mandag 12. september 2016

Sommarferien 2016



Rart kor lenge det er sidan eg no har skrive eit innlegg her! Eg har hatt mange ting som eg har tenkt at DET må eg legge ut bilete av, og så blir det i feil rekkefølge, og så legg eg det bort.
Men eg sparer på bileta, og skal vel legge ut litt etterkvart no.
Etter vi fekk nytt golv på stova og kjøkkenet så har vi på ein måte funne ei slags ro. Vi nyt å sitje og sjå oss rundt, og tenke at no er vi ferdige med det som har mast på oss i 3 år.

Nesten umiddelbart etter feriestart så køyrte vi med nyebilen til Oslo. Der hadde vi SOMMARFERIE i nesten 2 veker. Vi rakk å få med oss 2 sommardagar i Volda før vi reiste, men sommar hadde vi ikkje meir av anna enn i Oslo.

Det er noko med den byen... Vi kjenner oss så heime der. Ja, vi har budd der i 7-8 år, men likevel. Når ein så møtte mange kjentfolk i tillegg, så kjenner vi på lengselen tilbake til Tigerstaden.

Vi var og på konsert i Frognerparken med Bruce Springsteen. Eg har aldri høyrt han live, og det kan eg no seie at eg har. Både sett og høyrt han. Men meir enn det orkar eg ikkje skryte av, for med 30.000 andre tilskodarar, store tre som stod i vegen, og lyd som gjekk som ekko gjennom parken, så var ikkje sjølve konserten så storvegs. Vi gjekk ein liten venegjeng ilag opp dit, men i løpet av første halvtimen så var vi splitta. Eg og Rune trengte oss litt fram, for å sleppe å sjå på storskjerm bak eit tre. Men der var vi låst i 3.5 time også da.
Med vonde ryggar kom vi oss ned att til sentrum, og konstaterte at "vi var der, Bruce er kul, litt dårlig sangstemme live og vi skal ikkje på konsert der meir." Då sit vi heller utanfor gjerdet, fortsatt i parken, og hører like godt. Ikkje for å vere grinebiter, men det er no slik det var og slik vi kjenner det etterpå. Terningkast? Tja, 4...
Eg fekk i det minste utfordra meg med tanke på folkemengder og kø.

Eg berre legg til nokre bilete av Osloturen, litt sånn hist og pist.


Irene og meg, tilfeldigvis nesten samme bluse og nesten samme hårsveis! :)



Rune i Slottsparken



Fine Linda!



Rune og bror Bjørn

Så var det klart for Springsteen konsert.
Oppvarming.





Rune møtte en kompis (i oransje t-skjorte, med venner)


Paulus Alinge og Rune. Han var med på ein podcast. Skal legge ut link til den seinare.





På St.Hanshaugen. Mimra over den gang da...



Oslo, vi kjem tilbake snart!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar