fredag 14. oktober 2016

Trudde eg hadde mista Rune min

Rune, min alt!

Det har vore ei tid med opplevingar som gjer at ein verkeleg tenker seg om og set pris på det ein har, og på kvarandre.
Dette er mannen som betyr alt for meg.
Vi er to mennesker, men likevel eitt.

Her er vi på biltur på Reset i Volda, og nyt den fine haustdagen. 1 veke etter hendinga. Andre går på føtene på fjelltur no i haustsola, men vi tek det heller litt roleg. Enno. Men heldigvis går det nok ikkje mange dagane før denne karen er på tur igjen! Takk og lov!
Rune gav fru Rotevatn sitt største sjokk og skrekkoppleving forrige søndag.
Eg vakna av at Rune hadde kramper, han laga berre lydar, fekk ikkje til å prate og han var rett og slett "borte". Det var umogleg å kommunisere med han. Han reagerte såvidt på namnet sitt når eg ropa. Han klarte ikkje reise seg eller snu seg, og eg fekk ikkje til å hjelpe han på andre måtar enn å sørge for han pusta bra. Kl. 10.00 ringte eg 113, og etter berre 5-6 min. var dei inne i huset. Eg kan ikkje beskrive kor mykje eg set pris på å ha sjukehuset så nærme! Og for nokon utruleg flinke ambulansepersonell som kom!
Det var omlag 15 stk på akuttmottaket som stod klare, og han vart teken imot og var så trygg han kunne vere. Han sjølv var "borte" fortsatt, og var ikkje bevisst.
Eg hugsar ikkje alt sjølv, for eg var vel meir eller mindre i sjokk. Men nokre bilete og hendingar har brent seg fast i minnet for godt. Det har sett sine spor.

Dei konstaterte etter CT at det ikkje var slag, men han hadde hatt eit "epilepsi-liknande anfall" med surstoffmangel.
Den beskjeden slo meg i bakken!
-Er det derfor han er "borte"?
-Er det derfor han har mista evna til å snakke?
-Vil Rune min aldri kome tilbake til seg sjølv?
-Kva kunne EG ha gjort annleis?
-Burde eg ringe tidlegare?
-Skulle eg ha oppdaga det før viss eg... osv.
Verda raste saman, og pesimistisk som eg er så frykta eg det aller verste.
Ting roa seg, eg forklara Rune sin historikk til kanskje 6 forskjellige folk. Dei har ingen journal på han for han har ikkje vore til lege eller vore sjuk på iallefall 20 år.
Endeleg fekk eg kome inn på intensivavdelinga og til Rune.

Han sov, med slangar i nasen, i armane, EKG var tilkopla og sjukepleiarane styra rundt. Den tida eg fekk aleine låg eg berre over han og grein.
Han vakna litt, og var utan kramper og anfall. Men Rune var fortsatt "borte". Han var der, men ikkje heilt. Han prata, men det som kom ut var totalt uforståeleg, og det virka som han ikkje forstod at vi ikkje forstod nokon ting.
Eg tolka han så godt eg kunne, og han prøvde sei at han hadde veldig vondt i høgre arma.
Han fekk sove litt til, og når han vakna i 15-tida så var han heilt roleg. Han låg som eit spørsmålsteikn, og eg forklarte han nok ein gong kvifor han var på sjukehus, medan eg smilte og tåra omkvarandre. Han stotra fram nokre lydar, og plutseleg kom eit ord inni mellom det uforståelege; "Steike!" og eit smil. Det var eit klart og tydeleg ord! Eg og sjukepleiaren såg på kvarandre og smilte, og jubla stille inni oss.
Han ville eg skulle bøye meg ned, slik at han nådde tak i meg og gav meg ein suss på nasen.
Så fekk han setje seg litt opp, og språket kom meir og meir, men han var fortsatt forvirra. Han ville rive av seg veneflonen og oksygenen, og alle leidningane. For han skulle jo heim og grille! Det var jo så fint vêr, og han kunne no ikkje ligge der! 
Men etter nokre kvitfrakkar forklarte han ståa, så gikk det meir og meir opp for han kva han hadde vore med på.

Mamma og pappa heiv seg i bilen med ein gong tidlegare på dagen, då eg ringte og hiksta fram kva som hadde skjedd. Dei og broren til Rune kom på besøk rett etter Rune hadde fått i seg middag. Eller, når EG hadde fått i han middagen. Armane var kraftlause, og han måtte ha litt hjelp. Det var godt å få besøk på sjukehuset. Rune sette veldig pris på det, og eg var ikkje aleine lenger.

Då var Rune min tilbake! Hovudet var tilbake, medan han stamma litt fortsatt og var litt skjelven.
Men han var tilbake!!
Eg har vel aldri vore så redd, og så glad på same dag i mitt liv!


Sjukepleiarane laga til seng til meg ved siden av hans, og eg overnatta der frå søndag til tirsdag saman med han. All kred og ære til personellet på intensivavdelinga! Dei tok så godt vare på han, og samtidig tok dei no vare på meg oppi det heile også.
Mamma og pappa overnatta heime i huset vårt, og snille mamma vaska badet mitt, rydda oppatt etter ambulansefolka sine sprøyter og rot, og fikk vekk alle spor etter hendinga. Det var godt å kome heim til reint hus.
Rabdomyolose er ei diagnose som han fekk konstatert med ein gong.
Rabdomyolyse en sykdom som skyldes akutt ødeleggelse av store mengder muskelceller. Årsakene er mange. Akutt nyresvikt er en vanlig komplikasjon. De fleste blir bra, men for noen kan sykdommen bli alvorlig.
Mest toppidrettsfolk som får det, men det kan og oppstå ved kramper. CK verdiene skal vere mellom 0-400, og han hadde 8900 ved innlegging. Han fekk litervis med væske køyrt gjennom kroppen intravenøst. Arma hovna opp over natta, og legane forstod ikkje kva det var. Dei tok røntgen, og konstaterte "ingen beinbrot". Men dei kom ikkje med noko forklaring.


Vi var redd for årebetennelse etter veneflonen, eller blodpropp. Eg sa heile vegen at han hadde vondt i arma, til og med fra morgongen under anfalla. Og musklane i armane var svekka, han klarte ikkje heise seg opp i senga sjølv, enno ikkje etter 1 døgn. Etter heimkomst googla "Google-doktor Alice" litt om sjukdomen, og fann raskt ut ved å sjå på bileta at den arma kom frå Rabdomyolosen. Sameleis med den svekka musklaturen.
På biletet over ser ein kor stor forskjell det var, og verre var det og ei stund. I skrivande stund, 2 veker etter hendinga er den nesten stor, men hevinga har vandra fram til fingrane, og handa ser ut som ein oppblåst hanske.
Nesten to veker har gått. Rune skreiv seg ut frå sjukehuset sjølv tysdagen, berre etter 3 dagar. Då orka han ikkje vere der meir. Det var på eige ansvar og imot legane sine råd.
Men han har drukke mykje væske for å skylje kroppen, og tek livet med ro. Har teke blodprøver på legekontoret og vi ventar på svar om CK verdiane har gått ned til normalnivå eller ei.

Sola har skine frå skyfri himmel heilt sida søndag 2. oktober, den grusomme dagen. Og det har Rune også. Han er kjempeletta, og mest letta over å ha tatt så mange blodprøver og scanningar og ingenting er funne gale. Han sei han har hatt EU-kontroll av kroppen og er godkjent.
Årsaka til anfall og kramper er ikkje konstatert enno.

Vi ventar på time hos nevrolog i Ålesund, der kan dei sjekke hovudet om han har epilepsi, eller om det er andre grunnar som utløyste det. Det kan vere så "enkelt" som f.eks lite søvn, stress, noko han har drukke eller spist, eller andre uklare årsaker. Men det ser ut som vi må vente ei god stund. 1-2 mnd. fekk vi førespegla. Er det ikkje gale at det skal vere så lang ventetid? 
Rune har blitt fråteken sertifikatet 1 år. Noko som er grusomt lenge! Forståeleg at det skal vere så strengt, tryggleik for alle er viktigast. Men om dei finn årsaka så håper vi at vi kan korte ned karantena til 6 mnd.
Eg er berre takknemleg.
Drit i sertifikat og andre ting som må omstillast i kvardagen evt.
Eg har fått tilbake Rune min!
Og det er eg evig takknemmeleg for!
Eg innsåg fort at ein må setje pris på kvar dag, for kvar time, for kvart minutt ein har ilag. For ein veit aldri kor tid ein ikkje har meir tid.
No har vi berre kosa oss ilag, med god mat, godteri, filmar, små turar ut i sola, og berre nytt livet. Det gode er å sjå kvarandre djupt inn i augene! Så mykje kjærleik skal ein leite lenge etter.
Det er godt å sjå Rune i augene, og sjå at Rune min er der. At han er tilbake.


torsdag 22. september 2016

Forsinka sommardag!

