
Ja, eg veit... No er det lenge sidan det har vorte lagt ut noko på bloggen...
Men slik kan det gå...
Uansett, 8. juni var ein merkedag!
Ikkje nok med at det var sjølvaste fru Rotevatn sin bursdag, men det var dagen vi henta nyebilen vår også!

Vi må seie oss veldig fornøgd med denne her!! Var han ikkje fin?
Det er litt annleis enn å køyre ein gamal Renault 96 modell.
Eg kan no nemne at eksospotta på den gamle bilen knakk i to på vei heim frå jobb ein dag. Det var vel sparket i rumpa som skulle til for at vi tok oss sjølv i nakken og for alvor kjøpte bil.
Gamlebilen er plastra, så vi har for tida to bilar, men den må nok gipsast litt til for å vare eit år til.
Skal gjere alt i vår makt til å få ho frisk. Kjekt med to bilar!
8. juni var og ein fin dag på ein annan måte!
Eg laga ikkje til noko selskap, men eg fekk likevel besøk av mamma og pappa, Stig Helge, Henrik og Daniel. Og det er eg kjemeglad for! Dei siste tre har ikkje vore her på nokre år faktisk, så det var innmari kjekt!
Sola skein, så vi benytta oss av å kunne sete ute. Til vi fraus så mykje at vi måtte pelle oss inn att.
Menyen var pølse-buffet og brownies med jordbær. Litt som ein barnebursdag, og litt lettvint.
Bursdagsjenta med go'gutane sine!
Henrik, (meg), mr Rotevatn og Daniel.
Dette var ein solrik junidag, men ein av dei siste varme. Vi hadde det jo så fint og varmt i mai i år.
Vi rakk å sete ute og sole oss nokre gongar, ellers har vi vore på jobb når sola var varmast.
Henrik, (meg), mr Rotevatn og Daniel.
Dette var ein solrik junidag, men ein av dei siste varme. Vi hadde det jo så fint og varmt i mai i år.
Vi rakk å sete ute og sole oss nokre gongar, ellers har vi vore på jobb når sola var varmast.

Desse glasa brukar eg heile tida! Hærleg med kald saft oppi.
Favoritten min no er Zeroh med villbringebærsmak.

Dette var meir "utpå dagen-go'drikk"
Muserande vin med frosne bringebær oppi! Nydeleg!
Og så kom vi lengre ut i juni månad, og det vart vanleg sunnmørsvêr igjen; 14 grader, på og av med sol og regn.
Så litt sommarkjensle får vi no, med litt sommarbobler i det minste.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar