torsdag 22. september 2016

Forsinka sommardag!

Endeleg vart det sommar! 19. september! Og jaggu fekk vi nyte heile dagen på stranda likevel i år!
Den var etterlengta!


Det var berre å pakke sekken, ta med piknikpledd, eingongsgrill og handkle (for optimistar) og gå ned på stranda og kose seg glugg ihjel!
Det var omlag 24 grader, og vindstille. Heilt nydeleg var det! Betre enn nokon sommardag i år!

Vi grilla pølser i all enkelheit, og nytte kvar sine 2 øl.


Og Rune BADA!!! Det kan ikkje ha vore meir enn 14 grader i vatnet. Det høyrtes kanskje meir ut som 5...!
Ja, det er mr. Rotevatn som pesar der uti!
Frua klarte å vasse heilt til knea, men då var det jamt stopp!
Vi var på stranda til sola gjekk ned!

Farvel sommar!
Ser deg neste år, men kanskje bittelitt til i år?






onsdag 21. september 2016

Ein kveldstur på stranda

Sånn, då har vi fått ein kveld på stranda vår også.
Det er ikkje ofte vi har vore der i sommar, for å vere ærleg. Vi har hatt lyst, men det har ikkje vore vèr til det.

Men det er veldig fint der, og vi skal ned att dersom den gode varmen held seg oppe vidare denne veka. 23 grader er ikkje so verst! Faktisk mykje betre enn det var i heile sommar...

Vi har brukt mange timar på både bading, fisking, grilling og soling her!


Men... ikkje i år...
Hr. Rotevatn vart so frista til å prøve å bade. Men han måtte altså innfinne seg med at det var nok altfor iskaldt!
Kanskje der er 14 grader? Brrr!


Men det er no midten av september, og det er faktisk blitt haust.
Ja, har prøvd å pynte litt da... Er det haust så skal det visst pyntast med lyng og rogn.

torsdag 15. september 2016

Sunnmørssommar?

Ein laurdag med "musikk i sentrum."

Regnet øsa ned, og det var kaldt. Likevel tok vi turen til Ørsta... Der var det kjempeflinke musikara og vi koste oss kjempemykje!


Sat under eit telt heldigvis, men skulle hatt både varmere sko og hanskar!
Godt med brus, men også litt kaffe å varme seg på.
Vi fraus faktisk så mykje at vi måtte reise heim lenge før planen...
Herleg sunnmørssommar!? -Jau...
Vi kjøpte med thai-mat, og kunne varme oss inne i eiga stove, og late som vi var i Thailand på ferie... Eller noko sånt.


onsdag 14. september 2016

Bursdagskaker og bursdagsbror

Dagen før dagen var den store kake-bake-dagen!
Eg hadde lova bort cupcakes og ei ostekake. EG!? 2 sortar kaker!!! På ein gong!!
Eg må slutte å overvurdere meg sjølv. Men eg kom i mål!
Cupcakes med lys muffinsdeig, med kvite sjokoladebitar og heile rips i røra. Mmmmm!
Til topping brukte eg ein slags smørkrem, med rips-saft, sitron og litt vaniljesukker.
Dei vart faktisk veldig gode! Det blei 22 stk i eit tårn.

Ostekaka er den hjerteforma kaka til høgre. Er meir som ei bringebærfromasj-kake, for det er jo ikkje ost i den. Men det er oppskrift fra Linda, og det er den beste kaka eg veit om! Tullar ikkje! Den blei kjempegod den også!


Grunnen til kakebakinga er at denne fine karen her blei 50 år 9. september!

Stig-Helge, min kjære storebror!



Vi samla ihop ein gjeng, og overraska han med eit selskap og fest!

Her fekk han ein bursdagsplakat frå søstrene sine med fam.

Eg har sett slike på nett, og måtte berre prøve å lage ein sjølv. Det var kjempemoro!
Ein superfin bror, kjekt selskap, nydeleg mat, og god stemning!



tirsdag 13. september 2016

Liten rekreasjonstur på sætra

Eg kan flagge med EIN einaste tur på fjellet, eller i skogen, i sommar... Og det er denne turen...

Rotevassætra...
Eg har vore litt redusert, men kan ikkje skulde berre på det heller. Brukte 3 timar på heile turen, men då stoppa eg ved kvar ei tue med blåbær på veg opp altså! Og ved kvar tue så plukka eg kresent og selektivt ei og ei blåbær i ein pose.

Det blei nok til to blåbær med vaniljesaus-desserter for oss. Altså 4 porsjoner til saman!
Beste blåbæra som finns! Dei i butikken smakar berre vatn i forhold.

Møtte ein kompis på veg nedatt:

Tam og snill, og veldig nysgjerrig! :)


Hærleg søndag i skogen!

mandag 12. september 2016

Bær fra eigen hage

Omlag to timars plukking, og vi har masse rips og bringebær i frysen.

Her er berre ripsbæra:
Sant skal seiast at eg brukar unødvendig lang tid på å både plukke og ikkje minst å reinkse bæra. Eg studerer faktisk ei og ei bær, og er livredd for raudekongler og makk. Litt på kanten nøyen meiner nokon... Men eg fann faktisk ikkje ein einaste makk i bringebæra! Kjempegode og deilige bær



Eg tok litt rips og bringebær og rørte ihop deilig sylte i eit lite syltetøyglass.
Sikkert det beste syltetøyet eg har smakt. Minst!

Sommarferien 2016



Rart kor lenge det er sidan eg no har skrive eit innlegg her! Eg har hatt mange ting som eg har tenkt at DET må eg legge ut bilete av, og så blir det i feil rekkefølge, og så legg eg det bort.
Men eg sparer på bileta, og skal vel legge ut litt etterkvart no.
Etter vi fekk nytt golv på stova og kjøkkenet så har vi på ein måte funne ei slags ro. Vi nyt å sitje og sjå oss rundt, og tenke at no er vi ferdige med det som har mast på oss i 3 år.

Nesten umiddelbart etter feriestart så køyrte vi med nyebilen til Oslo. Der hadde vi SOMMARFERIE i nesten 2 veker. Vi rakk å få med oss 2 sommardagar i Volda før vi reiste, men sommar hadde vi ikkje meir av anna enn i Oslo.

Det er noko med den byen... Vi kjenner oss så heime der. Ja, vi har budd der i 7-8 år, men likevel. Når ein så møtte mange kjentfolk i tillegg, så kjenner vi på lengselen tilbake til Tigerstaden.

Vi var og på konsert i Frognerparken med Bruce Springsteen. Eg har aldri høyrt han live, og det kan eg no seie at eg har. Både sett og høyrt han. Men meir enn det orkar eg ikkje skryte av, for med 30.000 andre tilskodarar, store tre som stod i vegen, og lyd som gjekk som ekko gjennom parken, så var ikkje sjølve konserten så storvegs. Vi gjekk ein liten venegjeng ilag opp dit, men i løpet av første halvtimen så var vi splitta. Eg og Rune trengte oss litt fram, for å sleppe å sjå på storskjerm bak eit tre. Men der var vi låst i 3.5 time også da.
Med vonde ryggar kom vi oss ned att til sentrum, og konstaterte at "vi var der, Bruce er kul, litt dårlig sangstemme live og vi skal ikkje på konsert der meir." Då sit vi heller utanfor gjerdet, fortsatt i parken, og hører like godt. Ikkje for å vere grinebiter, men det er no slik det var og slik vi kjenner det etterpå. Terningkast? Tja, 4...
Eg fekk i det minste utfordra meg med tanke på folkemengder og kø.

Eg berre legg til nokre bilete av Osloturen, litt sånn hist og pist.


Irene og meg, tilfeldigvis nesten samme bluse og nesten samme hårsveis! :)



Rune i Slottsparken



Fine Linda!



Rune og bror Bjørn

Så var det klart for Springsteen konsert.
Oppvarming.





Rune møtte en kompis (i oransje t-skjorte, med venner)


Paulus Alinge og Rune. Han var med på ein podcast. Skal legge ut link til den seinare.





På St.Hanshaugen. Mimra over den gang da...



Oslo, vi kjem tilbake snart!!!