Rune, min alt!
Det har vore ei tid med opplevingar som gjer at ein verkeleg tenker seg om og set pris på det ein har, og på kvarandre.
Dette er mannen som betyr alt for meg.
Vi er to mennesker, men likevel eitt.
Her er vi på biltur på Reset i Volda, og nyt den fine haustdagen. 1 veke etter hendinga. Andre går på føtene på fjelltur no i haustsola, men vi tek det heller litt roleg. Enno. Men heldigvis går det nok ikkje mange dagane før denne karen er på tur igjen! Takk og lov!
Rune gav fru Rotevatn sitt største sjokk og skrekkoppleving forrige søndag.
Eg vakna av at Rune hadde kramper, han laga berre lydar, fekk ikkje til å prate og han var rett og slett "borte". Det var umogleg å kommunisere med han. Han reagerte såvidt på namnet sitt når eg ropa. Han klarte ikkje reise seg eller snu seg, og eg fekk ikkje til å hjelpe han på andre måtar enn å sørge for han pusta bra. Kl. 10.00 ringte eg 113, og etter berre 5-6 min. var dei inne i huset. Eg kan ikkje beskrive kor mykje eg set pris på å ha sjukehuset så nærme! Og for nokon utruleg flinke ambulansepersonell som kom!
Det var omlag 15 stk på akuttmottaket som stod klare, og han vart teken imot og var så trygg han kunne vere. Han sjølv var "borte" fortsatt, og var ikkje bevisst.
Eg hugsar ikkje alt sjølv, for eg var vel meir eller mindre i sjokk. Men nokre bilete og hendingar har brent seg fast i minnet for godt. Det har sett sine spor.
Dei konstaterte etter CT at det ikkje var slag, men han hadde hatt eit "epilepsi-liknande anfall" med surstoffmangel.
Den beskjeden slo meg i bakken!
-Er det derfor han er "borte"?
-Er det derfor han har mista evna til å snakke?
-Vil Rune min aldri kome tilbake til seg sjølv?
-Kva kunne EG ha gjort annleis?
-Burde eg ringe tidlegare?
-Skulle eg ha oppdaga det før viss eg... osv.
Verda raste saman, og pesimistisk som eg er så frykta eg det aller verste.
Verda raste saman, og pesimistisk som eg er så frykta eg det aller verste.
Ting roa seg, eg forklara Rune sin historikk til kanskje 6 forskjellige folk. Dei har ingen journal på han for han har ikkje vore til lege eller vore sjuk på iallefall 20 år.
Endeleg fekk eg kome inn på intensivavdelinga og til Rune.
Han sov, med slangar i nasen, i armane, EKG var tilkopla og sjukepleiarane styra rundt. Den tida eg fekk aleine låg eg berre over han og grein.
Han vakna litt, og var utan kramper og anfall. Men Rune var fortsatt "borte". Han var der, men ikkje heilt. Han prata, men det som kom ut var totalt uforståeleg, og det virka som han ikkje forstod at vi ikkje forstod nokon ting.
Eg tolka han så godt eg kunne, og han prøvde sei at han hadde veldig vondt i høgre arma.
Han fekk sove litt til, og når han vakna i 15-tida så var han heilt roleg. Han låg som eit spørsmålsteikn, og eg forklarte han nok ein gong kvifor han var på sjukehus, medan eg smilte og tåra omkvarandre. Han stotra fram nokre lydar, og plutseleg kom eit ord inni mellom det uforståelege; "Steike!" og eit smil. Det var eit klart og tydeleg ord! Eg og sjukepleiaren såg på kvarandre og smilte, og jubla stille inni oss.
Han ville eg skulle bøye meg ned, slik at han nådde tak i meg og gav meg ein suss på nasen.
Så fekk han setje seg litt opp, og språket kom meir og meir, men han var fortsatt forvirra. Han ville rive av seg veneflonen og oksygenen, og alle leidningane. For han skulle jo heim og grille! Det var jo så fint vêr, og han kunne no ikkje ligge der!
Men etter nokre kvitfrakkar forklarte han ståa, så gikk det meir og meir opp for han kva han hadde vore med på.
Mamma og pappa heiv seg i bilen med ein gong tidlegare på dagen, då eg ringte og hiksta fram kva som hadde skjedd. Dei og broren til Rune kom på besøk rett etter Rune hadde fått i seg middag. Eller, når EG hadde fått i han middagen. Armane var kraftlause, og han måtte ha litt hjelp. Det var godt å få besøk på sjukehuset. Rune sette veldig pris på det, og eg var ikkje aleine lenger.
Då var Rune min tilbake! Hovudet var tilbake, medan han stamma litt fortsatt og var litt skjelven.
Men han var tilbake!!
Eg har vel aldri vore så redd, og så glad på same dag i mitt liv!
Eg har vel aldri vore så redd, og så glad på same dag i mitt liv!
Sjukepleiarane laga til seng til meg ved siden av hans, og eg overnatta der frå søndag til tirsdag saman med han. All kred og ære til personellet på intensivavdelinga! Dei tok så godt vare på han, og samtidig tok dei no vare på meg oppi det heile også.
Mamma og pappa overnatta heime i huset vårt, og snille mamma vaska badet mitt, rydda oppatt etter ambulansefolka sine sprøyter og rot, og fikk vekk alle spor etter hendinga. Det var godt å kome heim til reint hus.
Rabdomyolose er ei diagnose som han fekk konstatert med ein gong.
Rabdomyolyse en sykdom som skyldes akutt ødeleggelse av store mengder muskelceller. Årsakene er mange. Akutt nyresvikt er en vanlig komplikasjon. De fleste blir bra, men for noen kan sykdommen bli alvorlig.
Mest toppidrettsfolk som får det, men det kan og oppstå ved kramper. CK verdiene skal vere mellom 0-400, og han hadde 8900 ved innlegging. Han fekk litervis med væske køyrt gjennom kroppen intravenøst. Arma hovna opp over natta, og legane forstod ikkje kva det var. Dei tok røntgen, og konstaterte "ingen beinbrot". Men dei kom ikkje med noko forklaring.
Vi var redd for årebetennelse etter veneflonen, eller blodpropp. Eg sa heile vegen at han hadde vondt i arma, til og med fra morgongen under anfalla. Og musklane i armane var svekka, han klarte ikkje heise seg opp i senga sjølv, enno ikkje etter 1 døgn. Etter heimkomst googla "Google-doktor Alice" litt om sjukdomen, og fann raskt ut ved å sjå på bileta at den arma kom frå Rabdomyolosen. Sameleis med den svekka musklaturen.
På biletet over ser ein kor stor forskjell det var, og verre var det og ei stund. I skrivande stund, 2 veker etter hendinga er den nesten stor, men hevinga har vandra fram til fingrane, og handa ser ut som ein oppblåst hanske.
Nesten to veker har gått. Rune skreiv seg ut frå sjukehuset sjølv tysdagen, berre etter 3 dagar. Då orka han ikkje vere der meir. Det var på eige ansvar og imot legane sine råd.
Men han har drukke mykje væske for å skylje kroppen, og tek livet med ro. Har teke blodprøver på legekontoret og vi ventar på svar om CK verdiane har gått ned til normalnivå eller ei.
Sola har skine frå skyfri himmel heilt sida søndag 2. oktober, den grusomme dagen. Og det har Rune også. Han er kjempeletta, og mest letta over å ha tatt så mange blodprøver og scanningar og ingenting er funne gale. Han sei han har hatt EU-kontroll av kroppen og er godkjent.
Årsaka til anfall og kramper er ikkje konstatert enno.
Vi ventar på time hos nevrolog i Ålesund, der kan dei sjekke hovudet om han har epilepsi, eller om det er andre grunnar som utløyste det. Det kan vere så "enkelt" som f.eks lite søvn, stress, noko han har drukke eller spist, eller andre uklare årsaker. Men det ser ut som vi må vente ei god stund. 1-2 mnd. fekk vi førespegla. Er det ikkje gale at det skal vere så lang ventetid?
Rune har blitt fråteken sertifikatet 1 år. Noko som er grusomt lenge! Forståeleg at det skal vere så strengt, tryggleik for alle er viktigast. Men om dei finn årsaka så håper vi at vi kan korte ned karantena til 6 mnd.
Eg er berre takknemleg.
Eg er berre takknemleg.
Drit i sertifikat og andre ting som må omstillast i kvardagen evt.
Eg har fått tilbake Rune min!
Og det er eg evig takknemmeleg for!
Eg innsåg fort at ein må setje pris på kvar dag, for kvar time, for kvart minutt ein har ilag. For ein veit aldri kor tid ein ikkje har meir tid.
No har vi berre kosa oss ilag, med god mat, godteri, filmar, små turar ut i sola, og berre nytt livet. Det gode er å sjå kvarandre djupt inn i augene! Så mykje kjærleik skal ein leite lenge etter.
Det er godt å sjå Rune i augene, og sjå at Rune min er der. At han er tilbake.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar