fredag 27. mai 2011

Nerd alert!!

 


Ja, kva meir skal eg skrive? :)
Kan melde om at eg er svært fornøgd med denne bokstaven!

Alice The Nerd!

søndag 22. mai 2011

What's happenin' with The Rotevatns?

Sidan sommar og varme dagar  frå midten av april og til "hausten" kom att i mai, så har det no i grunnen skjedd både mykje og lite hos The Rotevatns.

Vi har eit naust!


Vi eig eit eit stort område i Vikebygda som i dag berre er attgrodd skog. Der er mykje ved, og vi skulle kike på moglegheitene for skoging. Gjekk ned til vatnet, og der stod det eit gamalt naust med ein holete båt inni som vi eig! Tenk å ikkje vite om dette? Berre skrot, men moro lell!! Vi eig no eit naust ved Rotevatnet! Kult! :)

Verandaen får seg nymåla golv og sydentre! 



Verandaen vår vart bygd i juni i fjor, og når det var "sommar" i april med 20 grader og opphald tok The Rotevatns føre seg verandagolvet! Vasking og rensing, men busta reiste seg på golvet og vi måtte slipe det ned. Så var det berre å vaske igjen, og så var det berre å vente på det tørka. Fru Rotevatn kjøpte eit "nordens palme"-tre til Hr. Rotevatn. Den kalla han enkelt og greit for "Rune". Den er litt som han: Trivs best med varme og sol, og rikeleg med vatn. Og så går den i dvale om vinteren! :) Den kan forresten bli 2.5 meter høg!!
Og slik vart golvet: SHIMMER GRÅ heiter fargen.

Legg merke til at alt er trykka inn til veggen pga all øs-pøs-regnet som heile tida plaska ned for tida. :( Eg tok bilete i eit oppletta augenblink! "Rune" trivst med mykje vatn, men må stå litt i le for regnet innimellom. Dette treet er eit lysglimt i triste regnversdagar med 12 grader og sur vind!

17. mai
"17. mai er vi så glad i!" Ja, det er vi, men vi er også veldig glad i kvarandre! <3 Dagen vart feira med middag ute på "Hamna", og så kosa vi oss med eit par bobler i glaset etterpå. Nice! PS: Vi gjekk ikkje i tog! Det regna jo som vanleg!!

 
Søtt, godt og bittert!

Søtt: "sommarfuggel i vinterland" Slik er det når ein kjenner seg som sommar og bur i vinterland. Hmfr...! Søt er den da, og kjekt å sjå på den! Desse heng på gardinene mine, og har gjort det sidan mars, og fru Rotevatn har sidan då lengta etter sommarland! Eller... "Alice in Wonderland"?

Godt: Og når det bles, regna og er kaldt ute, så er min lille Piccolo, eller Pingvinen min, ei god trøst. Mamge gode kaffikoppar frå denne! Mmmm...

Bittert: Og siste nytt: Ein kar rygga på vår parkerte bil, og vi fekk ei saleg skrape og ein diger bulk. Stakars bilen vår! Den har gått gjennom så mykje i 2011, men dette var heldigvis ikkje bilen sin feil, eller eigarane sin! Men den skal snart bli reparert!

I skrivande augenblink er det søndag, opplett, og fuglane kvitrar. Men Yr og Storm melder om regn, regn og øs-pøs-regn. Men det er lov å drøyme om sol sjølv om det er vanskeleg å få draumane oppfylte!
For now: 
"Thats all folks"



søndag 8. mai 2011

Kalashnikov hos The Rotevatns

Nei, snakkar ikkje om eit maskingever, men punk-rock gruppa Kalashnikov!
Fredagskveld kl 23.00 vart det bestemt at gruppa skulle komme til oss på brunsj neste dag! Så då var det berre å hive seg rundt og rydde og vaske. Så stakk vi på butikken laurdags føremiddagen og shoppa god mat.
Rune var kjøkkensjef og diska opp med deilig lunsj, og med jordbær og bobler attåt!


Gruppa kom som avtalt og då var det berre å sprette korkene på boblene og innta den gode maten.


Kjekt med kjekke folk på besøk, og Rune kosa seg glugg med kompisane med same interesser og musikksmak. Så då var det berre å vise dei ned på musikkrommet og høyre god punkrock der!
Kjekk gjeng!

Så vart klokka 16.00 og dei måtte vidare til Ålesund på spelejobb der.
Hej då! Sjåast forhåpentlegvis snart igjen!






mandag 2. mai 2011

Oreokake, frå Volda til Vatne

Eg skreiv eg skulle lage eit innlegg om Oreokaka si ferd frå kjekspakka og fløtekartongen i Volda, til bursdagsfesten på Vatne. Wannabe husmora har funne ei oppskrift på kake som ho klarer å lage heilt sjølv! Det tek også veldig lang tid å lage denne kaka, og mykje pisking og oppvask. Men du og du så god den kaka er!!
Kvalmande god!!
Laurdag 23. april var det tid for å lage kake hos The Rotevatns. Starta i 21-tida om kvelden med knusing av kjeks, og slutta kl 01.00 på natta, med siste "strøk" på kaketoppen!
Slik ser det ut når ostefløtekremen, kremfløta og kakebunnen er ferdig. Resten av oreokjeksa ligg knekt opp i den lille bollen.

Så var det tid for å legge på nokre lag, og piske sjokolademousse
Nam nam nam!! Veldig godt med litt restemousse i bollen! :-P

Omsider var det berre å legge på siste "strøket" og pynte. Måtte ha ein Oreokjeks i midten slik folk såg kva slags kake det eigentleg var! ;)

Sjokoladesausen er slik på flaske som stivnar! Mmmm!!

Så kom søndagen, 24. april og bursdag! Og eg måtte ta BUSS til Vatne. Grunnen var at bilen vår hamna på "sjukehus" i påska... :(
Då var det eg og kaka på tur. Først buss til Moa:
Så var det skifte av buss, og vi sette oss på bussen til Dragsund.
Heldigvis har eg kjøleelement i kaketina! :)

Der vart vi henta av mamma og pappa i bobil!
Og vi køyrde til Vatne, kaka ståande på bordet!


Kaka overlevde turen, og det gjorde også fru Rotevatn!
Og eit par ferske tenåringsgutar fekk Oreokake på kakebordet! Riktig nok ilag med mange andre gode kaker!


NO VART DET FEIRING AV 13 ÅRS DAGEN TIL KJEKKASTE TVILLINGGUTAR!