torsdag 12. november 2015

Heksebrygg

Eg har siste 4 døgna vore plaga med "tjukk hals." Det vil seie at eg er tett i øyre-nase-hals seksjonen, har hovudverk og feberverk. Men utan å ha feber! Ikkje bryt det ut noko forkjøling eller influense, det berre plagar meg i lang tid. Dette har eg hatt fleire gongar i år også.
Så fekk eg eit tips av ei god venninne, Linda!


"Kjøp inn Coca Cola, ingefær og sitron!"

Ok, eg har vel faktisk aldri smakt ingefær, og visste knapt korleis det såg ut. (flaut)
Men eg handla inn og gjorde som ho sa:

Kok opp 1/2 liter coca cola (ikkje noko lettversjon av cola)
Det skal koke opp ilag med 5-6 skiver sitron, og 5-6 skiver ingefær 


Eg synes det høyrtes så fælt ut med ingefær, men fekk meg ein vekkar når eg skar i den, og kjente SITRUS-lukt!? Aldri trudd!
Men når eg tenker meg om så brukast no ingefær i te... Så burde vel visst det.

Når det var kokt opp, så lot eg det trekke i nokre minutt før eg ausa meg ein kopp med varm "Cola-te".






Dette var faktisk innmari godt! Overraskande godt!
Eg var sikker på at sidan det var til "medisinsk" formål, så måtte det smake pøkk, men det gjorde det altså ikkje!
Dette skal løysne opp tette nasar, hjelpe mot vond hals og vere godt for alt når ein er sjuk i øyre-nase-hals området.
Dersom ein har sår hals og hoste i tillegg skal det vere godt med litt honning oppi også.
Eg er ikkje sår, og har ingen hoste, så eg laga utan.

Om det virka?
Eg drakk denne eine koppen, og eg kjente at noko skjedde. Det løysna litt opp i systemet.
Men eg må vel kanskje drikke eit par til, og det skal eg gjere i kveld.
Eg er iallefall oppegåande enno!

2 kommentarer:

  1. Kjempegøy at du ville prøve det søtnos! Er vel mer effektivt på sår hals kanskje. Det funker som ei kule her i huset allefall.

    Love u❤️
    Linda

    SvarSlett
  2. Hei Linda! :)
    Klart ein på prøve dette! Ein prøver kanskje alt om ein er sjuk nok ;) Men eg kan ærlig talt sei at det virka! Om eg like godt kunne drukke te med sitron veit eg ikkje, men det gjorde iallefall godt for halsen min, og så smakte det godt også!
    Takk for tips!
    Love u too!! <3

    Alice

    SvarSlett