grunnen var at bilen vår hamna på "sjukehus" i påska... :(
Då var det eg og kaka på tur. Først buss til Moa:
Så var det skifte av buss, og vi sette oss på bussen til Dragsund.
Heldigvis har eg kjøleelement i kaketina! :)
Heldigvis har eg kjøleelement i kaketina! :)
Der vart vi henta av mamma og pappa i bobil!
Og vi køyrde til Vatne, kaka ståande på bordet!
Og vi køyrde til Vatne, kaka ståande på bordet!
Kaka overlevde turen, og det gjorde også fru Rotevatn!
Og eit par ferske tenåringsgutar fekk Oreokake på kakebordet! Riktig nok ilag med mange andre gode kaker!
Og eit par ferske tenåringsgutar fekk Oreokake på kakebordet! Riktig nok ilag med mange andre gode kaker!
NO VART DET FEIRING AV 13 ÅRS DAGEN TIL KJEKKASTE TVILLINGGUTAR!
haha -for ei fantastisk reise Orea-kaka di måtte ut på :) nam nam nam! :)
SvarSlett