mandag 25. april 2016

Ein liten vri på pengegåver

 

Kva i all verden skal ein gi i bursdagsgåve til to tvillinggutar som blir 18 år?
Jau, dei ønsker seg alltid peng, med kanskje noko attåt.

Men då vil tanta lage litt ekstra ut av det, og slik kan det altså gjerast:







fredag 22. april 2016

Alt dette skal snart bli ditt

Piggsvin i mitt hjerte

Dette biletet synes eg er så fint, og symboliserer den hjelpa eg har gitt, og det hjertet eg har for Piggsvin!

No har både Televimsen og Snorre Sprett fått seg nyvaska bur og hus, og alt nytt av bolmateriale. Så då er vinterens skitne dvalebol historie, og dei kan no berre begynne å grise til att.
Televimsen fekk helse på matmor igjen for første gong. Han er litt skeptisk, men det er akkurat slik det skal vere. Men nokre selfies fekk vi no tatt ilag likevel.


Snorre Sprett har fått møtt matmor før i år, og har fått tiltru igjen. Han fekk sjå på utsikta frå gjesterommet, for å få eit inntrykk av kvar han snart skal få bu! :)
 "Alt dette, min sønn, skal snart bli ditt" :)

Nokre få lungeorm-egg hadde dei fortsatt, iflg prøver fra avføring, så dei skal få ver inne ei lita stund til for medisinering og bli heilt friske før dei får sleppe ut att.

mandag 18. april 2016

Bursdag og kreativ gåve

Kjekke og gode mannen min har hatt bursdagen 13. april!
Han fortenar ALT han måtte ønske seg!
Men han ønsker seg ikkje so mykje, for han meiner han har alt han treng. Det er jo bra, men litt vanskeleg å kjøpe gåve til han då.
Men han fekk seg bursdagsdessert! Bringebærgele, med bringebær frå eigen hage! Og sjølvsagt med bursdagslys på!

Ser litt rart ut her, men når lyset vart teke vekk så kom prikken over I'en på; Vaniljesaus!
Han likar jo så lite kaker og søtt, men dette går fint, med vaniljesaus!

Og kva gir ein i gåve til nokon som ikkje ønsker seg noko? Vel, då må ein tenke kreativt.
Etter middag fekk Rune ein pakke med skruar i gåve. Han vart veldig i stuss, og var nok litt engsteleg for at han no fekk eit hint om at vi måtte pusse opp noko.
Men så fekk han beskjed om å gå på trappa, og der stod denne planken:


Kan ikkje sei at han vart mindre skeptisk av denne!
Vêl inne att så fekk han ei laminert sjølvlaga oppskrift a'la Ikea-teikning om korleis lage ei
HUMLEKASSE!!

Han flira godt ta dette, og det med god grunn! Kven i all verden gir mannen sin materiale og oppskrift på ei humlekasse? Jau, det er jo meg det!
Men greia er at han har snakka om humlekasse i eit år no, at vi skulle ha laga det for å hjelpe humlene. Og det er jo så enkelt (!)
Men det er ikkje så lett å faktisk setje i gong.

No har han ingen unnskylding lenger, og han har ei veke på å lage den. Humlene skal visst lage seg bol no frå midten av april til mai...

Han fekk no litt anna også, men det var dette som var kjekt!

Sola skein, flagget var hengt opp, og bursdagen var i grunnen veldig kjekk! Både for meg og bursdags'barnet'!


fredag 15. april 2016

"Når villdyra vaknar"

Nokon som hugsar denne klumpen her?
Dette biletet vart tatt av Snorre Sprett før han gjekk i dvale i vinter.
 
Han har sove gjennom månader på eit kaldt gjesterom på loftet.
Han har no våkna, og forrige helg fekk eg helse på han for første gong på 4 mnd.

Han stod med rumpa ut av døra i huset sitt då eg kika inn på rommet om natta før eg la meg. Eg gjekk bort og snakka med han og var litt spent på om han kjente att lukt og stemme. Han snudde i døra og gjekk rett bort til meg og strekte seg og stod på bakbeina og snusa opp i mot meg!
Det var så moro!! Eg meiner iallefall bestemt at han kjente meg igjen (!).
Då fekk eg vege han og ta ein kontroll, og han har gått ned omlag 150 gram, og det er heilt innafor etter dvale.
Rune vart litt paff når eg gjekk ein snartur innom vårt soverom med Snorre Sprett i hendene. Sida eg måtte ta han opp for å vege han så kunne no han likegodt få helse på Rune også!


Lillebror Televimsen gav også livsteikn frå seg forrige helg, men han var då ikkje klar til å vakne heilt enno. Så han søv ei veke til i naboburet. Men i natt har han vore oppe og tømt matskåla og vasskåla! Det var ein svolten liten piggsvingutt! Det er han eg er mest spent på, for han var så sjuk i haust.
Fredeleg og godt når dei ligg og søv i dvale, men no vert det liv og røre igjen i piggsvinbura, med skifting av aviser, mating og stelling kvar dag! Men DET er det verdt!

Slik det ser ut no, så har altså begge to overlevt sjukdommar i dvale, og kan sjå fram mot ein spanande vår. Når det blir varmare i veret og dei er friskmelde, skal dei bli sett ut i ein "utegård" der dei skal bli vant med å finne seg mat på eigenhand og lære å leve naturleg. Og når dei er store nok, og har lært seg dette, så blir dei to gode og frie piggsvin-mannar som skal ut og leve livet i det fri.

Enno to piggsvin redda! To er meir enn null!

fredag 1. april 2016

Eggebrød

Cloud bread!
Skybrød? Eller luftige eggebrød?
Vanskeleg å finne treffande namn på desse greierne her.
Men etter påska, med mykje smågodt, potetgull og anna digg, så vart augene fanga av denne oppskrifta. Ei så enkel oppskrift at sjølv EG kan lage det, og med berre 3 ingrediensar! Nesten ingen karbohydrater, lite kaloriar, glutenfritt – alt utan hevetid.
Einaste ein treng er egg, bakepulver og kremost. Eg brukte krydderost, for eg ønska dei skulle ha litt smak. Nei, det blir ingen omelett! Det blir eit slags brød, som ein har pålegg på! Men ja, dei smakar av egg sjølvsagt.
Og per stk (utan pålegg) er det berre 56 kcal!

Oppskrift:
3 egg
1 ts bakepulver
3 ss kremost

Eggekvita piskar ein stiv først. Rører så ihop resten av egga med kremosten. Bland forsiktig kremost-røra ned i eggekvita.
Legg 6 klatter med røre på eit bakepapir på steikeplata, og set dei i omnen i omlag 20-25 min på 150 grader og steik til dei blir gyllen brun.

 
Konsistensen blir veldig luftig, nesten svampete, og litt merkeleg å ete. Ingen tyggemotstand. Så her er det litt greit å ha litt godt pålegg på.

Rune åt 1, men leita så fram brødskivene igjen. Eg åt 2, og var fornøgd. Om det er fordi eg åt dei på trass veit eg ikkje, og om eg erstattar knekkebrøda eller grovskivene med dette i framtida er uvisst. Men som ein litt annleis variant var dette eigentleg veldig godt.
Magen protesterte ikkje heller, så det er kanskje noko i det at det er glutenfritt. Godt for magen min iallefall.

Sleng med eit bilete av deileg 2. påskedag frukost!
Vaflar av eiga 'oppskrift' og nyrørt bringebærsyltetøy med bringebær frå eigen hage.
Drømte heile morgonen om bringebærslusj i vaffelkorg(!) Så då måtte eg berre lage slikt til frukost.