Endeleg vart det sommar! 19. september! Og jaggu fekk vi nyte heile dagen på stranda likevel i år!
Den var etterlengta!


Det var berre å pakke sekken, ta med piknikpledd, eingongsgrill og handkle (for optimistar) og gå ned på stranda og kose seg glugg ihjel!
Det var omlag 24 grader, og vindstille. Heilt nydeleg var det! Betre enn nokon sommardag i år!

Vi grilla pølser i all enkelheit, og nytte kvar sine 2 øl.


Og Rune BADA!!! Det kan ikkje ha vore meir enn 14 grader i vatnet. Det høyrtes kanskje meir ut som 5...!
Ja, det er mr. Rotevatn som pesar der uti!
Frua klarte å vasse heilt til knea, men då var det jamt stopp!
Vi var på stranda til sola gjekk ned!

Farvel sommar!
Ser deg neste år, men kanskje bittelitt til i år?






onsdag 21. september 2016

Ein kveldstur på stranda

Sånn, då har vi fått ein kveld på stranda vår også.
Det er ikkje ofte vi har vore der i sommar, for å vere ærleg. Vi har hatt lyst, men det har ikkje vore vèr til det.

Men det er veldig fint der, og vi skal ned att dersom den gode varmen held seg oppe vidare denne veka. 23 grader er ikkje so verst! Faktisk mykje betre enn det var i heile sommar...

Vi har brukt mange timar på både bading, fisking, grilling og soling her!


Men... ikkje i år...
Hr. Rotevatn vart so frista til å prøve å bade. Men han måtte altså innfinne seg med at det var nok altfor iskaldt!
Kanskje der er 14 grader? Brrr!


Men det er no midten av september, og det er faktisk blitt haust.
Ja, har prøvd å pynte litt da... Er det haust så skal det visst pyntast med lyng og rogn.

torsdag 15. september 2016

Sunnmørssommar?

Ein laurdag med "musikk i sentrum."

Regnet øsa ned, og det var kaldt. Likevel tok vi turen til Ørsta... Der var det kjempeflinke musikara og vi koste oss kjempemykje!


Sat under eit telt heldigvis, men skulle hatt både varmere sko og hanskar!
Godt med brus, men også litt kaffe å varme seg på.
Vi fraus faktisk så mykje at vi måtte reise heim lenge før planen...
Herleg sunnmørssommar!? -Jau...
Vi kjøpte med thai-mat, og kunne varme oss inne i eiga stove, og late som vi var i Thailand på ferie... Eller noko sånt.


onsdag 14. september 2016

Bursdagskaker og bursdagsbror

Dagen før dagen var den store kake-bake-dagen!
Eg hadde lova bort cupcakes og ei ostekake. EG!? 2 sortar kaker!!! På ein gong!!
Eg må slutte å overvurdere meg sjølv. Men eg kom i mål!
Cupcakes med lys muffinsdeig, med kvite sjokoladebitar og heile rips i røra. Mmmmm!
Til topping brukte eg ein slags smørkrem, med rips-saft, sitron og litt vaniljesukker.
Dei vart faktisk veldig gode! Det blei 22 stk i eit tårn.

Ostekaka er den hjerteforma kaka til høgre. Er meir som ei bringebærfromasj-kake, for det er jo ikkje ost i den. Men det er oppskrift fra Linda, og det er den beste kaka eg veit om! Tullar ikkje! Den blei kjempegod den også!


Grunnen til kakebakinga er at denne fine karen her blei 50 år 9. september!

Stig-Helge, min kjære storebror!



Vi samla ihop ein gjeng, og overraska han med eit selskap og fest!

Her fekk han ein bursdagsplakat frå søstrene sine med fam.

Eg har sett slike på nett, og måtte berre prøve å lage ein sjølv. Det var kjempemoro!
Ein superfin bror, kjekt selskap, nydeleg mat, og god stemning!



tirsdag 13. september 2016

Liten rekreasjonstur på sætra

Eg kan flagge med EIN einaste tur på fjellet, eller i skogen, i sommar... Og det er denne turen...

Rotevassætra...
Eg har vore litt redusert, men kan ikkje skulde berre på det heller. Brukte 3 timar på heile turen, men då stoppa eg ved kvar ei tue med blåbær på veg opp altså! Og ved kvar tue så plukka eg kresent og selektivt ei og ei blåbær i ein pose.

Det blei nok til to blåbær med vaniljesaus-desserter for oss. Altså 4 porsjoner til saman!
Beste blåbæra som finns! Dei i butikken smakar berre vatn i forhold.

Møtte ein kompis på veg nedatt:

Tam og snill, og veldig nysgjerrig! :)


Hærleg søndag i skogen!

mandag 12. september 2016

Bær fra eigen hage

Omlag to timars plukking, og vi har masse rips og bringebær i frysen.

Her er berre ripsbæra:
Sant skal seiast at eg brukar unødvendig lang tid på å både plukke og ikkje minst å reinkse bæra. Eg studerer faktisk ei og ei bær, og er livredd for raudekongler og makk. Litt på kanten nøyen meiner nokon... Men eg fann faktisk ikkje ein einaste makk i bringebæra! Kjempegode og deilige bær



Eg tok litt rips og bringebær og rørte ihop deilig sylte i eit lite syltetøyglass.
Sikkert det beste syltetøyet eg har smakt. Minst!

Sommarferien 2016



Rart kor lenge det er sidan eg no har skrive eit innlegg her! Eg har hatt mange ting som eg har tenkt at DET må eg legge ut bilete av, og så blir det i feil rekkefølge, og så legg eg det bort.
Men eg sparer på bileta, og skal vel legge ut litt etterkvart no.
Etter vi fekk nytt golv på stova og kjøkkenet så har vi på ein måte funne ei slags ro. Vi nyt å sitje og sjå oss rundt, og tenke at no er vi ferdige med det som har mast på oss i 3 år.

Nesten umiddelbart etter feriestart så køyrte vi med nyebilen til Oslo. Der hadde vi SOMMARFERIE i nesten 2 veker. Vi rakk å få med oss 2 sommardagar i Volda før vi reiste, men sommar hadde vi ikkje meir av anna enn i Oslo.

Det er noko med den byen... Vi kjenner oss så heime der. Ja, vi har budd der i 7-8 år, men likevel. Når ein så møtte mange kjentfolk i tillegg, så kjenner vi på lengselen tilbake til Tigerstaden.

Vi var og på konsert i Frognerparken med Bruce Springsteen. Eg har aldri høyrt han live, og det kan eg no seie at eg har. Både sett og høyrt han. Men meir enn det orkar eg ikkje skryte av, for med 30.000 andre tilskodarar, store tre som stod i vegen, og lyd som gjekk som ekko gjennom parken, så var ikkje sjølve konserten så storvegs. Vi gjekk ein liten venegjeng ilag opp dit, men i løpet av første halvtimen så var vi splitta. Eg og Rune trengte oss litt fram, for å sleppe å sjå på storskjerm bak eit tre. Men der var vi låst i 3.5 time også da.
Med vonde ryggar kom vi oss ned att til sentrum, og konstaterte at "vi var der, Bruce er kul, litt dårlig sangstemme live og vi skal ikkje på konsert der meir." Då sit vi heller utanfor gjerdet, fortsatt i parken, og hører like godt. Ikkje for å vere grinebiter, men det er no slik det var og slik vi kjenner det etterpå. Terningkast? Tja, 4...
Eg fekk i det minste utfordra meg med tanke på folkemengder og kø.

Eg berre legg til nokre bilete av Osloturen, litt sånn hist og pist.


Irene og meg, tilfeldigvis nesten samme bluse og nesten samme hårsveis! :)



Rune i Slottsparken



Fine Linda!



Rune og bror Bjørn

Så var det klart for Springsteen konsert.
Oppvarming.





Rune møtte en kompis (i oransje t-skjorte, med venner)


Paulus Alinge og Rune. Han var med på ein podcast. Skal legge ut link til den seinare.





På St.Hanshaugen. Mimra over den gang da...



Oslo, vi kjem tilbake snart!!!