onsdag 6. juli 2016

Det billegaste er godt nok!

Det er ikkje so veldig ofte eg kjøper blomster sånn utan vidare, men det hender no ein gong i ny og ne at eg tek med meg ein bukett frå butikken når eg handlar mat. Det er ekstra stas å ha friske, fine blomster på bordet til helgane, og bukettane står liksom så lagleg til i bøttene sine attmed kassa.
Mr. Rotevatn er ikkje framand for å plutseleg ha med seg ein bukett til frua si han heller! 

Men så er det kvaliteten da... Spesielt rosene har eg varierande erfaring med.
Nokre daudar etter eit par dagar, andre er visne allereie i butikken, og ein gong eg kom heim med ein bukett med 20 roser, så var faktisk 7 (!) av rosene haudelause! Det såg ikkje eg på butikken gjennom plasten rundt buketten.
Her ser ein alle stilkane utan blome på! Heilt utruleg!

Nokon sei at det er best å kjøpe blomar på blomsterbutikk. Eg skal ikkje sei dei imot, for der får ein ekspertisa og flotte blomar, og ein kan ha akkurat dei blomane ein ønskjer i ein og same bukett. Men det er ikkje ein garanti for at dei held seg lenge likevel. Store Mercedesroser har heldt seg 1 døgn berre, og det synes ikkje eg er godt nok. Ein betalar faktisk mykje meir for rosene der, og ønsker at dei skal halde seg lenge.

Men... butikkroser kan også vere godt nok:

Desse er eg innmari fornøgd med!
Kjøpt på ein matvarebutikk for 89 kr! 10 stk langstilka roser!

Og sjå kor store og fløyelsaktig dei er! Den nydelege fargen livnar opp på spisebordet!
Får nesten lyst å ete dei! Dei gjer meg så glad!


Desse har heldt seg like fine, og finare, i 1 veke no.
Det er eg nøgd med!

Konklusjonen er at det treng ikkje vere so dyrt for at det skal vere bra, og ofte er det billegaste best.

Og når ein ikkje vil kjøpe seg blomar, så kan ein hente seg blomar i eigen hage. (For dei som har det)
Vi har nokre tulipanar som veks opp kvart år ved gamlehuset. Det er ingen bed der, men dei kjem opp der det passar og dei sørgar eg for å plukke med meg inn.
Det artige med tulipanar er at dei lukkar seg når det blir mørkt, og opnar seg når det blir lyst!

Sjå kor store dei er!  





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar