Dette er vesle Noelle.
Ei lita Voldafrøken som er så altfor lita for årstida.
Ein franskmann fann ho i Volda, og har hatt ho 1 veke hos seg. Ho legg ikkje på seg og et lite mat, og må få hjelp. Ho må ver innomhus i vinter og få mykje mat og kjærleik.

Eg henta ho torsdag ned på kontoret mitt. Der mata eg ho med våtfôr, bit for bit medan ho sat i handa mi. Ho var ei svolten og hissig jente! Smatta og slafsa i seg, medan ho poffa og bles.
For at ho her skal legge på seg så må ho nok matast ei lita periode.
Eg fekk lære ho å kjenne i 30 min, og fekk god kontakt. Nydelig jente som vi berre MÅ berge!

Så vart ho køyrt til Ålesund til ei kjempeflink fostermor som skal passe på ho i vinter og gi ho all kjærleik, tålmod og mat som ho treng!
Kanskje ho blir sett ut i naturen igjen i Volda etter vinteren?
Det hadde vore stas!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar