onsdag 20. juli 2016

Nytt golv!

Så var tida inne! Tida for noko eg har venta på i flere år! Vi rydda stovene og pakka vekk dill og dall. For så å få besøk av snekkaren vi leigde inn! Han skulle legge nytt golv på stovene OG på kjøkkenet!
Rotete og fælt i 3-4 dagar men vêl verdt det! 
Brunoransje, knirkande og flisete golv skulle no bli dekt av finaste laminatgolvet! Og sist men ikkje minst; listverk skulle på!
Ser at eg aldri kjem til å saken denne fargen... 
Skikkeleg kaos!
Møblar plassert på ene delen medan dei andre stovene blei fiksa.

Først var det 1050 skruar som måtte til for å få bort svai og knirk. For så å høvle ned bular!! 

Sjå for en forskjell!!!
(Ja, der er skum under laminaten!) 

Før og etter!!! 


Kjøkkenet fekk også nytt golv i same slengen, så det vart likt stovene! 

Dette føregikk i 3 dagar medan eg var på jobb, og det var so godt å komme heim og sjå framsteg og forandring, og ikkje minst sleppe gjere noko sjølv.
Det vil seie, mykje førebuing, flytting på møblar og slikt, men ikkje tømrararbeid.  Fredag kl 16 var alt ferdig og det var berre å nyte og vaske, nyte og sette på plass møblar igjen. Og så berre nyte!
Fint å springe over golvet uten å få flis i tåa!




onsdag 13. juli 2016

Barnsleg glede og tvangstankar hand i hand!


Førebur golvlegging på stovene!
Då må ganggolvet beskyttast, og vi la på desse teppa.
Og når fru Rotevatn ser slike tepper, kva må ho gjer då???


Jau, då spring og hoppar ho, og MÅ trakke på fotavtrykka!

Så moro kan eit teppe vere!!
Barnsleg glede! Og glede over å få nytt golv snart!

Hr. Rotevatn synes ikkje det var så viktig å halde på slik når vi skulle rydde og pakke vekk tinga og møblane på stova. Og å vere fotograf til slikt var minst like teit.
Men eg synes det var veldig viktig! Og finns ikkje teit!

Her ligg golvet klart i stablar


Eg er så spent, og overlykkeleg over at vi no endeleg skal få golv på stovene.
No skal det brun-oransje, flisete og flekkete golvet skjulast!
Gleder meg til det ferdige resultatet. Skal nok få vist det her også etterkvart!  

onsdag 6. juli 2016

Det billegaste er godt nok!

Det er ikkje so veldig ofte eg kjøper blomster sånn utan vidare, men det hender no ein gong i ny og ne at eg tek med meg ein bukett frå butikken når eg handlar mat. Det er ekstra stas å ha friske, fine blomster på bordet til helgane, og bukettane står liksom så lagleg til i bøttene sine attmed kassa.
Mr. Rotevatn er ikkje framand for å plutseleg ha med seg ein bukett til frua si han heller! 

Men så er det kvaliteten da... Spesielt rosene har eg varierande erfaring med.
Nokre daudar etter eit par dagar, andre er visne allereie i butikken, og ein gong eg kom heim med ein bukett med 20 roser, så var faktisk 7 (!) av rosene haudelause! Det såg ikkje eg på butikken gjennom plasten rundt buketten.
Her ser ein alle stilkane utan blome på! Heilt utruleg!

Nokon sei at det er best å kjøpe blomar på blomsterbutikk. Eg skal ikkje sei dei imot, for der får ein ekspertisa og flotte blomar, og ein kan ha akkurat dei blomane ein ønskjer i ein og same bukett. Men det er ikkje ein garanti for at dei held seg lenge likevel. Store Mercedesroser har heldt seg 1 døgn berre, og det synes ikkje eg er godt nok. Ein betalar faktisk mykje meir for rosene der, og ønsker at dei skal halde seg lenge.

Men... butikkroser kan også vere godt nok:

Desse er eg innmari fornøgd med!
Kjøpt på ein matvarebutikk for 89 kr! 10 stk langstilka roser!

Og sjå kor store og fløyelsaktig dei er! Den nydelege fargen livnar opp på spisebordet!
Får nesten lyst å ete dei! Dei gjer meg så glad!


Desse har heldt seg like fine, og finare, i 1 veke no.
Det er eg nøgd med!

Konklusjonen er at det treng ikkje vere so dyrt for at det skal vere bra, og ofte er det billegaste best.

Og når ein ikkje vil kjøpe seg blomar, så kan ein hente seg blomar i eigen hage. (For dei som har det)
Vi har nokre tulipanar som veks opp kvart år ved gamlehuset. Det er ingen bed der, men dei kjem opp der det passar og dei sørgar eg for å plukke med meg inn.
Det artige med tulipanar er at dei lukkar seg når det blir mørkt, og opnar seg når det blir lyst!

Sjå kor store dei er!  





tirsdag 5. juli 2016

Hobbyresultat i dårleg sommarvêr, og 95 års feiring!

Når det ikkje er sommarvêr, så får ein lage det litt sommarsleg inne i staden.
Denne lykta laga eg til å ha på mitt eige stovebord. Fornøgd med denne. Vart veldig fint med te-lys oppi. (Serviettane er limt på utsida, så det er ikkje brannfarleg)

Når eg først var i gang med serviettane mine, så pynta eg denne mini-kommoden.
Her har eg smykker og småtteri oppi, og for tida står den på badet.
 


Siste helga i juni, og sommarjonsok i Brattvåg!
Tjukk tåke og iskald vind på båthamna.
Men det var kjekt lell, ilag med mamma, pappa, Helene og Cathrin.
God graut var det også, sa dei.
 
Litt kjølig for fru Rotevatn dette her. Men kosa seg på besøk med søsta si!

Ein stor grunn til at eg tok turen til Brattvåg/Vatne var i høve mi gode farmor sin 95 års dag!  
Tenk at ho i midten der er 95 år!! Sprekaste, fine farmora!
Her er ho ilag med 8 av dei 10 barnebarna sine. Stig Helge står bakerst der altså!
Ho har enno fleire barnebarn!
Ein stor flokk som feira ho med middag på hotellet, og så med kaker og kaffe på ungdomshuset på Vatne!
Denne søndagen var så kjekk! Eg kom seint heimatt til Volda denne kvelden.

Denne lykta laga eg som ei ekstragåve til farmor. Bilete av ho på eine sida, namnet Jenny i midten, ein engel på andre sida, og litt bling!  

(Er ei lita lysslynge oppi som går på batteri, så den er ikkje brannfarleg)






8. Juni


Ja, eg veit... No er det lenge sidan det har vorte lagt ut noko på bloggen...
Men slik kan det gå...
Uansett, 8. juni var ein merkedag!
Ikkje nok med at det var sjølvaste fru Rotevatn sin bursdag, men det var dagen vi henta nyebilen vår også!





Vi må seie oss veldig fornøgd med denne her!! Var han ikkje fin?
Det er litt annleis enn å køyre ein gamal Renault 96 modell.
Eg kan no nemne at eksospotta på den gamle bilen knakk i to på vei heim frå jobb ein dag. Det var vel sparket i rumpa som skulle til for at vi tok oss sjølv i nakken og for alvor kjøpte bil.
Gamlebilen er plastra, så vi har for tida to bilar, men den må nok gipsast litt til for å vare eit år til.
Skal gjere alt i vår makt til å få ho frisk. Kjekt med to bilar!

8. juni var og ein fin dag på ein annan måte!
Eg laga ikkje til noko selskap, men eg fekk likevel besøk av mamma og pappa, Stig Helge, Henrik og Daniel. Og det er eg kjemeglad for! Dei siste tre har ikkje vore her på nokre år faktisk, så det var innmari kjekt!
Sola skein, så vi benytta oss av å kunne sete ute. Til vi fraus så mykje at vi måtte pelle oss inn att.
Menyen var pølse-buffet og brownies med jordbær. Litt som ein barnebursdag, og litt lettvint. 
 
 
 
Bursdagsjenta med go'gutane sine!
Henrik, (meg), mr Rotevatn og Daniel.

Dette var ein solrik junidag, men ein av dei siste varme. Vi hadde det jo så fint og varmt i mai i år.
Vi rakk å sete ute og sole oss nokre gongar, ellers har vi vore på jobb når sola var varmast.

Desse glasa brukar eg heile tida! Hærleg med kald saft oppi.
Favoritten min no er Zeroh med villbringebærsmak.


Laurdagsmorgon med luksusfrukost!


Dette var meir "utpå dagen-go'drikk"
Muserande vin med frosne bringebær oppi! Nydeleg!

Og så kom vi lengre ut i juni månad, og det vart vanleg sunnmørsvêr igjen; 14 grader, på og av med sol og regn.
Men no har vi funne fram varmelampa, og med markise så går det an å sete ute ei lita stund likevel.
Så litt sommarkjensle får vi no, med litt sommarbobler i det minste.