"HEI VERDEN! EG KJEM SNART!!"
For to veker sidan lufta eg dei i bingen ein liten time, og "ho mor" drakk kaffe og passa på. Sitjande på ein campingstol i bingen ilag med dei.
Største koseklumpen Snorre Sprett var nervøs, han ville ikkje gå ut av huset sitt, sjølv om han var nysgjerrig som få. Han måtte eg ta ut fysisk. Dei har ikkje fått møtt kvarandre etter dvaletida, så eg var spent på korleis dei gjekk i hop. I haust og vinter så skubba dei veldig til kvarandre og synes ikkje den andre var så kjekk.
Slik var det i år også. Når dei møttes, så merka eg ei snål stemning. Eg sat ilag med dei på bakken og passa på.
Plutselig hoppa Snorre Sprett fram og beit Televimsen i sida, og nekta å sleppe! Eg skvatt, og tok tak i biteren, kjefta på han som om han var ein hund (!) og han hang fast i den andre sammenrulla kråkebollen.
Endeleg slapp han, og eg putta han raskt i huset sitt igjen. Aldri har eg sett eller kjent Televimsen så piggete og sammenrulla før. Etter ei undersøking av begge to, så hadde ingen fått skader. Verken i piggar, hud, eller i munn. Heldigvis.
Men her var det berre å ta dei innatt i kvar sitt bur, og bygge ein skiljevegg i bingen. Desse to går ikkje ihop. Her blei det til slutt 2 binger, med kvar sitt hus, og kvar sitt fôringshus.
Han likar ikkje mathuset sitt, og et berre mat som ligg rett på bakken. Men dei et, og har funne seg godt tilrette no. Om ikkje lenge skal dørene opnast, og dei får gå ut i det fri slik som dei ønskjer. Men husa skal stå der om dei vil bu der seinare.
Har faktisk 5 hus frå før i hagen, og med desse 2 blir det 7. Og i går såg eg piggsvinbæsj på utsida av gjerdet deira, så her finns det fleire. Skal tru om det er nokon av dei eg sette fri i haust?
Så snill dere er med de små og hjelper de. Vi har fått et piggsvin i hagen som vi mater nå:) vet ikke så mye om de små så prøver å lese meg opp litt nå:)
SvarSlettTakk for fin tilbakemelding! :) Ja, vi gjer vel igrunnen over gjennomsnittet mykje for dei små piggane! Hehe! Men du og du så moro!
SvarSlettArtig at de også har piggsvin i hagen som de matar! Fortsett med det no utover hausten så skal du sjå dei finn seg eit hi i hagen din. Eller du kan lage eit hus! Lykke til! :)